Hjørundfjord har særleg mange senger om troll. Mange av segnene har også så gamle røter at ein trygt kan plassere dei langt attendei mellomalderen. Dei er då med å fortelle sitt om folketru og samhøvet mellom folk og natur.

 

Trollgjøtta

 Jura1Jura1
 

Svært mange navn i Hjørundfjorden har med troll og gygre (djur/jur) å gjere. Dette tyder på at trolldom har hatt stor makt i folketrua.

Trollgjøtta er et fonngjøl cirka 1. km nord for garden Nes (ut fjorden). Øvste del av gjølet går over i ein 100 meter høg og loddrett berghammar. Her ser du  Trollgjøttemannen.

Det finst fleire segner om Trollgjøttemannen - sjå f.eks. under Heilag-Olav.

Likevel det mest interessante er naturfenomenet ved Trollgjøtta. Det ryk og smell!

Du kan sjå røyk i nedre delen av hammaren når veret skiftar og du kan høyre smell av skot (som får Isflåmannen på Nordre-Vartdal). Det var i denne delen av hammaren at jettene budde.


Jura - ei trollkvinne/gygr som budde inne i Trollgjøtta (eller mulig inne på Viddal), hadde fått et frieri fra et troll (jutul) inne i Råmannsgjølet ved Skår.

Jura1
Jura2Jura2

 Jura held til på fyrste ryggen etter Molaupen. Ca rett over for Ytre-Strandal.


Jura reiste dit for å sjå kva dette var noko til kar, men måtte ha vorte særs skuffa over det ho fekk presentert. Han var både småvaksen og lite å sjå til, syntest ho.

I rein forakt spytta ho på Råmannen og forbanna han til stein. Slik står Råmannen i Råmannsgjølet utenfor Skår i dag.

Steinen liknar på eit menneske, og skal stå litt opp i gjølet.
- Du må heilt inn til land for å sjå den - ikkje prøv frå sjøen, sa ferjemannskapet ombord på ferja som krysser mellom Leknes og Sæbø.

(Dette er en variant blant flere av dette sagnet).


Jurafetet

jurafetet
 
Jura2
 Jurafetet ligg heilt nede i sjøkanten - tvers overfor Ytre-Strandal.

 

Ut på Hjørundfjorden vart Jura etter all harmen sin, overraska av storm. Dermed dreiv ho langt utover, og havna klin inn i fjelllveggen rett før Molaupen. Der sette ho eine foten mot land og sparka frå med slik kraft at sporet etter skoen “Jurafetet” fortsatt står der i vannkanten.

Det veldige sparket sendte trollkvinna tvers over fjorden til Trollvika mellom Stavset og Ytre-Standal. Der skar båten i land og laga tydeleg merke. Båten dreiv deretter innover, sakk utanfor Stavset og skapte seg om til ei “flud”. Dette er Stavsetfluda - ein av dei beste fiskeplassene i fjorden.

Oppe i fjellsida før Molaupen ser du ansiktet til Jura (noko vanskelegare å oppdage enn Trollgjøttemannen). I følge med Jura ligg både eit ektepar og kjentfolk ser enda tre ansikt i fjellsida her.


Trollkyrkja
Over Jura ligger kjempesteinen som folk her kaller Trollkyrkja.
Den viser som eit svart punkt på vinterstid.


 

* Hjørundfjordsoga nr.1 s.140. -
** Årsskrift nr 10 1988 s. 37-43   og Årsskrift nr. 12 - s. 19-23


(Eli Anne Tvergrov
Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker som du bør lese!)
Kjøp og sjå - http://www.hjorundfjord.no/sogelaget/