Tunet Stavset er utsett for ras og det er ikkje tilfeldig kvar husa står.

Likevel i 1942 small ei fonn rett i husveggen på Oppigarden. Tømmeret heldt, men midtpartiet med kjøken og gang gjekk fonna rett gjennom. Dette hendte midt på dagen og på kjøkenet sat kona i huset. Naboguten kom til og fekk berga ho uskada opp og ut frå snøen.

Huset har seinare fått påbygg oppover som skal vere betre rusta mot kreftene - om tunet nok ein gong vert ramma.