Sjå naturen rundt deg, lytt på stilla og kjenn på freden!

”Verdens vakraste bygd ved verdens flottaste fjord!” Det kan vel vere å ta munnen for full å hevde eit slikt synspunkt. Men det er eit sitat av gjester i Urkebygda.

Urkebygda ligg solvendt på nordsida av Norangsfjorden, ei 6 km lang sidegrein i austleg retning frå Hjørundfjorden. I aust-enden av Norangsfjorden ligg Øye og Norangsdalen. Fjorden går som ein gigantisk canyon inn gjennom fjellområdet Sunnmørsalpane. Fjorden er jamt over 400 m djup og på begge sider av fjorden stig dei alpine fjelltoppane opp - til om lag 1.600 moh. Ved Norangsfjorden ligg velkjende Slogen (1564 moh), men vi nemner og Saksa, Stålberghornet, Smådalstindane og Skruven.

Urke har dei siste tiåra lidd same lagnad som andre utkantbygder. Folket flyttar til meir sentrale stader. For 50 år sidan budde her 350, no er det att 50 fastbuande. Men det er mange som ønskjer seg hytte i bygda og sommarstida er folketalet langt høgare. Utan om gardsdrift er Urke fiskeoppdrett og Urke Gartneri verksemder med 8-10 arbeidsplassar. Foto frå toppen av Stålberghornet i retning nord. Nedst ved fjorden ser vi Urke med ferjestaden Leknes t.v. Fjellet Saksa ligg ovanfor Urke. Hjørundfjorden går diagonalt i biletet.

Utsikt frå Stålberghornet
Foto frå toppen av Stålberghornet i retning nord. Nedst ved fjorden ser vi Urke med ferjestaden Leknes t.v.
Fjellet Saksa ligg ovanfor Urke. Hjørundfjorden går diagonalt i biletet.

Kartutsnitt. Vi ser så vidt garden Stenes nedst på kartet (sørsida av fjorden). Maude ligg på motsett side av fjorden. Under skulekretsen Urke ligg – rekna vestfrå – Leknes, Urke, Maude og Stenes. Veg 655 går mellom Tryggestad ved Hellesylt (tar av frå RV 60) og Ørsta. Det går ferje mellom Leknes og Sæbø – ca. 10 minutt. Veiboka til Norsk Automobilforbund viser denne strekninga. Slå opp i kartdelen og finn omtalen i tur-delen.

Innhaldsliste:

  1. URKE : OMVISAR/GUIDE. Oversiktsbilete og kart. Vegar til bygda.
  2. Bruaplassen – informasjonskiosken i bygda
  3. Dei mest aktuelle fjellturane:
    1. Saksa
    2. Råna
    3. Slogen
  4. Turar i bygda og nærområdet:
    1. Leknesråsa
    2. Bjørnehiet i Leknesdalen
    3. Trimtur 1
    4. Trimtur 2
  5. Lokalhistorie i måleriform. Veggmåleriet på Grendahuset
  6. Stenes: Gardane og fjellet (Stålberghornet)
  7. Klyngetunet på Ytre Urke
  8. Stabbura på Urke
  9. Kvernhusa
  10. Kaia og småbåthamna
  11. Underverket i Langsæterdalen
  12. Badeplassen Bøvika
  13. Padling på Norangsfjorden
  14. Urke Landhandel AS. Ein folkebevegelse
  15. Hytter og hus til utleige
  16. Urke Camping
  17. Kart med orienteringssymbol
  18. Kortversjon av guide: Norsk, engelsk og tysk

b. Bruaplassen – informasjonskiosken i bygda (Gå til innhaldsliste)

Mellom brua og Urke Landhandel finn du Brua-plassen med sitjeplassar, informasjonskiosk og utsiktsrampe over fossestryk i elva. I informasjonsbua finn du oppslag som fortel om sjåverdige turmål, kart over område og turar, historiske bilete og praktiske opplysningar.

 

informasjonsbu
Brua-parken informasjonsbu

 

infobu_1 infobu_2

På veggene er det oppslag med orienteringar
Over ser du kopi av plakat på veggen i Infobua.

 

c. Dei mest aktuelle fjellturane: Saksa, Råna, Slogen (Gå til innhaldsliste)

Topptur saksa

På Brua-parken finn du orientering om dei mest aktuelle fjellturane med utgangspunkt Urke. Ovanfor er kopi av orienteringstavla (A3-format) som gjeld turen til Saksa. Liknande opplegg finn ein for toppturane til Råna, Slogen og til Patchell-hytta.

I tillegg er det kartskisser som viser trimturar i nærområdet: Trimur 1 er kortast, medan Trimtur2 (”Store Rundt – sjå nedanfor) er meir utfordrande i tid og veg, men lett å gå eller sykle.

Både fjellturane og Trimturane er skilta med standard retningsskilt med utgangspunktet frå Brua-parken og det er skilt ute i terrenget som viser hovudretningane.

Vi viser til siste utgåve av ”Fotturar på Sunnmøre” (Iriss forlag). Boka er til sals på Urke Landhandel.

d. Turar i bygda og nærområdet. (Gå til innhaldsliste)

Leknes-råsa (Gå til innhaldsliste)

Leknesråsa

Grøn strek:    Mellom Urke og Leknes oppe i lia ovanfor bilvegen (2 km).
Dette er stien  (råsa) som folket på Leknes brukte dersom dei ikkje rodde til Urke. Leknesborna gjekk på skule på Urke. Stien vart brukt også om vinteren.  Råsa er no tilgrodd. Startar ved garasje vest for dei to bustadhusa oppe i skråninga lengst vest i Urkebygda. Om lag midtvegs må ein merke seg at her veks eik vill og denne strekninga (Grøtet) har interessert mange botanikarar. Dette er eit av dei nordlegaste vekststadene i verda for vill eikeskog. Ulike sjeldne blomstrar fins og, men dei er freda!

Kvit skogfrue

Kvit skogfrue  (chephalanthera longifolia) er svært sjeldan observert i Noreg og er totalfreda. Denne kan finnast i Grøtet, men ”berre sjå, ikkje røre”!

Bjørnehiet i Leknesdalen (Gå til innhaldsliste)

Bjørnehiet i Leknesdalen

Blå strek        :  Urke – Leknesdalen  - 3-4 km.
Startar ved Urke Landhandel. Følgjer vegen/stien som er merka til Saksa. Stigning i lia, men grei sti. I Leknesdalen inspiserer ein sjølvsagt bjørnehiet som er omtalt som eigen attraksjon.  Vestover kjem ein til namnesteinane der det er populært å risse inn sine eigne initialar i den raud-brune olivinsteinen. Her ser ein og restar etter eit felles-sel som vart bruk i samband med sætringa. Kyr og oksar gjekk same stien.

Hiet ligg nær dalbotnen til høgre for stien frå Urke og opp mot høgaste punktet i Leknesdalen.  Hiet har inngang i ei austvendt skråning av torv og mold. Inngangen er noko tildekt av gras og småbusker og kan vere vanskeleg å oppdage. Opninga vender mot nord – opp mot Saksa.

Bjørnehi Bjørnehi

 

Breidda på opninga er 70 cm og høgda 80 cm. Hiet er grave horisontalt inn i bakken som er steinfri og hardpressa, kompakt torvmold. I botnen ligg dette lause nedfallet som og gjer at avstanden mellom golv og tak har minka. Om lag ein meter innover, dreiar hiet 90 grader til venstre og botnen og taket skråar noko nedover. Her inne er det bekmørkt, ikkje minst på grunn av at det over alt er svart og fuktig myrmold. Særleg botnen er fuktig. Terrenget utanfor er slik forma at det er svært lite vatn som renn inn gjennom hiopninga. Lengda på hiet i retninga frå vest til aust er totalt 280 cm.. Avstanden mellom botn og tak er no på det meste 90 cm med største høgde ca. 1 meter inn i hiet frå inngangen. På det breiaste er avstanden mellom langveggane ca. 1 m. Overbygninga mellom tak i hiet og terrenget er om lag 60 cm ved inngangspartiet og aukar til omlag 150 cm lengst inne.

Bjørnehi Bjørnehi

Desse skissene viser vertikalsnitt t.v. og horisontalsnitt t.h. . Hiopninga t.h. på figurane.

Det er ei lita gåte kvifor det er to sidegangar frå hovudretninga (vist på skissene ovanfor), den eine går mot sør ca. 130 cm og skråar ytterlegare nedover. Det kan tenkjast at det kan ligge ein dreneringsfunksjon dersom det kan finnast utveg for vatnet. I motsett lei og 140 cm inn i bakken går den andre sidegangen. Ein kan spekulere i om hiet har gitt rom for både binna og fjorsunge (fjorsungar). Hiet i Leknesdalen er svært godt bevart gjennom minst 100 år. At det framleis er så intakt som det er, gjer at hiet i dag er eineståande! Det var rundt 1905 at siste bjørnen vart registrert på Urke. Denne bjørnen hadde ei lysare bot på eine bogen. I 1897 vart den siste bjørnen skoten på Urke. Vi har tal som viser at det i perioden 1733 – 1837 var felt 107 bjørnar i Hjørundfjord. Av dette var 99 felt før 1807. Det var ein ny oppsving på bjørnejakt siste tiåra før 1900. Bjørnejakta ga som resultat at bjørnen gradvis vart utrydda. Frå denne tida er det mange jakthistorier som er godt dokumenterte, og det var dugande bjørnejegerar som hjelpte til med å rydde ut bjørnen.

Trimtur 1 (Til Stølen) og Trimtur 2 (Setra – kraftverkdammen) (Gå til innhaldsliste)

kraftverksdammen

Gul strek:
Retningskilt Trimtur 1: Urke – Stølen – over gangbrua - 2 km

Raud strek:
Retningskilt Trimtur 2: ”Store Rundt” - Urke – Kraftverkdemninga - 6 km. Denne turen er ein klassisk trimtur. Turen kan forlengast til Langsætra. Om lag hundre meter aust for kraftverkdemninga mot Langsætra (prikka sti) ligg flymotoren.

Haukåssætra (Gå til innhaldsliste)

Haukåssetra

Vart oppattbygt etter eit snøras i 1907. Dette er sætra for gardane på Ytre- Urke og Leknes. Sela vart restaurerte ca. 1995. NRK brukte denne sætra under innspelinga av

Kraftverkdemninga (Gå til innhaldsliste)

Urke kraftverk Urke kraftverk

Tussa kraft bygde i 2008-09 eit nytt kraftverk i Urke-bygda – det tredje i rekka. Inntaket er plassert ved Myrsætra.

Krigsminne midt i råsa

FLYSTYRT VED MYRSÆTRA (Gå til innhaldsliste)

Her er eit dramatisk minne frå sluttfasen av siste verdskrigen, 16. februar 1945.  Denne dagen var det eit luftslag mellom nær 100 allierte fly og tyske fly som førte til at fire tyske Messerschmidt 109 vart skotne ned under kampane i lufta over Urkebygda. Eit av desse styrta her ved Myrsætra i Langsæter-dalen. Restane av flyet er samla som skrapgods og deler av denne motoren er skada etter havariet, men er og prega av aluminiuminnsamling i åra etter krigen.

Flygaren i flyet som styrta her, Hermann Jäger, berga seg i fallskjerm. Han vart lett skada og fekk hjelp ned til Urke av ungdommar frå bygda. På veg i laussnøen nedover til bygda, peika han mot Breifonndalen og sa fleire gonger: ”Mein Kamerad ist kaputt,” og sikta til kameraten Wolfgang Kindt som styrta saman med flyet rett i ura og omkom. Han vart gravlagd på kyrkjegarden på Sæbø med ein flypropellveng som gravstøtte.

Gravstøtta til Wolfgang Kindt

Gravstøtte på grava til Wolfgang Kindt – Hjørundfjord kyrkje

e. Lokalhistorie i måleriform. Veggmåleriet på Grendahuset (Gå til innhaldsliste)

Veggmåleri Urke Grendahus

Måleri (4,15 x 1,60 m) av Knut. R. Urke:     Barndomsminne frå Urkebygda ca. 1910.

Dette måleriet frå 1976-78 har ein heidersplass på Grendahuset. Måleriet skildrar minne frå det første tiåret av 1900-talet.

I dei ulike felta skildrar Knut desse emna: 

  • Arbeidslivet i bondesamfunnet:  
    Venstre-øvre halvdel. Arbeid med fiske, slått og tørrhøykøyring.
  • Gamleskulen
    Høgre – nedre hjørne. Lærarar  og born utanfor skulen. Skulen sto nedom den store furua ved vegen til kaia. Der er no ein transformatorkiosk.
  • Ved landgangsvoren: 
    Venstre- nedre hjørne. Bygda fekk ferdig kaia først i 1917. Før det måtte ein bruke robåt til rutebåten som stoppa opp.
  • Kongevitjing på Øye i 1906:
    Høgre – øvre hjørne. Frammøtte brukte heimelaga flagg med delvis feil fargar. Kong Håkon, dronning Maud, lensmann Riise og stortingsmann Paul Aklestad er teikna ekstra store  og er ei framheving av personar med posisjonar.
  • Gamlebrua og meireriet
    Midtfeltet viser meieriet (1896-1917) og brua over Storelva – ”verdens djupaste elv”.  (Utsagn frå foreldre som ville skræme ungane slik at dei heldt seg borte frå elva.)
  • Leiarane i bygda:
    Ovanfor og til høgre for meieriet har Knut  teikna inn dei personane som vart rekna som leiarane i bygda.

Knut R Urke

Knut R. Urke (1899-1981)

f. Stenes: Gardane og fjellet (Stålberghornet) (Gå til innhaldsliste)

Stenesgardane (Nilsgarden og Knutegarden) ligg ved foten av Stålbeghornet. Før det vart bygt veg til Øye, var båt einaste sambandet med omverda.

Stenes er kanskje det mest fotograferte motivet i Hjørundfjorden.

Stenes sett frå lufta

Stenes sett frå lufta. Vi merkar oss fludene under sjøoverflata, den eine med fyrlykt. Stenes er ein veldriven gard.

Geithald har vore viktigaste næringsvegen på Stenes. I Nilsgarden (t.v.) har brukaren nær 150 mjølkegeiter som beiter i liene langs Stålberghornet. Gjennom året vert det produsert knapt  100.000 liter geitmjølk her.

Det er bygt moloar  ved  begge gardane. Dette med tanke på småbåthamn i samband med utleigebustader m/ tilhøyrande båt for turistar. Vegen mellom Øye og Stenes er ein fin spasertur. Mange gjester ved hotell Union på Øye tek gjerne denne turen og kan då oppleve å få vere med i geitfjøsen i kveldinga og sjå korleis geitene vert mjølka. Særleg barn synest dette er ei oppleving som sit i minnet.

Om vinteren kan det  gå snøras over vegen til Øye. I slike perioder vert  kommunebåten ”Hjørundfjord”  brukt til all transport, inkl. mjølk. Det går snøras på begge sider av gardane, men ein kjenner ikkje til at det er gjort skade på husa på Stenes. Men gjerde og bøane må ofte stellast etter rasa som ofte tek med stein.


Stenes - Stålberghornet
Dramatisk og vakkert ligg Stenes ved foten av Stålberghornet.

g. Klyngetunet på Ytre Urke (Gå til innhaldsliste)

Frå gammal tid var det ein skikk  at gardstuna vart lagde i klynge. Det vart med det danna eit tun der husa på gardane (bustadhusa, løer, fjøsar, stabbur, vedhus og smie)  låg samla. Det var ein tradisjon frå den tida då det var nødvendig å forsvare seg mot fiendar og/eller ville dyr. Framføring av veg og vatn kunne løysast i fellesskap.  Markaneog åkrane  låg spreidde utanfor klyngetuna og  var oppdelte i teigar som var spreidd.  Dette vart kalla teigblanding.

I  siste halvdel av 1800-talet vart det  vanleg å gjere  krav om utskifting slik at klyngetuna vart oppløyste og kvar gard fekk eitt samla jordstykke der  bygningane vart gjenreiste eller nybygde.

På Ytre Urke har det ikkje vore halde slik utskifting. Framleis ser vi klyngetunet der bustadhus og løer ligg samla.  Bøane og åkrane har framleis teigblanding.

Dette fotoet frå 1894 viser dei gamle husa i klyngetunet på Ytre Urke. Biletet er teke frå vest mot aust og ein seg Smådalstindane i bakgrunnen.

(Foto: K. Knudsen, Bergen)

Klyngetunet på Urke
Klyngetunet på Urke

Sett frå bakkekanten i 1946 såg ein del av klyngetunet slik ut. Til høgre, utanfor biletkanten, låg Samdegarden og Olagarden.

Her seg vi dei fleste bygningane som høyrde til Jensagarden (t.h.) Hansgarden (bak t.v.) og Ramogarden nærast.

Ein brann i eit klyngetun var svært farleg. Ved ein brann i 1956 brann bustadhuset i Hansgarden ned til grunnen, men trass i dårleg brannvern, greidde bygdefolket å redde resten av klyngetunet.

h. Stabbura på Urke (Gå til innhaldsliste)

Stabbur er eitt av husa som høyrde til på ein gard og vart brukte til lagring av mat og reiskap. Men det av og vanleg at tenestefolk og ungdom på garden hadde soverom på stabburet.  Stabburet sto på stabbursolar slik at bygget vart heva godt opp frå terrenget. Det vart med det eit hus som vart luftig og tørt, i motsetning til kjellaren under hovudhuset. Ei steinhelle øvst på kvar stabbursole hindra at rotter og mus kom til. Trappa var og gjerne skilt frå dørstokken med ei opning på 20-30 cm.

På Urke er der no ni stabbur att. Ikkje alle er like velhaldne, men andre er i bruk og om ein får sjå inn, kan ein oppleve reidskapsamlingar frå gammal tid – ja, reine bygdemuseum. Vi vel å vise fire på av dei stabbura som finst i bygda:

Nilsastabburet Stabburet i Nilsgarden

Nilsastabburet. Eit lite og innhaldrikt bygdemuseum

Stabburet i Nilsgarden – Urkegjerde
Stabburet i Frikegarden Stabburet i Olagarden

Stabburet i Frikegarden. Høge stabbursolar med stor steinhelle øvst.

Stabburet i Olagarden – Ytre Urkevar opprinneleg meieriet i bygda.

i. Kvernhusa (Gå til innhaldsliste)

Kverna var eit viktig hus på garden. Her var kornet gjort om til mjøl og utan mjøl  trua matmangel . Kvernhuset måtte byggast nær rennande vatn for det var vasskrafta som skulle drage rundt kvernsteinen.  Dei egna områda vart avsette til kvernhusa og på Urke var det oftast to og to gardar som bygde kvern i lag. Dei gardane som låg langt frå elva, måtte forhandle seg fram til ein kvernrett og måtte ofte gi frå seg teigar med skog eller beiterettar for å få kvernrett hos dei som hadde grunn ved elva.

På Urke er det no att berre to kvernhus. Begge er å sjå i området ved brua. Det som står nærast brua har  restaurert bygningen. Hansgarden og Ramogarden eig denne kverna.  Nedom brua, på motsett side av Brua-parken, ligg eit restaurert  kvernhus der og kvernkalen er utskifta. Det er Ivergarden sitt kvernhus.

Kvernhus Kvernhus
Eigarane av Iverkverna viser gjerne frå kvernhuset.
Dette kvernhuset ligg like ved brua.
kvernhusa-3 Kvernhus
I Iverkvernhuset er det meste av utstyret på plass... Ned gjennom holet i øvste steinen dryssa kornet ned. Øvste kvernsteinen gjekk rundt, medan den nedste låg still. I midten ser vi siglet - som var festa til toppen av kvern-kalen og sytte for at steinen gjekk rundt.

j. Kaia og småbåthamna (Gå til innhaldsliste)

Kaia på Urke vart ferdig i 1917 og vart bygt av gardeigarane i krinsen – i alt 19. Kaia var - og er - privat sidan det ikkje vart løyvd kommunale midlar. Steinen vart henta frå andre sida av fjorden. Ser ein på storleiken av steinane, forstår ein at det tok to år før kaia var ferdig.  Det var her rutebåten la til. Ordninga med rutebåt til Ålesund vart avvikla 1. juni 1966. Kaia vart i 1948 utvida mot vest då det vart oppretta ferje mellom Urke og Sæbø. Denne ferjeruta heldt fram til 1959 då ferjekaia på Leknes vart opna.

I 1952 vart det sett opp eit kaihus i mur og det er dette som står der no. Kaihuset er i dag lager for småbåthamna og det er nyleg innreidd eit fint toalett som står til disposisjon for alle.

Småbåthamna har no 36 plassar. På utsida av flytebrygga er det gjesteplassar. Det er Urke Småbåtlag som eig hamna.

Urkekaia

På kaia er det triveleg å fiske og ein god rasteplass om ein vil nyte nista.

Urkekaia

Urke Småbåtlag er eigar av småbåthamna og medlemmene har utført mykje arbeid  på dugnad for å bygge ut hamna.

Urkekaia

Etter  forlenging av flytebrygga er det plass til 36 småbåtar. På utsida av brygga er det pullertar for gjestebåtar.

k. Underverket i Langsæterdalen (Gå til innhaldsliste)

Underverket kart

Namnet Underverket har samanheng med at dei djupe sprekkene og gangane (druserom) var oppfatta som ”under” då det vart oppdaga rundt 1890.

Det er sprekker i fjellgrunnen som før istidene var fylte med kalkhaldig vatn. Kalken (kalsitten) har krystallisert seg på veggane i sprekkene og holroma. Isen har slipt av overflata og avdekt  sprekkene og holroma.

På kartet er Underverket påført i den vesle, kvite firkanten. Ein kan gjerne ha med tau om ein vil utforske holroma  og sprekkene. På fjellveggen vil ein sjå avsett kaker av lange krystallar i lys og brun kalsitt.

Det er vanskeleg å finne sprekkene og Underverket var i ferd med å forsvinne frå folkeminnet inntil det vart gjenoppdaga i 2008.


kalsitt

Kalsitt er eit mineral som finst over heile landet. Det er eit viktig innslag i sement. I kvitt papir utgjer kalsitt 40 % av vekta.



I sørenden av sprekkene i Underverket kan ein krype inn i druserom der det heng stalaktittar  ned frå taket.

Sidan det er vanskeleg å finne posisjonen, kan det vere lurt å merke av GPS-posisjonen. Sjå teksten på biletet t.h.

Underverket

l. Badeplassen Bøvika

Bading

Parkering

Badeplassen i Bøvika finn du ved Maude, 2 km i retning mot Øye. Her er strand, solingsplass, stupetårn, badeflåte og ballbane. 

Camping er ikkje tillate på rasteplassen.

Bøvika 1

Bøvika 2

Ovanfor ser vi stupetårnet.

Tv. stranda med ballbane i bakgrunnen.

m. Padling på Norangsfjorden

Norangsfjorden ligg i retninga vest-aust . Medan solgangsbrisen kan vere frisk på Hjørundfjorden, er det  gjerne vindstilt på Norangsfjorden på grunn av le-virkninga frå fjella.  Det gir ei god muligheit til å gli stilt i kajakken og nyte freden. Sommar-kveldane og tidleg om morgonen kan ein oppleve så nær fullstendig  ro som råd.

Ta med kajakken på biltaket, bruk fjorden og opplev denne delen av livet og!

Kajakk 1

Kajakk 2

Kajakksporten er populær. Her gjer  ”flåten” seg klar ved kaia på Øye. Dagens etappe er Øye – Urke tur/retur.

n. Urke Landhandel AS.  – Ein folkebevegelse

Urkebygda var tidleg på 1990-talet i ferd med å misse landhandelen. Ingen privatpersonar var interessert i å overta butikken. Men folket i bygda mislikte tanken om at ein måtte reise til Hellesylt eller ta ferje til Sæbø for å handle daglegvarer, bensin og andre sjølvsagde varer. Realiteten såg ein i augo 2. januar 1990. Der var ingen som opna butikkdøra.

I løpet av få dagar kom folkebevegelsen  i gang og det vart vist ein solidaritet som skulle gi grunnlag for ei framtid med positive forteikn.  Det vart danna eit aksjeselskap i løpet av dei åtte første dagane. I dei etterfølgjande dagane vart butikklokala pussa opp ved eit omfattande dugnadsarbeid og 1. februar vart Urke Landhandel AS nyopna!  Ein folkebevegelse var starta og butikken har tent bygdene Urke og Øye fram til dags dato. Bygdefolket sluttar opp om tiltaket og mange tilreisande har glede av butikken.

Urke landhandel

Daglegvarer, medisinutsal, bensin og diesel, tipping, post og ølutsal

– viktig for bygda og for gjestene.

Ei smilande Nelly Urke hjelper til med det meste! Urke landhandel

o. Hytter og hus til utleige

Det er siste tiåra bygd ein del hytter som er til utleige for turistar. Dei fleste har heimeside der ein kan gå inn og finne når hyttene er ledige.  Også bustadhus kan leigast. 

Saksa feriehytter

Saksa feriehytter,
Urkegjerde, Urke

http://www.saksa.no/

Kvisla feriehytte

Kvisla feriehytte
Urkegjerde, Urke

http://www.kvisla.no/

Urke feriehytter

Urke Feriehytter
Urke
http://www.urke-fjordhytter.no

Feriehytte Hjellane

Feriehytte Hjellane
Urke
http://www.kulturhusplan.net/Cottage

Leige 5

Feriehus Maude
NOVASOL
Feriehus - Maude - N27578

Leige 6
Leige 7

Feriehytte Hjellane,
Urke

http://www.thrallheimen.no

p. URKE CAMPING

Urke camping

Urke Camping har vore ute av drift dei siste åra, og det har vore eit sakn at denne overnattings-staden vart stengd.

Tidleg på sommaren 2014 vart det sett i gang ein stor dugnad i regi av Urke Grendalag med tanke på å få drifta i gang att.

Bygdefolket stilte opp og campingplassen er no i drift. 8 hytter, med noko ulike storleik og utforming, er pussa opp, sanitæranlegget (WC og dusj) er på plass. Campingplassen ligg heilt sentralt i bygda. 

Sjå Urke Camping si eiga heimeside; http://www.urkecamping.no/

Kontakt:   Urke Landhandel AS – 70 06 21 14   Urke, 6196 Norangsfjorden

q. Kart med orienteringssymbol –  Opplysningsskilt frå Vegvesenet

Opplysningsskilt frå vegvesenet

r. Kortversjon av guide: Norsk, engelsk og tysk

Kortversjon guide

Norsk

  1. Urke Landhandel- Det er folket i bygda som eig denne butikken.
  2. Urke Fiskeoppdrett AS - Produserer laksefisk frå rogn til smolt (ca. 25 cm). Då er fisken klar til å leve  i saltvatn.
  3. Brua-parken – er bygda sin INFO-kiosk.
  4. Kraftverket og kvernhuset – 3 km lang rørgate som ligg i grunnen til eit inntak ved Myrsætra i Langsæterdalen. Produserer el. kraft til ca. 2000 husstandar. Ved elva ligge eit kvernhus.
  5. Stabbur – Ekstra hus til lagring av korn/mjøl, kjøt og fisk, klede og reiskap. Bygt ca. 1880.
  6. Klokk – Sjå vegskilt!. God standplass for fotografering.
  7. Frikegarden -  med det eldste huset i bygda- vart flytta hit i 1872 og var alt då nær 100 år gammalt. Stabbur på baksida av huset.
  8. Korsvegen- Vegkrysset mellom hovudvegen og vegen til kaia/Klokk.
  9. Ivergarden – 100 m ovanfor kaia med  prærie-inspirert løe og fjøs.
  10. Urke kai – ferdigbygt  1917 for rutebåt som gikk til Ålesund Kaia var i dagleg bruk til 1959.

English

  1. Urke Landhandel - The people in the village are the owners of this store.
  2. Urke Fiskeoppdrett AS - Producing salmon from egg to smolt (approximately 25 cm). Then the fish is ready to live in salt water.
  3. Brua-parken - The village's INFO-place.
  4. Power station and the Mill house – The power station has a 3 km long pipeline that lies in the ground up to an intake at Myrsætra in Langsæter-dalen. Producing electricity approx. for 2000 households.  Nearer to the river you can see a millhouse.
  5. Stabbur  - This was an extra house for storage of grain and flour, meat and fish, clothing and tools.
  6. Klokk -From Klokk you have a good view to the fjord and the mountains.
  7. Frikegarden - with the oldest house in the village, was moved to this place in 1872 and was then already  near 100 years old.
  8. Korsvegen – Roads are crossing here.
  9. Ivergarden - 100 m from the quay is a small farm with a prairie-style barn.
  10. Urke quay - finished in 1917 to serve the boat to Ålesund.  The quay was in daily use until 1959.

Deutsch

  1. Urke Landhandel - Die Leute im Dorf ist die Besitzern auf diese Laden
  2. Urke Fiskeoppdrett AS- Herstellung Lachs vom Ei bis zum Smolt (ca. 25 cm). Dann wird der Fisch ist bereit in Salzwasser zu leben.
  3. Brua-parken - des Dorfes INFO-Platz.
  4. Kraftwerk und die Mühle Haus - Diese Kraftwerk hat eine 3 km lange Rohrleitung, die in dem Boden liegt bis zu einer Ansaug am Myrsætra in Langsæterdalen. Erzeugung von Strom für ungefähr 2000 Haushalte. Näher an den Fluss - nördlich des Kraftwerks - sehen Sie eine Mühlhaus.
  5. Stabbur - Diese war ein extra Haus für die Lagerung von Getreide und Mehl, Fleisch und Fisch, Kleidung und Werkzeug.
  6. Klokk - Von Klokk haben Sie eine gute Aussicht über den Fjord und die Gebirge.
  7. Frikegarden - mit dem ältesten Haus im Dorf, wurde an diesem Ort im Jahre 1872 bewegt und war dann fast 100 Jahre alt.
  8. Korsvegen – Wegkreutzung
  9. Ivergarden - 100 m von der Kai ist eine Bauernhof mit eine Prärie-Stil Scheune.
  10. Urke Kai - fertig in 1917, um das Boot nach Ålesund bedienen. War im tägliche Benutzung  zum 1959.