lygnstøylvatnet
Menneskeliv gjekk ikkje med i svora og
heller ikkje husdyr fordi dette var på sein
vår og ingen var flytta til støls. 

Tidleg ein fin vårmorgon, tysdag 26. mai 1908, gjekk den største steinsvora soga veit å fortelje om i Hjørundfjorden. Ein fjellhamar rasa ut frå toppen av den 1.218 meter høge Keipen.  Med veldig bulder og brak kom dei store seinmassene ned gjennom Klove-gjølet, fyllte oppi gode slåtteskreder under fjellfoten og gjekk tvers over hile dalbotnen heimanfor vår- og haustsetrane til Skyltad og Norang.

Folket i Norangsdalen har gjennom tidene fått rikeleg røynsle både med større og mindre steinsvorer. Dei forstod raskt at det her hadde hendt noko heilt utanom det som er daglegdags.

Derfor tok mange, så fort dei kunne, turen innover mot Lygnstøylen.

Der møtte dei et syn så dei mest ikkje ville tru sine eigne auge. Frå foten av Keipen og nedover, og tvers over den fine grøderike dalbotnen låg det no ei storgrytt ur av veldige dimensjonar. 200-300 meter brei, og med vekslande høgd frå nokre meter ti lfleire mannshøgder.

Heimanfor svora fann dei elva heilt turr. På dei fine flatenen innanfor, der elva heitte Lygna (logn, still) var det i ferd med å kome eit vatn.

Vegen var sjølvsagt sperra, og folket måtte ta seg fram i ulende for å få oversikt innover sæterkviene med dei 9 sela som no ville verte ned-demde.

Tida før
Fleire karar frå dalen hadde lagt merke til ei lang og djup sprekke på toppen av Keipen, eit godt stykke innpå frå det fleire hundre meter loddrette stupet. Det var også registrert, ved grovt skjønn, at i seinare år hadde denne sprekka utvida seg. Men dei hadde ikkje brydd seg stort om det.

Seint på hausten året før raset var ein mann på saueleiting saman med tenåringane sine. Dei tre var heilt ute på stupet og såg ned i dalen. Gjennom lange tider hadde naturkreftene, med vatnet og temperaturen som "reiskap" gått til angrep på denne "skalken" av Keipen. Då dei tre stod framme på stupet, som dei siste, var det att berre ein sesong til med frostsprenging før tyngdekrafta fekk overta ei lita men uhyre dramatisk stund.

 

gangerolv

 

Gange Rolv
Da Lygnstøylvatnet vart til i 1908 kom også ein kjempestein rasande ned fjellsida frå Keipen. Steinen vart kalla Gange-Rolv, og vart symbolet på det som hadde hendt. Ungdommar i bygda tok initiativ til å få sett på årstalet for raset.
Dette var ikkje så lenge etter unionsoppløysninga, og ungdommane fann det naturleg å plassere Riksvåpenet ved sida av namnet på steinen.

Gange-Rolv står på venstre side ved vegen når du kjem frå Øye, rett før Lygnstøylvatnet.

 

(Kjelde:Ola Norang s 62 - Årsskrift 10 Hjørundfjord Sogelag)