I Molaupsfonna i timane før raset går. Foto Bjørn Standal.Molaupsulykka 24. november 1971 krevde sju menneskeliv i ytre del av Hjørundfjord. Dette er ei av dei aller mest tragiske hendingane som har ramma dei små grendesamfunna her i nyare tid.

Av Eli Anne Tvergrov (justert 11.11.21 etter opprinneleg artikkel frå 19.11.12):
I mange år hadde gardbrukarane på Stavset og Ytre-Standal ført bukkane sine over fjorden for å halde dei unna geitene til paringstida kom. Ei løysing der bukkane var i garantert geitefritt men matrikt landskap.

Dei fleste åra hadde det gått greit å hente dei heim, men i 1971 vart der gåande att bukkar til Bjarne Stavset, Einar O. Standal (Nils-Einar) og Oddlaug Standal (Jakobgarden). Einar K. Standal (Bakke-Einar) hadde fått ned sine. Hausten 1971 kan huskast for eit godt og varmt ver, så fridomskjensla til en bukk som hadde både varme og nok mat i fjella vaks etter som tida gjekk. Det vart både oktober og november i forsøka på å få ned dyra.

Bukkane vil ikkje heim

Fleire hadde prøvd fånyttes - endåtil heilt i fjøra i Stokkelida hadde karane frå Stavset fått bukkane, men så stakk dei til fjells att. Truleg fyrste helga november reiser Ola Tvergrov (svigerson til Nils-Einar) og syskjenborna Otto Tvergrov og  Bjørn R. Bjørdal ut til Ytre-Standal for å hjelpe Bjarne Stavset, Nils-Einar og sønene Kjell og Olav med å få bukkane ned. Bjørn Bjørdal skildrar seinare at for både han og Otto Tvergrov som begge var oppvaksne på Bondalseidet var det eit sjokk å kome bort i fjellsida.

“Det var så uendeleg bratt. Same kvar vi stod rett opp og ned, var bakken framfor oss berre ei armlengd ifrå ansiktet”. Der det var så bratt heime rundt Bondalseidet, var det ingen som fann på å gå. Bjørn meinte som Otto:

”Her skulle det ikkje ha vore lov å ha dyr på beite”. Dei to var ikkje vande med slikt. Bukkane hadde vorte observerte. Dei stod på ei hylle langt oppe, nesten i høgste tindane, så det vart ei lang oppstigning.

Karane kom til eit lite platå og ovanfor var det berre svaberg imellom dei og bukkane. Dette såg dei som svært farleg å forsere.Dei fann ut at dei skulle prøve å gå opp og løyse dei, så kunne Ola og Bjørn liggje der og skyte dei når dei kom forbi. Så var det å finne ein som kunne klatre oppetter svaberget. Bjarne Stavset ville prøve. Forsiktig klivra han seg oppover, men kom i trongsteg. Same kor dei ropte gode råd til Bjarne kom han seg ikkje lenger. Det var ikkje noko å seie på heller, for Bjarne var ingen ungdom. Det var istaden Bjørn som la i veg oppover heilt opp under der bukkane stod. Bjørn ba om å få skyte dei der, men fekk nei. Nils-Einar roper istaden til Bjørn at han skal flytte seg litt lenger opp slik at han løyser bukkane nedover for då kan Ola skyte dei der i litt lettare terreng.

Bukkane gjorde som tenkt og sprang brått nedover mot Ola med geværet. Men ingen skot vart løyst til Bjørn si store undring. Så smell det eit einsleg skot. Bukkane spring nedover der karane hadde klivra på alle fire. Dei forsvinn så lett ned i gjelet og opp på andre sida som det skulle vere på flat mark. Vekk var dei! For karane var det berre å kome seg heim, skuffinga var stor. Då Bjørn kom ned til Ola fekk han sjå at Ola hadde mista framsiktet av geværet. Det var derfor han ikkje skaut (ei fortviling då og seinare som vart ufatteleg vond). Karane kom heim heile, men greidde ikkje det dei hadde reist bort for.

Siste sjansen

Før raset - på veg innover mot Ytre-Standal. November 1971. Foto Bjørn Standal.Snøen kom og det tok det til å verte kritisk for bukkane. I middagstida tirsdag 23. november såg Nils-Einar bukkane oppe i enden av det djupaste gjølet av Molaupsfonna.

Neste dag var véret lettskya, slik det hadde vore nokre dagar då, med ein synnabris i lufta. Bjarne Stavset, Nils-Einar og sonen Olav saman med Bjørn Standal frå Strandabøgarden på Ytre-Standal tok ut motorbåten rundt halv-ti på førmiddagen og reiser over fjorden. Egil Standal, eldsteguten frå Jakobgarden, er for ung og får ikkje vere med. Ingen hadde snakka om fonnfare, utan Edvard Stavset, som nemde at han ikkje likte luftdraget. Bjørn tok med fotoapparatet sitt.

Dei hadde tenkt å gå oppover Molaupsnakken, men djupsnøen hindra dei. I gjølet hadde fonna tidlegare gått, og dei vart enige om å prøve fonnbreden. Novemberdagen var kort, og det var høgt opp til bukkane. Breden var god å gå, og dei kom fort opp dit bukkane stod. Ein var daud, men dei andre var i bra form. Rett nok hadde ein av bukkane eit ferskt kulehol gjennom eine hornet...

Ved hjelp av tau fekk dei med seg dei fire som levde ned på fonnbreden. Om det vart sagt eller berre tenkt at dei no burde gå Molaupsnakken er usikkert. Bjørn tok nokre bilete av karane og av den storslegne naturen. Det var då framleis lettskya og god sikt. Like etter kom der ei kraftig vindbyge. Dette vart den fyrste karane merka der inne dei held seg. På toppane hadde det nok då vore godt med vind ei stund.

Fonnbreden var noko ujamn og holete og det er bratt nedover.Bjørn er bak dei andre og han har augene på Einar og Bjarne. Dei arbeider med to av bukkane som hadde kome ned i eit hol som dei skulle få dei ut av. Olav startar så vidt vidare nedover. Han har med seg den døde bukken og har ein annan bak seg i tau. Så ser Bjørn at det blir så kvitt over hovudet på Olav. Han roper:

”- No kjeme fonna!”

Dei andre ser det same som Bjørn. Snøen kjem som ein jamn foss ned frå eit sidegjøl i sør. Dei skimtar Olav, men så vert det berre kvit røyk. Så er han vekk.

Dei står som forsteina. Bjørn meiner at om Olav hadde vore berre ti meter lenger oppe, då hadde han gått klar fonna frå sidegjølet.

Raset er ikkje så stort, men Olav får snømassane over seg.  Alt går så fort!

Bjørn fortel at Olav var i eit tau og han tek tak i dette. Fyrst er det slakt, så blir tauet stramt og så blir alt stilt.

Der tauet forsvinn ned i snøen startar dei å grave med hendene så raskt dei maktar. Men dei har ikkje noko å hjelpe seg med. Snøen er så laus! Den berre renn nedatt i hólet mest etter kvart som dei grev. Saman med snøen ligg det også tjukke istappar. Dei kjem seg ikkje djupt nok.

“- Det var som sukker”, sa Bjørn til borna sine seinare.

Far til Olav seier: ”- Dette klarer vi ikkje åleine, karar. Vi treng hjelp, både av folk og av reiskap”.

Bjørn legg på sprang ned gjølet. Klokka skal ha vore nærare 14.00. Han stoppar ikkje før han kjem til det gamle fråflytta Molaupstunet. Der finn han ei gammal oljehyre (regnjakke). Nede på sjølve Molaupshammaren viftar han med oljehyra og håper inderleg at dei ser på andre sida av fjorden. Det er enno svakt dagslys. 

Så kjem også Nils-Einar. Han har tatt det tunge valet å gå frå eldste sonen sin. Bjarne er i gjen der oppe. No tek han med seg Bjørn og han legg frå land for å krysse fjorden. Det vart ikkje sagt mange orda. Faren trur ikkje det er stor bergingsvon for sonen. Nils-Einar seier: “No har du mist ein god ven, Bjørn”.  Då dei kom til lands, kjende Bjørn seg svært uvel. Bakke-Einar var då komen til sjøs, og han fylgde Bjørn og såg han i hus. I Sjøbrauta møtte dei Ragnhild, mor til Olav, og fekk fortalt henne kva som hadde hendt.  Det bles.

Vaktsame auger på andre sida av fjorden

Folket her langs fjorden har alltid prøvt å fylgje med dei som var oppi markane for å leite etter krøter. Slik også denne dagen. Ragnhild held auge med mann og son i kikerten då dei landa, vidare innover Molaupshammaren og oppi skogen utafor Molaupsfonna. Der miste ho dei av syne lenge. Ho heldt auge med Molaupsnakken og krattskogen der. Så oppdaga ho karane inne i sjølve gjølet. Då hadde det teke til å blåse og fyke, så det vart verre å fylgje med. Best det var såg ho ein kar kome springane nedgjennom gjølet, og litt etter stod han og vifta med ei trøye utmed Molaupshusa. Etter ei stund såg ho båten legge ut frå Molaupen. Då bles det friskt. Ragnhild ringde på Bakkane til Einar, og sjølv om han ikkje var bra i ein fot, tok han straks nedover til sjøen.

På Stavset hadde Signe Stavset bestemt seg for å fylgje med næraste naboen og dei tre frå Ytre-Standal. Ho hadde opplevd det same som Ragnhild: Karane vart vekk i skogkanten og ikkje å finne att oppå Molaupsnakken. Ei stund etter såg ho dei øvst i gjølet. Ho meiner å huske at det fauk av toppane då. Ei tid etter hadde foket vesna, mest så det kunne minne om ei fonn. Så såg ho mannen som kom springande, og som tok til å vifte med ei trøye utved husa.

031271-Sunmørsposten-REdningsmannskapiarbeid

For ikkje å skreme dei uti Standal som hadde der folk, ringde ho til Margit Standal i Olagarden, og ho såg det same. Då ringde Signe til postopnar Bernt Standal på Store-Standal, som igjen ba henne ringje Ragnvald Bratheim, sidan han hadde motorbåt. Kona Synnøve tok telefonen. Ho lova å vinke Ragnvald, som drog liner borti fjorden, til lands. Med det tok redningsarbeidet så smått til å kome i gang.

På Ytre-Standal gjekk Oddlaug Standal i Jakobgarden nedpå kaia. Straks ho fekk vite at Olav var teken av fonna, ringde ho lensmann John Riise. Då Ragnhild fekk fleire opplysningar med mannen sin om kvar Olav låg, ringde ho også lensmannen og fortalde han det. Han lova då å organisere redning. Nils-Einar skifte berre klede og drakk noko varm mjølk før han sette av garde til sjøs att. “Det er så mangt me menneske lyt tóle”, sa han. Så la dei to syskjenborna, Nils-Einar og Bakke-Einar, i veg over fjorden. Ragnhild ringde fyrst yngste sonen sin Kjell Jon på 25 år og fortalde kva som hadde hendt.

Norvald Standal si historie

No avdøde Norvald snakka lite om det som hende men letta litt på dette i boka til til Arvid Møller i 1986 ”Den farlege Naturen”: Norvald fortalde at den fyrste meldinga kom til garden over telefon frå Stavset. Han treiv oljekleda, sprang inn og varsla foreldra før han skunda seg til kaia.

Lise, kona til Bernt Standal, varsla mannen sin at noko var gale fatt bortpå Molaupen. Bernt treiv også straks oljekleda og sprang til kaia på Store-Standal. Der låg alt Ragnvald Brattheim klar til å reise over. Bernt og Karl Standal var også komne. Karane ville ikkje vente på fleire. Då dei for utmed land, vinka Synnøve dei oppunder. Ho hadde fått vite at Olav låg i snøen oppi Molaupsfonna der fleire gjøl møttest. Synnøve hadde med spader til dei.

“Det er ein stygg plass”, sa Ragnvald, og dei andre var samde. Dei kjende staden frå då dei var med på å bygge høgspentlina.

Det bles sør-vest. Vått og stritt. Det sludda og regna, stiv kuling gjorde det vanskeleg å manøvrere båten Komne til Molaupen oppdaga Norvald at han hadde gløymt vottar, og ingen hadde reservevottar heller. Litt etter kom også Einar´ane, og karane tok i veg oppover alt etter kondisjon.

”Vil de leite etter han Olav, karar, er det svært” sa Nils-Einar. Så la han til:

”Eg vil ikkje at de skal.” Norvald fortel i boka til Møller at dei var klar over at dette kunne verte farleg. Tretti centimeter blaut nysnø hadde lagt seg, kulingen hylte innunder brattfjellet. .... Men det var aldri spørsmål om å snu.

Bernt sakka etter. Innved gjølkanten traff dei Bjarne Stavset. Han hadde rømt ut av gjølet, då fonna hadde gått to gonger etter at ho tok Olav. Karl meinte det var dårleg vér å fare på bukkeleiting i, og Ragnvald såg også alvorleg på situasjonen.

“Her gjeld det liv”, sa Bjarne, og meinte dei måtte prøve. Nils-Einar vona fonna hadde tømt seg, sidan ho hadde gått i alt tre gonger. Det var dårleg stelt med knivar, men karane fekk likevel laga seg ore-stenger til å søkje med. Då dei gjekk opp gjølet vart det av og til slikt drev at dei knapt visste om det var rennefók eller fonnvind som møtte dei.

Komne opp til ulykkesstaden, såg dei ferja nedpå fjorden med meir leitemannskap. Bernt snur ned for å informere. Det tok til å verte mørkt. Bakke-Einar stilte seg noko ovanfor dei andre som fonnvakt.

”Kjem fonna, finst det berre ein einaste måte å overleve på”, sa han.

”Innunder berget er det som ei bukt. Kjem vi oss dit, kan det hende vi får puste sjølv om fonna dekkjer sjølve gjelet. Norvald fortel at dei grov som desperate to og to rundt der tauet gjekk nedi breden. Det vart så djupt ned at nokre måtte skuffe unna den oppmoka snøen. Dermed vart det nokre haugar og holer rundt om. Så tok dei til å høyre lydar, men det var uråd å avgjere om desse kom frå folk eller dyr. Kanskje var det bukkane som låg nedi der? Einkvan ropa i halvmørkret at dei var galne som dreiv på slik, men dei arbeidde berre vidare. Bakke-Einar kom nedover og sa at det var mest uråd å sjå kva som var snøråk eller fonn men no ville dei få lydane oppklåra.

Då kom dei nedpå ei hand! ”Det er han Olav”, ropte Bjarne som stod ved sidan av Norvald. Olav låg om lag ei mannshøgd nede i  breden. Stor vart gleda mellom dei som leitte, og alle kom nærare hola. Ikkje minst verka det på Nils-Einar, som trudde han hadde mist sonen sin. Sivert la seg ned og grov med berre nevane.

”Det er fort gjort å skade han om vi bruker spade no, karar”, sa han. Alle tre grov så med berre hendene og fekk armen hans fri opptil skuldra. Dei høyrde at Olav pusta tungt. ”Det er liv i han”, sa Sivert. Olav hadde vore under snøen i tre timar.” Det rykte i handa han fleire gongar medan vi prøvde å frigjere hovudet hans”, fortel Norvald.

”No kjøm ho!” Bakke-Einar skreik i bratthenget over oss. Alle kasta seg rundt og prøvde å kome seg bortunder fjellveggen eller ned gjennom gjølet, men dei hamna berre ned i ei anna hole. Norvald kjempa for å få til å sitte med bøygd nakke. Han ville ikkje at snøen skulle pakke seg framføre ansiktet, eller at han skulle bli vridd og kome over på rygg eller mage. På nokre sekund pakka fonna seg ikring, og han vart klemt under våt, tung snø. Alt vart mørkt. Og stilt.

Norvald kjende at Bjarne vart slengt inn mot føtene hans. Sivert låg på andre sida, med føtene mot han. Den eine foten hans støytte mot støvelen min. Det var ikkje råd å røre så mykje som ein finger.

Det vart ikkje mange orda dei veksla medan dei låg slik i stupande mørke under eit par meter med snø. Men det var liv i dei alle tre. To gonger forstod dei at det gjekk ras over dei. Ristinga i snømassene fortalde det. Sivert klaga over at han fraus. Han var tynnkledd. Norvald hadde sydvest og snøen reiv og sleit kraftig i reima under haka Det vart meir og meir vondt å puste.

- ”Det gjeld å bruke minst mogeleg av pusten no, Norvald”, sa Bjarne inne i snømassane ein stad.

- ”Vi får puste sakte og tungt, det er einaste måten å berga livet på, trur eg”.  Panikken heldt på å ta Norvald no. Men Bjarne var roleg. No etterpå skjønar eg at det betydde mykje. Sivert óg var roleg, men han låg lenger bote og det var vanskelegare å høyre kva han sa.

Etter kvart stilna samtalen av. Norvald forstod at kameratane hadde slokna. Så var han åleine med bøn om liv på leppene.  Norvald konsentrerte seg om å puste jamnt. Han tenkte på den jamne pusten til hunden heime ein solskinsdag. ”Etter kort tid vart Sivert still, men eg og Bjarne held kontakten i to, kanskje tre-fire timar. Så slutta han også å svare.

- "Eg høyrde lydar som om Sivert vart køyvd".

Tre fire-timar seinare høyrde eg dei same lydane frå Bjarne før det vart heilt stilt. No visste eg at eg var den siste av oss som var i live. Ei stund seinare høyrde eg atnokon gjekk på snøen over meg. Seinare er det blitt meg fortalt at Kjell Standal hadde vore på den flekken innunder berget der eg og dei to kameratane min låg. Men så kom ein ny fonn og Kjell måtte springe for å berge livet.

Det vert verre og verre å puste og det var ikkje råd å flytte hendene. Eg bad om å ikkje måtte døy så ung, bad om at eg måtte få sjå at dei heime. Og Kirsti, som var førskulelærer på Ås og som ingenting visste om at eg låg under snøen. Norvald hadde til slutt ikkje kjensle i føtene, fingrane vart borte, hendene også. Rundt han var alt stilt. Dei som låg inntil han varma ikkje lenger. Norvald seig lenger og lenger ned med hovudet. Han vart meir og meir krøkt. Sydvestreima stramma slik at han i alle år etter kunne kjenne kor vondt det var der den låg og gnog time etter time. 

Frå si eiga berging hugsar Norvald berre ei mengd med ansikt over seg og svarte fjellveggar rundt. Då hadde han vore cirka 17 timar under snøen. Norvald fortel at han må ha vore medvitlaust mykje av natta. Han huskar ikkje stor anna enn at han håpa å verte berga. Naboguten Per Standal frå Store-Standal var den som børsta snøv av ansiktet hans. 

- “ Du veit, ein håper jo i det lengste laget”, sa han til journalisten som intervjua han der han låg på sjukehuset i dagane etter.

Norvald sleit med mareritt. Han drøymde at han møtte att dei som mista livet og at dei skulda han for at han sprang frå dei då fonna kom.

- ”I allefall tre av karane la på sprang nedover då vi høyrde at fonna losna. Eg veit det. For eg såg det....”, seier han i boka til Møller.  Norvald fortel der også at han stadig kvapp når han høyrde uventa lydar. ”Brølet frå fonna, skal nok få fylgje meg natt og dag så lenge eg ruslar mellom husa på Store-Standal”.

To år etter raset gjekk, tok han færingen over og gjekk opp i gjelet der fonna gjekk. Han var åleine. Norvald ville få tragedien ut av sinnet men greide det ikkje.  Fonna kom etter han , kver enn han gjekk. Norvald tenkte kvar einaste dag på det som hende den hausten, men snakka ikke om det anna enn den eine gongen i boka. Likevel ga han ei klar formaning til dei to sønene sine: ”Kjem eit snøras må dokke snu mot fonna. Bruk armane som eit skjold - lag som ei bue framføre ansiktet som vern -  for å skape luftlomme!”.

Kjell Jon Standal si historie

Kjell Jon Standal snakka også lite om hendinga i etterkant og bles hendinga helst litt bort om den kom på tale. Men me i slekta har fått nøda av han litt av historia og han har vore intervju to gongar om saka. Det er dette skildringa til Kjell som døde i 2007 er basert på: 

25-åringen kasta straks frå seg arbeidet på Humlen Industrier då han litt etter klokka 14.00 fekk høyre at den eldre broren Olav på 29 år var teken av fonna. Kjell nådde så vidt ei ferje på Sunde og kom seg heim. Der fekk han skifta klede og var klar til å reise over fjorden. Jon Ivar Saltre, Reidulv Bratheim og Albert Aarsnes stod alt på kaia på Ytre-Standal og venta på ferja som kom over frå Molaupen for å hente fleire. Ferja hadde gått frå Trandal til Molaupen med Sivert Jon Nes, Jan Storeide og Gjetmund Trandal. Klokka kunne vere rundt 16.00 då ferja drog over til Molaupen att frå Ytre-Standal.

Kjell var i bra form og sprang frå dei andre. Han la i veg opp etter gjølkanten. Han skimta mørke skuggar på breden, kanskje hundre meter unna. I etterkant veit vi at dei andre i denne stunda akkurat har funne Olav. Det fauk stygt, og så kom fonna!

Kjell berga seg innunder ein bergnabb. Han var enno såpass langt nede at berre noko fonnbrede og fok fór forbi han. Han tenkte ikkje risiko lenger som einaste augevitne til katastrofen. I ei desperat handling tek han seg vidare oppover. Det berre måtte være slik.

Kjell ropte der han sprang. Brått høyrde han svar. Det var Jan Storeide som sat fast med snø om lagt til beltes. Eit tau rundt livet stramma så hardt at det var uråd å få av han. Kjell hadde ikkje kniv, og kor han enn grov med hendene, greidde han ikkje å rikke Jan. På spørsmål om kvar dei andre var, peika Jan på skrå oppover. Kjell sprang ei lita runde for å sjå om der fanst livsteikn, men det gjorde det ikkje. Han prøvde enno ein gong å hjelpe Jan utan å lukkast. 

Då går fonna igjen! Jan og Kjell var begge nokså nært innunder fjellveggen, men fonnbreden ville no også aure Kjell ned. Den unge mannen arbeidde desperat med føtene og trødde snøen for å halde seg øverst. Likevel stod han med snø oppunder armane då fonna roa seg. Det vart berre så vidt Kjell kom seg laus (og kjensla av å sitte fast for så å vere fri bar han med seg resten av livet...). Jan var no heilt dekt av snø, men Kjell fekk grave ein gang - som ei trekt - inntil ansiktet hans. Då var det berre å kome seg derifrå.

Bernt Standal og Jetmund Trandal, dei to eldre karane som sakka etter dei andre på veg opp var no eit godt stykke lenger nede og på sida av fonna. Dei stod som forsteina, såg fonna kome og framføre eit menneske! Kjell var det som sigla og sklei i laussnøen i front av fonna. Så sakkar snøen etter, og der kom Kjell uskadd mot dei! Noko slikt hadde dei to gamle fjellvandrarane aldri opplevd før. Det var ein ulykkeleg gut som fortel kva som her hendt der oppe, og at alle ni sikkert er døde. Dei snur. 

Nede på gjølkanten stod fleire menn frå fjorden. Den vesle flokken tek seg ned til sjølve Molaupen. Dit ein stad rett etter klokka 18.00 kjem dei frå hjelpekorpsa i Ørsta og Volda saman med frivillege samt brannsjef, kommuneingeniør og lensmannsbetjent frå Ørsta.

Det vert koordinering frå Molaupstova. Frivillege - ni frå Volda sitt hjelpekorps og to frå Ørsta sitt saman med fem frå fjorden og Kjell skal oppover i terrenget. Dei deler seg i to grupper. Ei gruppe med sju mann skal ordne transport og opprigging av lysaggregat. Den andre gruppa med Sigurd Egset går opp Molaupsnakken i høgde med ulykkesstaden for å høyre etter livsteikn. .

Sigurd Egset veit at dei avgjerslene han tek, kan føre til at fleire liv vart sett i fare. Fleirtalet er heilt innstilte på å gjere noko for dei som var under snøen. Det går heile tida mindre fonner. Men det er no at den som har aller størst grunn til å gå inn, Kjell, seier frå. Han meiner at situasjonen er for risikabel og dette gjer at Sigurd og dei andre tek avgjerda om å snu. Sigurd rosar seinare Kjell Jon som her fullt ut tok sitt ansvar for vurderinga av faremomenta. Lensmannen via radiosambandet støttar fullt ut avgjerda. Så veit vi andre at dei som var under snøen og som overlevde høyrde fonnduren over seg fleire gongar denne natta, så ingen treng i ettertid tvile på at fonnfaren var verkeleg nok. Då klokka er 21:30 er dei nede igjen, dei fleste våte til skinnet.

Kjell veit, men deler ikkje dette med dei andre, at han no med stor sannsynligheit har mista både bror og far oppe i fjella. Han fortel seinare at Jon Ivar Saltre berga livet hans fordi han passa på då han var på sitt mest desperate. 

Kjell kjem seg over fjorden saman med dei andre og huskar å ta med den tome båten til Nilsgarden heim. Under ein tur til Barstadvika etter utstyr, såg Kjell at det kom ekstraferje frå Sunde med klatrarar. På natta i eitt-totida reiv det noko i skylaget, og veret letna. Kring tre-tida låg ein båt klar ved kaia for å ta over leitemannskap. Kjell kom då ned og forklarte kvar dei skulles søkje. Kjell ville over, opp for å leite endå ein gong, men lensmannen nekta både han og svogeren Ola Tvergrov dette. Familien og staden var hardt nok råka!

Jan Storeide si historie

Jan Storeide (23) saman med faren Karl Storeide har fortalt histora slik dei opplevde den gjennom blant anna boka “Den lange natten” som kom ut i 1978 og fleire intervju: Telefonmeldinga kom frå John Rise i Ørsta i tretida på onsdagen. Raset var gått ved Molaupen ein stad, høgt oppe. Jan sprang avgarde og det same gjorde Gjetmund "Jeppen" Trandal og Sivert Jon Nes. Dei rekk så vidt ferga. Framme på Molaupen når dei att nokre av karane frå Store-Standal som sette dei inn i situasjonen. Sivert og Jan var dei sprekaste og la i veg oppover bak Norvald, Nils-Einar, Bakke-Einar, Ragnvald og Karl. Karane var alt på veg opp dit Bjarne ventar og Olav ligg under snøen. Jetmund på 59 år og Bernt Standal på 65 år klarte ikkje å halde følge.

Kor lang tid dei brukte opp veit ikkje Jan, men han hadde blodsmak i munnen då Sivert og han skimtar folk i arbeid på snøen i juvet. Undervegs har dei også møtt ein av bukkane i live. Det går ras mellom dei to karane på veg opp, men dei når høgda der dei seks andre no står å grev i snøen. Ein av bukkane er funnen død.  Jan og Sivert skal grave litt lenger nede enn dei andre. Ikkje lenge etter kjem det eit gledesrop frå Nils-Einar 

- “Her ligg han!”

Sivert kom seg fyrst opp av holet som dei to har grave, og Jan var berre så vidt opp på kanten. Jan høyrer dei andre rope og huie av glede.

- “Han lever... eg ser ryggen hans lear seg!” Det er far til Olav som ropar i vinden. Idet dei skal løfte opp Olav tordnar det gjennom stormen igjen. Fonna kjem over fjellkanten over dei.

- “Eg hugsar at vi var samla alle ni mindre enn 10 meter frå kvarandre. Så vart spada mi slått ut av handa, før eg fekk sukk for meg. Eg kasta meg inn til fjellet, halvt liggande, halvt ståande”, fortel Jan i boka si. Han håpar at fonna skal renne seg tom, men det kjem berre nye fonner som perler på ei snor. Snart står han med snø til livet. Tauet rundt livet strammar voldsomt. I den andre enden, berre fem-seks meter unna var Sivert under fonna. Jan kom seg ikkje laus. Nye og mindre fonner gjekk stadig vekk. Snøen vaks over magen, brystet og når han til munnen. Han står bom fast.

Det er då han ser Kjell Standal kome i stor fart oppover aleine på den livsfarlege fonna, medan han ropar gjennom uveret: “Faar - Olaav - karr er dokke alle!”

Jan svarer og Kjell kjem til. Han forsøker å fri Jan frå snøen. Kjell legg seg på kne og grev vekk snøen rundt Jan sitt hovud med hendene. Rundt dei går det stadig ras. Kjell når tauet rundt livet på Jan. Han får ikkje opp knuten. Det drønna då frå ei ny fonn, men ein smal fjellknaus berga dei to. Jan står igjen med snø heilt opp til munnen. 

- “Du veit eg ville berge deg, Jan om det var en sjanse. Men eg greier det ikkje aleine uten spade!” ropa Kjell fortvila. Avgjerda vart å hente meir hjelp.

- “Du veit vi kjem igjen”.

Det siste Jan ser til Kjell er då han gir seg til å springe nedover den bratte livsfarlege skråinga. Jan såg Kjell springe føre neste fonna og han er sikker på at Kjell tapte kappløpet.

I boka si frå 1978 skildrar Jan vidare den forferdeleg kjensla då han høyrde at drønnet frå fonna vart svakare og svakare og han forsto at tjukke snølag la seg over han. Men han var medviten heile tida, og då snøen etter kvart smelta kring om kroppen vart det ikkje så vanskeleg å puste.

Jan brukte lang, lang tid men klarer til slutt å lirke lua han tidlegare hadde teke av seg ut av lomma og opp på hovudet. Beina låg forvridde og etter kvart merka Jan at dei visna vekk. Smerter i hofta heldt han heldig noki vaken, men dødsangsten kom også sigande. Jan ville ei stund berre sovne vekk frå alt, men etter kvart fekk han nytt mot og meinte at det måtte vere råd å kome ut av snømassane på ein eller anna måte. Heile tida høyrde han fonnene drønne langt borte.

- “Det verka som dei var fleire mil vekke, enda dei var berre nokre meter over hovudet mitt”, skildrar han. 

Tida gjekk også med på å drage i det forbaska tauet han hadde rundt livet, men det sat sjølvsagt fast.  Då han høyrer lavinehunden trur han det ikkje. Han hadde ropt heile natta og gitt opp håpet om redning. Ikkje visste Jan om det var natt eller dag fordi lua var dregen nedover augene hans. Like etter høyrer han ei stang vert stukken ned gjennom snøen fremføre ansiktet hans. Jan klamrar seg fast i stanga av all makt. Like etter høyrer han lyden av mange spader som grev. Så er han oppe i dagen!

Redningssentral i Strandbøgarden på Ytre-Standal

Strandabøgarden på Ytre-Standal - foto fra kaia. Fotograf ukjentLensmann John Riise leia aksjonen frå stova i Strandabøgarden. Han stod i radiokontakt både med basen i det gamle huset som stod att på Molaupen og redningskryssaren “Skomvær II”. Frå redningskryssaren hadde ein samband vidare med leitemannskapa oppe i fjellet. Slik vart det formidla meldingar til og frå dei. Kraftlina som går over fjorden gjorde radiotilhøva dårlege nett her.

I redningssentralen til lensmann Riise samla det seg etter kvart ein heil del folk som fylgjer utviklinga på andre sida av fjorden med største spaning. Dei såg lysa som rørte seg oppe i fjellet, og høyrer på radiomeldingane om utviklinga. Denne nære kontakta med det som skjer, samstundes med at ein sit på makteslaus avstand skildrar Sunnmørsposten sin journalist som ei skjerande spaning som kanskje dei som var med i det aktive redningsarbeidet vart skåna for.

På Trandal går Karl Storeide fram og tilbake på vegen og ser etter lys. Ei einaste lita stjerne som kunne fortelle han at det gjekk mot klarvér og frost, slik at leitinga kan fortsette.

Etter å ha vorte tilkalla av lensmannen og etter ei lang ferd i bil og med ferge tek fem fjellklatrarar frå Molde og Åndalsnes seg oppover Molaupsnakken så snart dei er framme ut på natta. Trass mørkret finn dei ei lagleg hylle å kome seg nedi gjølet etter nær ulykkesstaden. Klokka to på natta set dei opp ei ei ca 40 meter lang line og sikrar med boltar på skrå ned etter det steile fjellet. Slik vert det mulig for dei andre å ta seg ned. Så var det å vente på dagslyset, slik faren for nye ras kunne vurderast.

261171-Sunnmorsposten-SnoggredningsaksjonbergalivDå leitemannskap og lavinehund tok i veg frå Molaupstunet rundt fem-tida om morgonen, finn dei staden sikra av fjellklatrarane. Ei stor samling av hjelpekorpsfolk frå Ålesund, Ørsta og Volda forutan bygdefolk kunne arbeide side om side. Blant desse er for eksempel brødrene Sveinung og Jarle Flo. Søster deira Eli er gift med Karl Standal Han er ein av dei som ligg under snøen. 

I redningssentralen i Strandabøgarden tek husvertinne Anna Standal sine grep. Ho ordna med kaffi og serverer kaker så å seie i eitt sett gjennom redningsaksjonen. Nabokvinner hjelper også til på sitt vis. Ruslande att og fram med hendene i bukselommene går 25 år gamle Kjell. Han har berga livet, men har mista både bror og far. Han gir råd via lensmannen heile natta gjennom om kvar redningsmannskapa skal leite.

Mellom klokka halv ni og ni kom den gledelege meldinga over fjorden at Jan Storeide var funnen i live. Om lag ein time etter - ca femten meter lenger oppe - kom det ei liknande melding om at Norvald Standal óg var framgraven i live. Per Standal frå Store-Standal var den som børsta snøv av ansiktet til Norvald etter å ha grave saman med ein til på staden inn mot fjellet. Han fortel at Norvald, Sivert Jon og Bjarne truleg låg berre ein meter nede i snøen. Han trur Norvald held seg så lenge i live fordi han var i midten og slik mindre i kontakt med snøen denn dei to andre.

Dei to som overlevde vart straks frakta til Ålesund sjukehus med helikopter. Håpet steig no ettersom hund og gravemannskap arbeidde. Det kom også dessverre forvirrande meldingar dei neste timane om at fleire var funne i live. Ingen av desse held seg oppe.

Då aksjonen vart avblåst klokka 16.00, var sju bårer med omkomne på veg ned. Likevel var det ei stor lette mellom folk at alle var funne.

Lensmannen

Alle involverte og ikkje minst media som var tilstades var imponerte over den omtanke og ro lensmannen viste der han stod med kikkerten i eine handa og walkie-talkien i den andre og leidde aksjonen i 26 timar i eitt strekk. Forsyningar skulle skaffast til veges. Hundre ekstra brød, ertersuppe og pølser i varme-containarar. Tørre polvotter og raggsokker til redningsmannskapa. Han sjølv ville ikkje ha så mykje snakk om dette i ettertid. Lensmannen ville heller trekke fram det  gode team-worket mellom  grupper som aldri hadde øvd saman.

Ekspertgrupper kvar for seg og heilt avhengige av kvarandre. Samband, fyrstehjelp, lavinehund, fjellklatrarar, båremannskap. gravemannskap, forsyning og transport.  Rundt 100 mann med smått og stort deltok i bergingsaksjonen i følge Sunnmørsposten.  Gløymast skal heller ikkje mannskapet på Hjørundfjordferja, på kommunebåten og på redningskryssaren Skomvær II, som frakta redningsmannskap til og frå Molaupen.

Forside Møre nytt 27.11. 1971

Dette vart på fleire vis ein av dei raskaste og mest vellukka redningsaksjonane som nokon sinne hadde vorte organisert. Sunnmørsposten skildrar fredag 26. november at det var fantastisk at redningsmannskapa kunne finne dei ni mennene på dei timane det var lyst dagen før. Jornalisten var djupt imponert over både fjellklatrarar, hjelpekorspfolk og bygdefolk.

- “Det står den største respekt av denne innsatsen under tilhøve som ikkje kan karakteriserast som anna enn direkte livsfarlege”.

Den unge presten

271171-SA-Minnegudstjeneste vesle Jostein Kvistad ser mot kameraOttar Berge, den nye soknepresten i Hjørundfjord gjekk inn i den ekstreme oppgåva han her fekk på imponerande vis. Det var ikkje lite han rakk over frå fyrste stund onsdagen 24. november, gjennom natta, for så å måtte bringe den harde bodskapen til dei pårørande.  “Eg vart møtt med ein tung men verdig sorg. Aldri har eg møtt folk som så verdig ser skjebna rett i augene”, sa han til journalistane nokre få dagar etter.

Ottar Berge utførde her nybrottsarbeid omkring det  psykososiale for mange av dei pårørande. I 1971 var ikkje slik hjelp inne som del av noko profesjonelt offentleg system. Presten var der då resten av samfunnet gjekk vidare.

Dei omkomne

Dei døde vart tekne ombord på Skomvær II og førde til bedehuset på Sæbø.  Ei veke etter den tragiske ulykkesdagen, onsdag 1. desember klokka 13.00, vart dei omkomne gravlagde ved Hjørundfjord kyrkje:

  • Einar O. Standal f. 1907 64 år, gift. Tre vaksne born mellom desse sonen:
  • Olav E. Standal  f. 1942  29 år, forlova.
  • Bjarne Arnvid Stavset  f. 1922   49 år, ugift.
  • Einar K. Standal f. 1924 47 år, gift. Seks born i alderen 19 år og nedover.
  • Sivert Jon O. Nes    f. 1938   34 år, ugift.
  • Karl A. Standal       f. 1931   40 år, gift. Tre born i alderen 9 år til 3 ½ år
  • Ragnvald B. Bratheim       f. 1912    60 år, gift. Fire 4 vaksne døtre

Kondolansetelegram-regjering-bratteli1.200-1.400 menneske fylgde dei omkomne til grava. Over 300 kom til Sæbø og Hjørundfjord kyrkje med ekstra oppsett ferge.  På Solavågen (Sunde) kom dei fyrste med. Ferja gjekk inn Hjørundfjorden med flagget akter på halv stang. På tre kaier stod dei stilt og venta på skyss til kyrkja, gamle og unge.

Sokneprest Ottar Berge innleia gravferdshøgtida. Truleg ei god og nødvendig støtte for han er det at mangeårig prest i Hjørundfjord Olav Ekeland også deltek. Det var gamlepresteen som held preika.

“Vi er ikkje komne saman i høfleg medkjensle idag. Hjørundfjordfolket har alltid vore som ein stor syskjenflokk. Idag tek vi farvel med sju av våre brødre. Det høyrer med her inne å leve med livet som innsats. Og så takkar vi Gud, for dei to som kom frå raset i live”.

 Under jordpåkastinga ute deltok også prosten i Søre Sunnmøre prosti Martin Haga frå Volda. Det vart lest opp tre spesielle kondolansetelegram: Frå H.M. Kong Olav, frå biskop Per Juvkam og frå Regjeringa ved statsminister Trygve Bratteli.

Kongen

kongenI sin tale til det norske folk i radio og fjernsyn nyttårskvelden 1. januar 1972 kom H. M. Kongen inn på raskatastrofen i Hjørundfjorden. Han ga uttrykk for kjenslene ulykka på Molaupen skapte med desse orda: - “Vi lever i et land med en barsk og hård natur. Den lar seg ikke påvirke av konjunkturer eller andre materielle ting, men er og blir uforanderlig og av og til en nådeløs utfordring overfor de mennesker som lever i dens midte. Jeg vil på denne årets siste aften sende en varm tanke til de etterlatte etter den grusomme skredulykke som nylig hendte i Hjørundfjorden og hvorved syv av våre landsmenn mistet livet i snemassene. Det var i seg selv en dyp tragedie, og enda mer tragisk er den, når man vet at de som uten tanke på seg selv og sine satte sitt liv på spill nettopp for å redde andre, selv ble offer for katastrofen. La oss minnes i dag disse våre landsmenn, som var menn i ordets egentlige betydning, og la oss samtidig yde en velfortjent honnør til alle dem som uten nølen og under de samme farefulle omstendigheter gjorde sin innsats for de forulykkede”.

Merksemda frå omverda

Fjernsynet som fleire hadde fått inn i eigen heim, radiosendingar, aviser med ekstrautgåver og vekeblad... Hendinga vart nasjonalt dekt. Dette var ei lokal tragedie med omfattande nasjonal dekning. Den nasjonale medkjensla vart stor av det same. Journalistar og fotografer strøymde til. Nokre av desse var verken kledd eller utstyrt etter vér og føre.

Geografisk gjekk det meste heilt i surr for rikspressa i dei fyrste oppslaga. Det fyrste døgnet inneheld radiomeldingane til NRK også feil som skal ha skapt både panikk og håp som seinare brast. Dagbladet la i sitt oppslag om ulykka 25. november like godt både mor og far til Kjell under snøen i fjellet over bygda Borlaup. Avisa fortalde om bankelydar og at  “dei innesperrede ropte” i halv-eitt-tida på natta.

Då namna vart frigitt av lensmannen og presten lokalt kom det som melding via NTB og radionsendingar til NRK. Men Dagsrevyen avbryt opplesinga av namna på dei sju seinare på kvelden. Det viser seg at tre av den eine omkomne sine syskjen enno ikkje hadde fått melding.

Den - på denne tida - omfattande mediadekninga var særs utvant for folket her i grendene i Hjørundfjord. Rykta som vart slått opp før fakta var stadfesta og direkte feil vart noko av det vanskelegaste å hanskast med for dei som stod oppe i situasjonen. Ikkje minst var dette tungt for dei som budde andre stadar i landet - men som hadde nære slektningar inne i ulykkesområdet og hadde media som einaste kjelda til å følge situasjonen fyrste dagane.

Faksimile fra Aftenposten desember 1971Gravferda vart det aller vanskelegaste, og ingen av dei sørgande var trent i å kjenne kamera og fotografar nært inn på seg i ein så privat situasjon. Under jordpåkastinga balanserte fotografar på kyrkjegardsmurane for å få rette vinkelen. Eit av motiva vart ”årets bilete”. Det vart gått nært på dei sørgande, born og vaksne. Dette vert opplevd som det mest påtrengande, og sette merke i fleire.  

Innsamlingsaksjon

Dei fleste som fall frå var familieforsørgarar i sin beste alder. Sju av borna var under 20 år. Fire enkjer sat attende med djup sorg og ei var trulova. I tillegg var spesielt Ytre-Standal alt råka av ulykker. Der var det tre einslege forsørgarar før ulykka råka. Etter ulykka var det fire enkjer på fire av gardane og på den femte ein enkjemann.

Fleire lokalt som kjende familiane tok direkte kontakt og ga praktisk og viktig hjelp. Det kunne vere foring av dyr eller barnepass.  Alt 3. desember måtte 500 mink bøte med livet i Nilsgarden på Ytre-Standal. Det er karane i nabogrendene som hjelper til. Fleire mink gjeng med dei neste dagane, også rev. Før ulykka var det i alt 1.600 dyr tilsaman, blårev irekna på garden. Den unge guten Kjell på 25 år som no har fått gardsdrifta i hendene saman med mor si kan ikkje hanskast med alt dette aleine. På Bakkane er Kjetil Standal odelsgut, men berre 19 år gamal. Han kjem heim frå militæret og står også framføre ei enorm utfordring saman med mor si og fem yngre syskjen. 

Det er dei som kontakter lensmannen og spør kva godt dei kan gjere. Frå ei dame kjem det “Twist” til jul som ho ber lensmannen fordele på borna i dei rasramma familiane. Ei vil gi vekk barneklede. Møre Nytt startar det som vert ein nasjonal innsamlingsaksjon. 3. desember var det kome inn ein kvart million kroner. Aksjonen ender i mars 1972 på vel 1,3 millioner kroner.

Ørsta formannskap opprettar ei nemnd med lensmann John Riise, bankstyrar Erling Urkegjerde og sjefredaktør Reidar Lunda som fordeler dei innsamla pengane mellom dei etterlatte.  Dei vedtek at det også skal settast av pengar til tidlegare ulukkesramma på staden som ei hjelpande hand. Overlevande etter ulukka får også ein mindre pengesum og det vert set av midlar til ein minnestein ved kyrkja. Dei pårørande på si side ynskjer at det skal gå ein sum til prydnad av Hjørundfjord kyrkje.

Omsorg og støtte

- “Kvifor berge berre nokre bukkar?” Alle som har dyr veit at ein har ei plikt på seg å få dei i hus før vinteren. Ingen vil at dyra skal lide. Etterpåklokskap på temaet har vore vond for fleire. Ingen oppsøkjer faren med vitande, om han veit at det vil gå heilt gale.

Faksimile Sunnmørsposten november 1971.Lensmann John Riise (53 år) kjente alle familiane som hadde vorte råka. Det er heilt klart at han som berre tre år før hadde stått i same situasjon hadde sine erfaringar som her kom til nytte. Den gongen i 1968 då Risegrenda vart råka, var han ein av dei som vart gravd fram i live saman med kona Ragna. Den vesle guten deira Arild på ni år vart liggande i snøen i to timar og den enda yngre broren hans Ivar på fire år miste livet.

Lensmannen leia aksjonen borte i Molaupsfjella. Samstundes stilte han seg blant anna i søkelyset til media for slik å skåne andre. I etterkant fortel lensmannen at dei næraste hadde ei fæl natt, likevel var dei så ufatteleg rolege. Aldri viste dei teikn til å verte hysteriske sjølv kor ueendeleg trist det heile var.  Lensmannen visste også vel kva slags drama som utspelte seg oppe og inne i sjølve fonna.

Mandag 20. desember 1971 intervjuar Aftenposten lensmann Riise: - “Eg visste korleis dei hadde det. Mitt einaste håp var at dei hadde såpass plass at dei kunne få surstoff. Eg var også klar over at ettersom timane gjekk, forsvann håpet. Storm og uveret tvang oss til å innstille ei tid den fyrste natta. Eg visste kva slags karar som arbeidde oppe i gjølet. Når dei fann å måtte innstille stod det ikkje til noko menneskeleg makt å fortsette. Eg oppdaga også at folk som vart redda då Rise-grenda vart teken, hadde gitt seg sjølv eit løfte som også vi (han og kona) ga under snøen: Verte vi redda denne gongen, skal vi aldri sidan stå tilbake når det gjeld å hjelpe andre i ein slik situasjon. Eit par av unggutane vart nesten desperate fordi dei ikkje fekk reise opp i juvet og grave då stormen tvang oss til å stanse”.

Hjelp i etterkant

Kjell J. Standal og E.A. Tvergrov 3,5 år i desember 1971Eg som gjennom yrke har vore nært kommunal beredskap og politiet kjenner det profesjonelle hjelpeappratet. Eg gjer meg mine tankar om korleis tida i etterkant vart for dei som sat att. Sjølv var eg berre tre år den gongen, men har klare minner om mormor og mor i Nilsgarden og at dei var ”rare”... mange menn som kom innom i vekene etter som var særs alvorlege og vaksne som uforklarleg gret når dei møtte oss.

Borna, enkjene, slekt, naboar og vener -  vi var mange etterlatne. Her spela både prest og lensmann ei viktig rolle. Men også andre, veit eg. Ei av dei var lensmannen si kone Ragna Riise som ga av seg sjølv til pårørande av sine erfaringar i dagane rett etter. Viktige ord vart sagt i ei ekstra tung fase. Dei visste så vel kva også ho bar på, og tok råd som Ragna ga.

Ulykka i det tronge gjelet legg seg inn blant så mange andre som har råka fjorden her. Den sette eit sterkt preg på alle dei små grendene her i Hjørundfjorden. Ikkje minst på dei som var inne i infernoet. Vidare dei som vart ramma av ulykka enten der eller heime, samt redningsmannskapa som deltok – og dei som venta i uvisse på kva som gjekk føre seg der borte i fjella med vener og kjente.  Tradisjonen var å takle dette i felleskap med kvarandre - i allefall den fyrste tida. Men så kom dagleglivet. Slikt som posttraumatiske stresslidingar og ettervirkningar vart ikkje nemnt (og få visste kva det var). Fleire tok valet å ta børa i seg sjølv. Ei oppgåve nokre meistra, men som for andre vart nesten for stor. Molaupsulykka sette djupe merker i mange for livet.

Redningsteneste

Redningsfolk-ved-MolaupshusetUtviklinga til ei langt meir profesjonell alpin redningsteneste på Sunnmøre, med samkøyrt hjelpemannskap og tilgang til redningshelikopter har på fleire vis sitt grunnlag i det som hende der borte i Molaupsfjella. I etterkant av ulykka bad lensmannen om at Justisdepartement måtte sjå på bruken av helikopter i redningsarbeid. Riise ville ikkje rette direkte kritikk mot nokon, men var ikkje i tvil om at fjellklatrarane ville ha vore på plass lenge før dersom dei hadde hatt eit skikkeleg helikopter til disposisjon. Fire timar gjekk før dei var framme ved ulykkesstaden. Justisministeren måtte svare media at redningstenesta var under “løpende vurdering” og når ei katastrofe som dette hendte var det klart at dei må sjå om ting kunne vore gjort på anna vis. Økonomi var sjølvsagt avgjerande også for den vidare innsats kunne Justisministeren legge til - ikkje ukjende ord innen samfunsberedskap den dag i dag...

271171-MoereNytt-RednmannskapLaurdag 18. desember 1971 har Møre Nytt ein artikkel der det står at hjelpekorpsa både på Sæbø og i Ørsta må kome i full verksemd snarast. Det var informasjon om kurs som skulle haldast og ei oppmoding om at folk på Sæbø melder seg inn. Det var Sigurd Egset i hjelpekorpset i Volda som uttalte seg. I Sæbø vart dette teke på alvor og det kjem ny vind i segla til Røde Kors. I same avisa frå 1971 var det og ein artikkel som understreka kor viktig det var å ha naudsamband på plass i distriktet. Det måtte være på tide å få til ei radioamatørforening i Volda/Ørsta området som igjen kunne ta opp samarbeid med Hjelpekorpsa.

Då ulykka hende var det berre ei einsleg telefonline ut frå Ytre-Standal. Denne skulle nyttast av både redningsaksjonen, NRK og andre journalistar. Resultatet vart at denne braut saman. Lensmannen måtte legge av røret. På den måten vart det ikkje råd med inngåande samtalar. Men han understrekar i etterkant at dette ikkje var avgjerande. Det var stormen og risikoen denne skapte som forsinka redningsarbeidet.

Politihunden Agay

Redningshund Agai

Den ni år gamle schäferen Agay som overkonstabel Torbjørn “Tobben” Trondsen frå Ålesund politikammer førde, gjorde ein uvurderlig innsats. Etter å ha funne ein død bukk og ei spade noko høgre oppe i gjølet, klarer Agay å lokalisere ulykkesstaden. Lavinehunden gjekk med stor iver inn for oppgåva si, og mange hender stod ferdige med spadar for å nå dei som låg under snøen. Agai hadde til slutt lokalisert sju av dei sakna, men berre to var i live. Agai imponerte redningsfolka. For oss minste under ulykka har nett det med hunden vore spesielt. Stor takksemd har vore sendt til denne helten. Der menneska måtte gi tapt var det hunden Agay som fann fram.

Heider

Rett i etterkant av ulykka fekk Kjell Jon Standal utdelt NÅ-statuetten. Ei utmerking som vart gitt til personar som har utvist spesielt mot, snarrådigheit eller andre ærefulle egenskaper under berging av andre mennesker. Kjell var den 23. i rekka som fekk heidersteiknet sidan det vart oppretta i 1956. Kjell fekk ikkje utmerkinga berre for innsatsen under sjølve bergingsaksjonen. Han fekk den like mykje for roa og pågangsmotet han hadde synt i dei tunge dagane etter ulykka.

Kjell vegra seg. Han ville sjølv berre ta mot prisen på vegne av alle dei som hadde hjelpt til med bergingsarbeidet. Det var så mange heltar som skulle vore takka.

Minnestein

Eit år etter ulykka i 1972 vert det reist ein minnestein ved kyrkja over dei omkomne i form av ein 2,7 tonn tung stein. Den var teken ut av enkjene etter dei omkomne og vart henta ut frå ei steinur nær heimen til den omkomne Bjarne Stavset. Ingenting er gjort med natursteinen. Den er sett opp med ei namneplate over dei omkomne og med ei tekst som fortel kvar gravene deira er på kyrkjegarden. ”Steinen er symbolet på ein knytt neve mot naturkreftene og skal vere ei påminng for ettertida”, sa sokneprest Ottar Berge.

Sjølv om det for nokre har vore ein litt framand tanke har det i etterkant av hendinga vore rom for å halde markeringar. Fyrst ei 25 årsmarkering i 1996 seinare i 2001, ei enklare markering. Då var det særleg nokre av dei yngste av borna og dei av borneborna som hadde kome til som fekk mykje ut av markeringa. “Det har vore vanskeleg å få dei som var del av infernoet å samtale om det som hendte. Eg har fått sett på plass nokre av alle detaljane eg har lurt på”, forklarte eit av borneborna.  “Minnestunda var spesiell for oss som var små den gongen. Vi ser at det er mogeleg å godta sorga og leve med ho. Det kveikte eit lys i sjela”, sa ei av dei som miste faren sin.

Knut Stavset og Storbukken

Bukken kjem heim

Åtte gongar hadde dei prøvd å få bukkane ned. Ein fann dei død då dei skulle ta dei ned fra fjellet og ein veit vi vart ført heim over fjorden. Kom dei andre seg unna? Sommaren i 1972 veit folket at Stavsetbukken går på andre sida, men ingen er frista til å prøve å få tak i han. Hausten 1973 mista Olav Trandal ein storbukk som sist var sett ved fjellet Trandalhatten før jula 1972. Den vandrar så utover fjella mot Molaup og slår seg i lag med Stavset-bukken. Begge går så saman med geiter frå Trandal og kjem til folk då dyra vart sanka frå fjellet laurdag 21. september 1974. Det gjekk nesten tre år, så kom bukken heim. Han skulle berre ha visst!

Artikkel er sett saman av intervju v/Ragnar Standal i 1982,  div.avisklipp, samtalar med involverte, politi, hjelpekorps. Hjørundfjordsoga, J.Storeide (1978) Den lengste natta, A.Møller (1986) Den farlege naturen og K.A. Aarset (Red.) (1997). Kjære venner: Hjelpekorpset gj.50 år.