218-Skylstad
 Skylstad - Marie Takvam kom frå det fyrste kvite huset her t.v.

x-Kart-ikon

 

  Skylstad er dei fremste gardane før sjølve Norangdalen. Tuna ligg på cirka 90 meter over havet. Dette er ein gammal gard minst fra vikingtida. Ei øks frå 1030 vart funne under dyrking i 1976.


Skylstad har vore av dei aller rikaste gardene i Hjørundfjorden. Rundt 1640 var Ola Jonsson Skylstad nemnt som den rikaste mannen i Hjørundfjord. Faren hans Jon Skylstad gjekk i sylvsmedlære i København. Det vert fortalt at dette kom i orden fordi Jon hadde fostra opp Kristiane - ei dotter som Kristian IV hadde fått etter eit opphald på Sunnmøre... Ola gifta seg seinare med denne Kristiane.


6. februar 1679 vart nesten heile Skylstad sopt av murane av Brekkefonna. Nesten heile sørveggen av Slogen gleid ut. 28 (ei kjelde seier 27) menneske omkom. Skylstadskredet er skildra som det nest største snøskredet i landet. Berre Klemmhamarnskredet 12. februar 1868 har teke flere menneskeliv. Der døde 32. 
Bak Skylstadskredet som det tredje største snøskredet, der vi kjenner talet på omkomne, fylgjer storskredet framme på Valset i Bondalen. Der miste 27 mennesker livet same natta som ulykka på Skylstad.


Husa som vart røyste etter raset vart sett opp på ein sikrare stad. Dei vart flytta fire-fem hundre meter ned på same side av dalen.
Enno kjenner dei som byr på Skylstad godt lufttrykket frå Brekkefonna,  men no er gardane rimeleg sikre. Sola er vekk frå 15. oktober til 1. mars.  



svebrua

Svede-brua (ikkje Sve-brua som enkelte kjelder oppgir).. Ligg ute på Skylstadmarkane.
Den er bygd i 1832  (Kjelde: Kristoffer Skylstad). 


Aktuelle namn:
Marie Takvam (1926-2008), diktar som vaks opp i Olagarden på Skylstad.
Rasmus Skylstad, (1893 -1972), direktør i Folkeforbundet (Geneve), sentral rådgivar for UD i London under krigen, utanriksråd i UD og norsk ambassadør i Paris. Foreldra var frå Olagarden (mor) og Jogarden (far).


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du har rettingar, meir som bør kome med!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!