Saure er fyrste gardane opp frå Bjørke. Her var det tidlig busetting, noko funn frå yngre jernalder kan stadfeste. Brukarane fekk kjøpe ut gardane rundt midten av 1800-tallet (sjekk) fram til då var jorda bygsla. 

Fram-Saure ligg 75 meter over havet og 2,5 kilomter opp frå sjøen. 

Rundt 1799 kjøpte brukarane seg ut og slutta å bygsle.  



Raustad låg opprinneleg som eit klyngetun med seks bruk. Der var det meir enn 30 hus rundt 1880.  Dette er gamle gardar.

På Raustad står det også eit freda bygg frå mellomalderen i form av Rasmusstabburet. Det viser oss samstundes at Skjåstaddalen hadde svær skog i eldre tid. Stabburet har berre 4 stokkar oppunder rafta.  Før utskiftinga starta var innmark og utmark delt i nesten 250 små teigar. Dette vart det orden på etter innmarksutskiftinga 1927-1930 med samling om 10 teiger. 

I dag ligg gardane meir spreidd langs vatnet, sjølv om rasfare hadde sitt å seie for at dei ikkje flytta så langt frå kvarandre. Sola er vekk 13 veker på vinteren.  

På Raustad ligg blant anna Jakobgarden som på eigne nettsider fortel at dei er sjølvaste Fjordhestgarden på Sunnmøre.  

 


Sogelagsbøker

Kjelde: Hjørundfjord sogelag sine bøker & Ragnar Standal sine bøker.

Kom gjerne med meir informasjon - skribenten er usikker på ferske fakta!