kvinne_fraa_hjoerundfjord___1845__Det vert fortalt at Hjørundfjordingane - og spesielt Standalfolket - kunne vere av skotsk herkomst ut frå sin utsjånad, språk og sine drakter.

I tidlegare tider vart dei skildra som høge og mørke, noko som skilte dei utsjåandemessig frå dei som budde i nabobygdene.

Kvinnene her nytta "plagg" - eit stort firkanta tørkle som vart lag saman slik at ein spiss gjekk ned på ryggen. Desse var vevde i ulike mønster og farger, som kunne minne om dei skotske "Tartans". Fargane var ikkje kjende i bruk andre stader på Sunnmøre.

Over håret bar kvinnene ei rund lue. Den sat nesten vertikalt på bakhovudet. Dette var heilt spesielt for kvinnene frå Hjørundfjord.

Langs fjorden er det påvist fleire funn av irske smykker, blant anna på Standal og på Bjørke.

Det som er sikkert er at byane ute i Europa vaks, og frå 1500-tallet vart det høve for sal og eksport av byggtømmer. Det meste vart skipa ut til Nederland og nettopp Skottland...

 

Kjelde: s.11-12 i årsskrift "Frå Hjørundfjord" 11 - 1989. Hjørundfj.soga s 175.


Send kommentar om du veit meir som bør med!) 
Kilde: E.A.Tvergrov samling av fakta +
Hjørundfjord sogelag sine bøker
Kjøp og sjå -
http://www.hjorundfjord.no/sogelaget/