Hundeidvik- oversiktsbilde fra Solevågen

I frå dei fyrste tider og heilt fram til seint på 1700-talet var også gardane i Hundeidvik rekna med i Hjørundfjorden. Det gamle samhaldet mellom Hjørundfjord og Hundeidvik vart fyrst splitta av nye vegkrav i 1803.

Sunnmøre sorenskriveri

Sunnmøre sorenskriveri vart 2. november 1798 delt i Nordre og Søre Sunnmøre. Gardane i Hundeidvik fylgde då med til Nordre, men berre på papiret (Arkivregistratur i T. S. H. årgang 14-15 s. 30).

Vegkrav

Fyrst nye vegkrav i 1803 løyste dei gamle banda i skipreida. Det skulle byggast veg gjennom Søvikdalen i Ørskog (no Sykkylven). Styresmaktene godkjende at samtlege bønder i Ørskog soknekall skulle svare 24 skilling årleg til dette arbeidet. Det skapte då vanskar at dei 13 gardane i Hundeidvik, som låg i Ørskog soknekall, høyrde med til Hjørundfjord. Bøndene hadde til då vore med på vegarbeid for til dømes vegen over Bondalseidet.

Futen Ole Christian Bull vende seg til styresmaktene i skriv 12. februar 1803 med spørsmål om bøndene i Hundeidvik kunne få gje pengar som dei andre i soknekallet. Dette førde til at gardane gjekk frå Hjørundfjord til Valle skipreide, der Ørskog og Sykkylven høyrde til.

1. mars 1803 "miste" Hjørundfjorden gardane i Hundeidvika for godt. Det var då futen sette opp ei liste over dei i alt 26 brukarane og melde dei over grensa:

  • Tusvik 1 brukar
  • Våtmyr 1 brukar
  • Tu   2 brukarar
  • Svartebekk (med Leervaag) 1 brukar
  • Hatlemark 2  brukarar
  • Kurset 2 brukarar
  • Hovden 2 brukarar
  • Gjerde 1 brukar
  • Myrset 2 brukarar
  • Utgard 4 brukarar
  • Midtgard 4 brukarar
  • Hundeide 2 brukarar
  • Gjevenes 2 brukarar

Skiftet laga også rot i "rotedelinga". Det vart ein reduksjon av soldatar som skulle kallast ut frå Hjørundfjord. Berre to år før i 1801 var det tildømes ei opprørssak på Sæbø knytta til om utskrivinga til sjøetaten (marinen) og om det høge talet på utkommanderte soldatar var rett.Det var tøffe ord og krigsåra 1807 til 1814 var ikkje langt unna.

(Kjelde: Hjørundfjord Kultursoga - bind 1).

Zoom - Hundeidvika

Me fastslår at Hundeidvika og spesielt til gardane inn mot sjølve Hjørundfjorden - som Gjeveneset aller lengst i sør, reknar seg vel som ein del av Hjørundfjorden enn av Sykkylven åleine den dag i dag.

Sterk historie

Det er ei sterk historie me deler. Blant anna var det fram til 1803 ut frå Hjørundfjord at dei unge soldatane langs fjorden så vel som i Hundeidvika vart utkalla.

Fleire frå Hundeidvika har etter segnene også mista livet på veg til kyrkja den tid dei også slik høyrde til Hjørundfjorden. Blant anna har "Skafonna" fått namnet sitt etter å ha teke eit brudefylgje på veg heim ut til Hundeivika frå kyrkja lenger inne i fjorden.

Sjå også

Eigen portal om Hundeidvik