norangdalen1  kvitegga
 Norangsdalen frå Stavbergsetra (E.A.Tvergrov)
 Kvitegga 1717 høgaste toppen i fjellheimen
rundt Hjørundfjorden ligg over
Fivelstadhaugen.
(E.A.Tvergrov)

Norangsdalen er eit av de aller trangaste dalføra i hele Noreg, og av NAF-boka kåra til  det aller trangaste!


Dalen er kjend for sine spesielt gode beitemarker, men også fordi den i serklasse er prega av naturkreftene. Snørasa på vinterstid er mange, og då er det heilt vanleg at vegen vert stengd. Forbetringar og gjenoppbyggingar på grunn av ras heilt fram til våre dagar har imidlertid gitt ein betre vegstandard. I 2003 kom det asfaltdekke.

 116-Tryggestad  129-Ned-Norangsdalen-motSmø 134-Kommunegrense
 Oppkøyring frå Hellesylt frå Tryggestad
 Ned Norangdalen - Smørskredtind
i det fjerne
 Kommunegrensa mellom
Stranda og Ørsta


Ved Geilskredvannet har ei utrasa steinur fyld opp dalbotnen. Vatnet er aldri heilt fullt, fordi det tømer seg i ei underjordisk elv. Den går inn og ut av steinmassene nedover i dalen, og fleire stader forsvinn den heilt mellom steinane.

Dalen er flere stader snau for skog, men er rik på saftig gras. Årsaka er alle snørasa.




Urasetra og Stavbergsetra er husa lagt inn i bakken for å få ly for ras.

170-Stavbergsetra  147-Urdasætra

 

Ved Stavbergsentra ligg også ein stor og god rasteplass med utsikt nedover heile dalen.  Her, nord fjellet Nobba, kan ein sjå profilen til Dronning Victoria. 
Urasætra ligg midt i Norangsdalen. Der går det snøras over taka nesten kvar einaste år.


Seterjentene melka før på kvelden og overnatta for å ta morgenstellet. Neste morgon skulle melka fraktast ned til Øye. Deretter var det å ta del i det vanlege arbeidet på garden, før dei igjen reiste fram til Urasetra for å melke på kvelden.  I dag vert sela nytta til overnatting av de som eig dei frå gardane, når dei skal fiske eller gå tur i dalen. 




 

 lygnstøylvatnet norangdalen-smal
 Lygnstøylvatnet vart til då eit ras stengte
elva i 1908. Setra som låg her vart lagt
under vatn. Heldigvis var ingen tilstades
då det hendte.
Norangsdalen er eit av de aller trangaste dalføra i hele Noreg,
og av NAF-boka kåra til  det aller trangaste!

 

 


 Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!