Otóla og og brudefølget
1. nyttårsdag 1770 vart ein tragisk dag for Hjørundfjorden. Siri Skjåstad gifta seg med Peder Rørstad. Brudefylgjet deira i tre båtar fra Bjørke var på veg tilbake fra kyrkja på Sæbø. Det var sein ettermiddag og snart mørkt. Vanliegvis i rasfare held kyrkjefylgja seg midtfjords. Men kanskje var det iveren etter å kome heim som gjorde sitt til at dei denne dagen korta inn på ferda ved å halde seg inn mot land?
Eit snøras losna frå fjellet Otolá, kom med stor fart og ramma alle tre båtane som vart knust til pinneved av lufttrykket. Snøen og flodbylgjene gjorde så sitt til at alle var liggande i det iskalde vatnet. Viddalingane som kom fossroande etter å ha høyrt naudskrika, forstod at dette ikkje kunne ende godt. Fem ungdommar vart berga før det var for seint, sterkt nedkjølde men i live. Åtte døde vart funnee og tekne opp i båtane. Dei andre vart vekk for alltid.
Då dei ga opp letinga tok dei med seg ulykkesbodskapen og dei døde til Bjørke. Der vart desse lagde inn i Lassegardsnaustet og til deira store sjokk viste det seg neste morgon at ei av kvinnene likevel hadde vore i live. Ho hadde snudd seg, sett seg halvegs opp, drege av seg eine sokken, men fraus i hel i nattekulden.
I alt omkom 27 personar. Dei kom hovedsakeleg fra gardane oppe i Skjåstaddalen.