hjorungane1
Hjørungane (foto:E.A.Tvergrov)

Hjørungane-frafjordenHjørundfjord - namnet

Spekulasjonane er fleire.

  • Namnet kan kome av «sverd» (hjorr) då fjorden si form kan samanliknast med eit sverd.
  • En annen teori er at den er oppkalla etter Hjørungane, tre steinar som ved fjordmunningen i nord (sjå bildet over og t.h.).
  • Hjørundfjord kjem mest sannsynlig av den germanske forma Herondo, med tydninga den fjellfagre fjorden. Det er iallefall den varianten me likar best!
  • Fjorden har ofte vore forveksla med Hjørungavåg. Blant anna har det vore diskusjon om kvar Jomsvikingslaget stod av den grunn, med blant anna teoriar om at gullet til “Bue Digre” skulle vere gravd ned på Bjørke - aller innerst i Hjørundfjorden.

 







Svartedauden og jenta Jørund fra Viddal
Svartedauden ramma mest sannsynleg knallhardt i ein så spreidd busetnad, med så lite folketal som Hjørundfjord hadde. Mange gardar vart lagd aude, og då gjekk gardane til konge og kyrkje. Dei fekk mykje Hjørundfjordgods denne tida...
Segnene vil ha det til at berre ei jente overlevde svartedauden i Hjørundfjorden. Det var Jørund (Gjøre/Jorund) fra Viddal. Svartedauden herja i fjorden ca 1351 i følge Hans Strøm. Nokre vil ha det til at det er jenta som har gitt fjorden namn.


Ei segn fortel at det i Nebbedalen over i Sunnylven var berre ein mann som hadde overlevd (han kan også ha kome frå Øyelandet/Norang). Mannen gjekk til skaret over Viddal og såg etter livstegn der nede. Han såg røyk fra eitt av husa, og dermed gjekk han ned og fann Jørund. Dei gifta seg og slik vart det igjen folk i Hjørundfjorden. Eit anna sagn peiker på at det kan ha vore ein mann som kom fra Viddal, gjekk over til Norang og fann den einaste gjenlevande jenta på Norang og tok henne til ekte.
Hj.soga nr.1 s. 141.