Høge tindar og farlege fjell er det same som at faren alltid kan lure. Dei som bur her ser at det er vakkert, men vi har også til tider sett på fjella som trugande stengsler. Fonner frå bratte gjøl og fjellsider har skapt i så mange høve død, sorg og elende i bygdelaga våre.

Det er gardar som no er vekk, eller har vorte flytta innan eiendomsgrensene gong på gong for å unngå steinras eller snøras. Likevel, her ville dei bu før oss, og dei ga ikkje opp sjølv om naturen viste krefter. Det gjer vi ikkje no heller, om det enten er komande flodbølgjer frå Storfjorden som kan kome innover til oss, snøras eller steinras det står om. 

I generasjonar var det heilt vanleg at mann eller kone, gjetargut eller jente ramla ned og slo i hel frå bratte bergveggen i leiting etter dyra, eller i arbeide med å få graset i hus. Det kunne stå om vegarbeide eller i høve drift på sjøen.

Dei aller fleste frå Hjørundfjorden har sjølv slekt eller veit om nokon som har nær slekt som har mist livet på grunn av større eller mindre snøras eller steinras.

Hardast ramma i landet
Av de fem største kjente snørasa i Norge som har teke flest liv, har tre ramma Hjørundfjorden:

  • 28 døde i Skylstadskredet 16. februar 1679, samstundes som
  • 27 personar døde i Valsetskredet, og
  • 27 mista livet da Otóla ramma eit brudefølge 1. januar 1770.

renda_var_fonnsikker4

På biletet ser vi husmannsplassen Renda på Rekkedal. Den låg rett nedanfor det store Geitgjølet som kan sende snø helt ned til elva. Raset har alltid delt seg til begge sider på grunn av en rygg ovanfor huset. I dag er dette historie. Huset vart teke ned på midten av 1980-tallet og sett opp att på Årskog lenger nede i Bondalen.

Samleside av artiklar som omhandlar "Rasulykker i Hjørundfjorden".