- bygdemobilisering i Hjørundfjord

Oversikt:

 

  • Generelt om bygdeutviklingsmidlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak
  • Bygdemobilisering i Hjørundfjorden – prosjektskisse
  • Sysselsetjing og trivsel
  • Organisering av prosjektet
  • Korleis organisere arbeidet i dei tre prosjektåra
  • Hjørundfjordportalen
  • Kven er med som initiativtakarar?
  • Generelt om bygdeutviklingsmidlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak

    Dette er prosjektmidlar til ”mjuke” investeringar som ikkje er direkte retta mot næringslivet. Tilretteleggingsmidlane blir mellom anna brukt til opplæringstiltak, planlegging av næringsaktivitet, og til å støtte positive engasjement i lokalsamfunna.

    Frå 2005 har Møre og Romsdal Fylke, Landbruksavdelinga, valt å satse spesielt på bygdemobiliseringstiltak. Bygder som vil ta tak i eiga utvikling, kan søkje om plass i bygdeutviklingsprogrammet. Deltakarane vil - etter visse vilkår - få inntil 75 000 kr årleg i 3 år (endra til 100 000 kr pr år i skriv av 18.10.05) .
     
    Gjennom utgreiings- og tilretteleggingsmidlane har ein høve til å støtte utviklingstiltak som kan fremje kunnskapsheving, haldningsskapande arbeid, trivselstiltak, bulyst, entreprenørånd og etableringslyst.

    Ved å stimulere til samarbeid og samfinansiering, kan det vekse fram idear som kan danne grunnlaget for næringsetableringar. For å utvikle næringslivet på bygdene, er det særleg to forhold som må vere til stades:
    Evne og vilje til nyskaping: Lokale og naturgitte ressursar er der. Desse må skapast om til arbeid og inntekt. Haldningsarbeid er viktig!
    Kompetansebygging: Sørge for at det er kunnskap i bygdene som gjer bygdefolk i stand til å forvalte, vidareutvikle og nyskape ut frå dei lokale ressursane og verdiane

    Målgruppa for tiltaket er lag eller organisasjonar som vil ta tak for å skape nytt positivt engasjement i bygdesamfunnet. Bygdeutviklingsprosjekta skal leggast opp breitt, og skal i størst mogleg grad involvere heile bygdesamfunna. Både næringsutvikling , miljøtiltak og infrastruktur er naturlege tiltaksområde.

    Utmålinga av tilskotet vil naturlegvis henge saman med dei planlagde aktivitetane, og storleiken på lokale bidrag. Tilretteleggingsmidlane kan ikkje utgjere meir enn 50 % av totalkostnadane med tiltaket. Arbeidsinnsats kommunal støtte, eller bidrag frå lag og organisasjonar er eksempel på lokal finansiering som kan gå inn i budsjettet. Eksempel på tiltak kan vere idédugnadar, miljøtiltak, studieturar i samband med næringstiltak o.a. I utgangspunktet bør mobiliseringsarbeidet gjennomførast utan fast tilsett hjelp, men midlane kan brukast til å dekkje arbeidskostnadar til sekretariat, førebuing til møter oa.

    Bygdemobilisering i Hjørundfjorden – prosjektskisse

    I utlysingstekstane til slike prosjekt er utvikling av desse tiltaka prioriterte:

    • Kunnskapsheving
    • Haldningspåverknad
    • Trivselstiltak
    • Bulyst
    • Etableringslyst
    • Entreprenørskap

    Gjennom idédugnader, studieturar, miljøtiltak m.v. som fremmer næringsutvikling og bulyst, vil midlane bli kanalisert inn mot to tema med tilhøyrande underprosjekt. Dei to temaa er auka sysselsetjing og auka trivsel som igjen gir større bulyst med positiv verknad på etableringslysten og dermed sysselsetjinga.

    Sysselsetjing og trivsel

    Ut frå dette har vi i søknaden lagt tiltak inn i desse to ”båsane” med litt omtale av kva tiltaket inneheld og kva ressursar som vil gå med. Til saman er det 35 tiltak som er skisserte. Nokre har tydeleg knyting til kvarandre medan andre er meir ulike. I oversikta under ser ein tydeleg samanhengar mellom sysselsetjing- og trivselstiltak. Opent kulturlandskap og skianlegg/hytter på Bondalseidet er godt synlege eksempel på slik positiv ”dobbelføring”.

    Auka sysselsetjing gjennom:

    • Utnytting av fråflytta hus og småbruk
    • Overnattingsplassar, rom tilleige
    • Bygningsrestaurering
    • Turistvert, matservering o.likn.
    • Gardsmat/Fjordmat
    • Skianlegg/hytter på Bondalseidet
    • Omsorg/Helse
    • Utvikling av fiske i vatn, elv og fjord
    • Utvikling av hjortejakt
    • Opent kulturlandskap
    • Utnytting av biomasse
    • Bruk av kulturlandskap, auka husdyrhald
    • Fellesfjøs/samdrift
    • Turarrangement/ Guiding
    • Hurtigruta/turistskip, ønskje og mulegheiter?
    • Kunst, handverk, suvenirar
    • Transportutvikling - sjø/land
    • Felles internettportal

    Auka trivsel gjennom:

    • Opnare kulturlandskap/levande landskap
    • Turstiar i dalane og på fjellet
    • Kulturminne, synleggjering av dei viktigaste minna
    • Sti på elverampe fram til Kvistadbrua
    • Strandpromenade i sentrum
    • Opprusting av gamle vegar
    • Lokale trivselstiltak som badeplass, grillplass, andre uteplassar m.v.
    • Miljøtiltak, rydding i sentra,  i bygningsmassen, lokale miljøstasjonar m.v.
    • Tettstadutvikling Sæbø
    • ”Sæbøportalen” møte med Sæbø frå R655 og ferga
    • Naust og standområde
    • Utvikling av småbåthamna
    • Bruk av kommunehuset
    • Open barnehage
    • Skianlegget på Bondalseidet
    • Skulen i Hjørundfjord
    • Utnytte eksisterande mønstringar
    • Generelle motivasjon-/påverknadsmøte


    (sjå dei to vedlegga der desse tiltaka er nærare spesifiserte)


    Organisering av prosjektet

    Gjennom nokre sammøte mellom lag og organisasjonar i Hjørundfjord, er den aukande tiltaks- og samarbeidsviljen blitt meir synleg. Saman med initiativet frå Hjørundfjord Bondelag vart det skapt eit positivt fundament for å setje i gang ei såkalla bygdemobilisering for Hjørundfjord. Bondelaget foreslo fire personar til ei arbeidsgruppe for forprosjektet, dvs. å utarbeide søknad om offentlege støttemidlar. Dette vart bifalt av dei andre laga og arbeidet har no gått i nokre veker. Grunnlaget for forprosjektet og søknad om støtte, er utarbeidd av denne gruppa og er samsvar med ideande i fellesmøtet mellom laga.

    For sjølve prosjektfasa vil alle lag og organisasjonar, og elles dei som kan tenkje seg å bli aktør, bli innbede til fellesmøte der styringsgruppe for bygdemobiliseringa blir valt. Ved eventuell tildelt støtte vil Hjørundfjord Bondelag formelt vere eigar av prosjektet. Vi ser for oss at dei i samråd med styringsgruppa, peikar ut prosjektleiar for prosjektet. Vidare vil det bli sett ned arbeidsgrupper for kvar av tiltaka, i snitt tre personar i kvar gruppe med god geografisk spreiing og i interesse/kompetanse. For nokre av tiltaka vil det vere fleire undergrupper då avstanden for fysiske møte kan vere stor i Hjørundfjorden. Samtidig kan tiltaka ha så stor geografisk avstand at dei bør handsamast ”desentraliserte”. Som ein ser av vedlegga, er det eit fåtal av tiltaka som berre gjeld Sæbø og Bondalen. Dei aller fleste gjeld generelt for Hjørundfjorden og det er prioriteringsarbeidet i prosjektet som avgjer kva tiltak som vert teke først -og kvar det er lokalisert.

    Austefjordprosjektet som er i gang, vil vere ein av mange samarbeidspartar. Deira prosjekt grensar til/overlappar prosjektet vårt geografisk i Bjørkeområdet. Dette vil vere positivt då ein her i samhandling kan arbeide med ulike tiltak slik at mulege aktørar får fleire kanalar til muleg auka sysselsetjing, noko som vil vere svært kjærkome særleg for dette området.

    Korleis organisere arbeidet i dei tre prosjektåra

    Prosjektet sine tiltak er førte opp utan årstal for oppstart og gjennomføring. Dette skuldast at vi må djupare i tiltaka, dvs. arbeide med ein slags forstudie for dei fleste tiltaka før vi kan prioritere desse  med tilstrekkeleg kvalitet. I første prosjektår må vi legge vekt på kartlegging. I tillegg vil vi ta for oss mobiliseringa, dvs. motivering, kunnskapsoverføring, samhandlingsplattformar og –teknikk. Ikkje minst må vi utvikle etableringslyst og entreprenørånd. Desse to siste drivkreftene er i eit vist mon tilstade og vi vil med auka kunnskap om mulegheitene, søke å innrette kreftene for godt resultat. Eksisterande tiltak, tiltak under utvikling og eventuelle nye tiltak må stimulerast og innpassast i prioriteringane. Vi ser at vi ikkje kan rekke over alle dei nemnde tiltaka i dei tre prosjektåra. Det må difor vere viktig at vi gjennom prioriteringane vel ut dei viktigaste, dei som kan gi resultat først, men då slik at utsette, men gode tiltak, vert teka att seinare.

    Hjørundfjordportalen

    Kulturvernlaget og sogelaget har i samarbeid starta arbeide med ein felles internettportal. Domena www.hjorundfjord.no og www.hjørundfjord.no er kjøpt og begge laga sine heimesider, saman med Sæbø skule sin, er alt knytt opp mot portalen. Dei nemnde laga ønskjer å legge til rette for at portalen kan bli ein felles informasjon og kommunikasjonskanal for alle aktivitetar i Hjørundfjord. Dei ser det særs viktig at alle gode krefter og initiativ i området står saman under felles merke. Ikkje minst fordi kommunikasjonar og avstandar gjer fysiske møte krevjande. Portalen vil difor bli  nytta aktivt både i denne prosjektfasen og seinare i arbeidet med å utvikle Hjørundfjorden som område. I prosjektfasen vil portalen bli nytta til møteinnkallingar, til referat, til samtalar og utvekslingar av informasjon, rapportar, målretta utgreiingar osv. slik at fysiske avstandar vert nøytraliserte og dermed opnar for betre samhandlingar. Ikkje minst vil vi slik kunne ha same fakta som utgangspunkt for vurderingar og samhandling.

    Portalen er og tenkt utvikla som ekstern kommunikasjon- og salskanal. Alle utbod frå Hjørundfjord vil då kunne skje under same merke. Over tid ser vi at Hjørundfjord som merkevare kan bli eit sterkt merke for fruktbart samarbeide mot Ålesund og som supplement til Geiranger, men framleis med styrt identitet og innhald frå Hjørundfjord.  Vi vil at alle utbod av tenester og varer innan reiseliv og annan handel, skjer gjennom denne felleskanalen for å bli synleg som ein del av denne merkevaren då vi meiner at merkenamnet og –vara Hjørundfjord er i oppbygginga til å bli synleg og  sterk både i kommunen og ikkje minst utanfor. Det er ikkje usannsynleg at denne merkevara, vil rage høgt både nasjonalt og internasjonalt etter ei tid. Difor er det viktig at hjørundfjordingane no aktiviserer seg – for slik å vere på arenaen og ikkje tilskodar når næringsutvikling basert på natur, kultur og folk vert diskutert. Utnytting av Hjørundfjord sine kvalitetar må skje i samråd med folket i fjorden og ikkje bli avgjort av andre. Mobiliseringsprosjektet vil bidra til slik oppvakning, engasjement og ikkje minst vilje til å utnytte mulegheitene, dvs. etableringslyst.

    Kven er med som initiativtakarar?

    I førebuande møte har desse lag og organisasjonar vore med:
    HJØRUNDFJORD BONDELAG
    SÆBØ GRENDALAG
    BONDALEN ELVEEIGARLAG
    BONDALEN HELSELAG
    BONDALEN FRILYNDE UNGDOMSLAG
    SÆBØ IDRETTSLAG
    HJØRUNDFJORD KULTURVERNLAG
    HJØRUNDFJORD SOGELAG

    Dei fire som til no har arbeidd med prosjektskissa er Ivar Svein Mo (bondelaget), Irene Osvoll (helselaget), Kjell Otto Holen (Sæbø grendalag) og Per Atle Røe (kulturvernlaget).