Sledalen-ned 
  

Sledalen er saman med Eidet og Tvergrova dei gardane i Hjørundfjorden som ligg lengst frå sjøen - omtrent ei mil. Garden ligg ved innfallsporten til største sætresalen i Hjørundfjord, Rognestøyldalen. Det hadde sine klare ulemper, noko som viser i gjen i atskillige forlikssaker om beite og gjerdehald i området. 

Tunet låg opprinneleg knapt 300 m.o.h. Då var der to, tidivis tre bruk. Sola er vekk 14 veker. Tunstaden har vore flytta, då fjellsida ovefor garden har mange fonngjøl som peikar mot garden.


Alt på 1600-talet skal Seldalen ha vore heimsøkt av snøfonner, og truleg har folket alt då flytt på husa. Stadnamn som Tyftene og Tyftesundet lenger inne, er nok minne om tidlegare busetting.

I 1825 vart dei så skremde på den eine garden at dei søkte naboen Aksla om å makeskifte eit stykke mark med dei for å bo trygt. Etter 40 år flytta dei likevel husa tilbake på gamletomta. Lengten vart for stor, tilbake til sitt eige. Så gjekk 150 år utan alvorlege episodar. Men i 1968, same morgon som grenda Riise vart øydelagt, kom fonna på ny og sopte løda og gamlestova av murane. 28 dyr mistet livet. Då flytta dei igjen husa til tomta dei hadde på Akslamarka. Der står garden den dag i dag.


 

 aksla
 

Aksla er garden som ligg på reset der Seldalen opnar seg mot søraust. Den er plassert 300 m.o.h. og alderen er uviss. Bygdebøkene ser ikkje spor av den før 1603.


Det er lang solgang på sommarstida fordi garden ligg ope mot nordvest, men frå 3. november til 6. februar er sola vekk.

 


Rognestøylen og dei andre setrane i Sledalen 

Framme i Sledalen ligg både Rognestøylen og Riisesetra med Rekkedalskvia på andre sida av elva. Hit skulle dei frå Rise, Årskog og gardane nedst
på Holen. Det var ei stor utfordring å få dyra fram til Risesetra utan at dyra kom inn på annan manns eigendom når eng og åker stod i sin beste vekst i juni/ juli. Sætrerettane som gardane langt nede i dalen hadde fått, må ha samanheng med giftarmål og slektskap.

 


 

 Aktuelle lenker
 

  • 1968 - Raset i Sledalen

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!