Ny "filmsnutt - frå Grøtdalstindane: 

http://www.sunnmore.net/div/Grottdalstindane_III.wmv

Så ein liten "filmsnutt" til:  http://www.sunnmore.net/div/Filmsnutt%202010.wmv

(No fekk du vel lyst på ein skitur?)

Hjørundfjorden og fjellturar høyrer saman. Mange, både fastbuande og tilreisande/turistar, nyttar fjella sommar som vinter.  Fleire  skriv også her på hjorundfjord.no om desse turane og det vert sett stor pris på – særleg om foto vert lagt ved artiklane.  Desse turskildringane veit vi gjev mange inspirasjon til å ta seg ein fjelltur, mens andre igjen har glede av berre å lese om  turane. 

Eitt av problema med fjellturane som er skrivne om her på Hjørundfjordportalen, er å finne dei att i arkivet.  No prøver vi å rette på det.  Under har vi no lagt ut lenkjer til dei fleste fjellturane/toppturane vinterstid som det er skrive om.  Klikk på namnet til fjellet og vi får vone at du får ei hyggeleg stund.  Etter kvart som fleire fjellturar kjem til (hugs at du er særs velkomen til å skrive om fjellturar i Hjørundfjorden/Ørsta/Volda sjølv om du ikkje bur- eller er herifrå), vil vi legge dei inn på denne sida: Toppturar i vinterfjell. Ein peikar til denne sida finn du i venstre marg når du går inn på hjorundfjord.no, evt. også ved å klikke deg inn på Natur.

Lenkjer til toppturar vinterstid  på hjorundfjord.no finn du under i nokolunde alfabetisk rekkefølgje.  Turar gått etter 1.1.10 vil vi også prøve å datere slik at ein slepp å lure på om det er ein "gammal" eller "ny" tur det er snakk om.

Aldalen, renne
Bergehornet, 14.2.10
Bjønnatanna
Bjørkehornet,23.11.16
Blæja/Lissjenibba, 13.3.10
Blåbretinden
Blåhornet, 20.1.11
Blåegga
Blåtinden, 21.1.10
Blåtinden, 27.3.10
Bytingstinden, 24.3.10
Dalegubben
Dalegubben
Dalegubben III, 14.3.09
Dukhornet
Eidskyrkja
Eidskyrkja, rundtur, 20.2.10
Eidskyrkjeplatået, 15.2.10
Fingeren
Fingeren II, 21.2.10
Fossholtinden
Fossholtinden
Giganten (Mohns Topp), renne
Gluggen, 6.12.11
Gopehornet, 20.4.12
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden
Grøtdalstinden 30. nov.
Grøtdalstindane, 9.6.10
Grøtdalstindegga (namnlaus)
Gubberenna, Molladalen, 31.5.10
Harpehornet, 20.2.13
Hellefjellet, 8.2.2012
Hellefjellet
Hestehornet, 11.1.11
Hòltanna, 24.5.12
Hornet, 13.1.11
Hundatinden, 23.11.16
Hyningane
Høgdetur i Sunnmørsalpane, renner
Jakta, 14.5.13
Jeksla
Jønshornet
Keipen
Keipen(II), 7.5.10
Keipen III, 25.12.10
Kjerringa
Kjerringøyra, 26.4.14
Klovetinden Klovtinden II
Klovtinden
Kolåstinden
Kolåstinden, 30.3.10
Koppefjellet
Koppefjellet II, 12.2.10
Kvasshornet
Kvasshornkollen
Kvitegga
Kvitegga, nesten
Kvitegga, nordaustegga, 21.12.12
Kårdalstindane
Langhornet
Langhornet II
Langnestinden
Liahornet
Lissjedalshornet
Lissje Eidskyrkja, Nordveggen
Lissje Eidskyrkja
Lissjeskåradalen
Lynghalstinden
Masdalshornet
Matøskja, 20.2.13
Melshornet
Masdalskloven, renne, 1.6.10
Middagshornet
Midtre Raufonndalstind 18.4.12
Midtre Sætretind
Mohns Topp
Molladalstårnet, 7.6.12
Nivane
Nordre Grøtdalstind, 21.4.10
Nordre Smørskredtind
Nordre Sætretind
Nordre Sætretind
Nordre Sætretind,20.12.11
Nordre Sætretind, renne
Nøvedalstinden
Randers Topp
Randers Topp II, 27.2.10
Roaldshornet
Romedalstinden
Rotbergshornet, 7.1.10
Råna
Saksa, 16.4.12
Sandegga
Sandhornet, 23.1.10
Sandegga, 17.1.10 Saudehornet
Skarabben
Skårasalen, 7.6.11
Skårasalen, 26.1.11
Skårasalen
Skårasalen
Skårakongen
Skårasalen, oktober
Slogen
Slogen II
Snøhornet, renne
Solskinshatten
Solskinshatten
Snøhornet, Volda/Lauvstad
Snøhornet
Store Brekketind
Store Brekketind II
Store Smørskredtind
Store Smørskredtind
Storhornet
Storhornet - Moagjølet, 30.4.12
Storhornet Bjørke
Storhornet, renne
Storetoren
Sunndalsnipa
Svintinden
Sylvkallen
Sylvkallen
Sætredalsfjellet, 23.11.16
Søre Skåratind
Søre Sætretind, 13.4.11
Trandalhatten
Trandalstind, 28.5.12
Trongegga
Tungremtinden
Tungremtinden-Nesdalen
Tårnet, Austefjorden, 3.6.10
Tårnet
Tårnet, renne
Urkedalstinden
Vassdalstinden
Vassdalstind
Vestlege Velleseterhorn
X5
Ørstafjorden rundt, 04.12
Årsethornet, renne
Åvasstind

 

imgp9594_kopi1

Ronny Haugen på veg ned Skondalen frå Dalegubben, Sæbø, 14.3.09.  Foto: Knut Hustad

Toppturar vinterstid

Fjellturane det er skrive om over, er stort sett meinte som rein inspirasjon – ikkje som detaljerte oppslagsverk om ruteval osb, men gode tips kan du likevel få, særleg om toppturane på austsida av Hjørundfjorden.  Vil du sjølv til fjells, bør/må du ha kart, t.d. turkartet Sunnmørsalpane.  I tillegg bør du absolutt prøve å skaffe deg boka ”Skiturar i Sunnmørsalpane” Fjella vest for Hjørundfjorden, av Helge J. Standal og Jon Hagen.  Boka kjem ut på Iriss Forlag, men er no utseld frå forlaget. Kanskje kan eit antikvariat hjelpe?

Diverre omhandlar denne boka berre Sunnmørsalpane vest for Hjørundfjorden.  Difor kan det nok vere klokt å kjøpe "sommarturboka" ”Fotturar på Sunnmøre” av Helge J. Standal, Jon Hagen og Gunnar Wangen.  Denne boka er også å få kjøpt i dei fleste bokhandlane i Ørsta og Volda, men enklast også her er nok å gå inn på heimesidene til  Iriss Forlag   og kjøpe boka der. Denne boka kan også gi inspirasjon til vinterturar.

Det er som nemnt mange som nyttar fjella "våre" til toppturar vinterstid. Mange av oss drøymer t.d. om ein kald vinterdag med 30 cm ny, lett snø/puddersnø, og at vi står klare til å køyre ned ei bratt fjellside, t.d. sørsida til Grøtdalstinden.  Men NB:  Hugs skredfaren.  Kvar og ein som går på desse toppturane må sjølve vurdere skredfaren og ikkje minst ta omsyn til den. Det kan vere klokt å starte fjellturen ved først å gå innom nettstaden varsom.no.  Hugs også at kameratredning er den sikraste måten å overleve på dersom du vert teken av snøskred.  Hent, skriv ut- og les  skredkort ved å klikke her.  Bruk hjelm og ha på skredsøkar (sendar/mottakar) når du går på fjelltur.  At søkjestong og spade skal vere med er sjølvsagt. Og øv - også på utgraving av kameraten/kameratane.  Det er gravinga som tek mest tid.

God tur.

dsc_0487b imgp5013__large_ 052b

Fred Ingar Somby har akkurat passert Himmelporten på veg ned frå Grøttdalstinden laurdag 10. oktober 09.  Foto: Odd Erik Hovden.  Dette fotoet vart kåra til "Beste actionbilde" i FriFlyt. I midten: Skikøyrar passerer Giganten. Til høgre.: Skisporet.  Skikøyrar på veg ned frå Skårasalen 25.1.11.