Morka er to bruk samla, og med Vollane noko lenger mot sør. Gamletunet med dei eldste bygningane har så lenge nokon veit vore plassert tett saman i ly for steinsprang nedanfor den digre Morkasteinen eller Storhellin, som gardsfolket kallar den. Steinen har verna mot ras og det er ikkje kjent at det har vore uhell. Tvert i mot har steinane i ura vore svært gode å ha for brukarne. Ein av hellarane vart  nytta som smie, og ein mot vest som reiskapshus.  


Gamletunet har altså vore godt verna for ras, men elva kunne gjere sitt til at dei vart heilt isolerte i flomperiodar før ei ny og mer motstandsdyktig bru kom på plass. Morka har av dei flataste innmarkene i Hjørundfjorden, men det var myrete her. Med dårlig grøfting i tidlegare tider fekk dei ikkje så mykje ut av markene før, viser gammal dokumentasjon. Dei slo høgt oppe i fjellsidene, fleire stader gjorde dei dette heilt til 1930-åra. Høyet vart teke ned med meis, seinare med løypestreng. Truleg hadde Morka særs god furuskog. Men alt vart høgd ut - kanskje så tidleg som på slutten av 1600-talet. Garden har vore i rettsak med bøndene på Bjørke fordi dei der nede hindra fisken frå å gå opp i elva. Betre grøfting og utnytting av den flate jorda, saman med dyrking av rundt 300 mål oppe i  Sledalen i 1980-åra, ga grunneigarane ein heilt ny driftssituasjon.  

 


Sogelagsbøker

Kilde: Innbyggjarar på Hjørundfjordstranda og Hjørundfjord sogelag sine bøker & Ragnar Standal
som vert anbefalt på det varmaste!
 

Kom gjerne med supplement - skribenten er usikker på ferske fakta!