|
Nise held til i Hjørundfjorden som ei fast stamme. | |
| Grindkval kan periodevis på hausten kome som ein aldri så liten kvalinvasjon. | |
| Spekkhoggar kan også periodevis jage her. Lokalt har den også namnet "Staurhønning". | |
| Torsken kjem oftast på etterjulsvinteren. Torsk under 3 kilo hadde eigenamn "Kroppung". | |
| Hysa helst i mars og utover, då kjem den for å gyte. | |
| Silda kjem innover i mars-april, små sild (brisling) og den som er
større. Det er etter henne både spekkhogger eller grindhval kan kome.
I det silda kom gjekk nota ut i gamle dager. Vaktposter vart sett ut
for å fylgje med og for å sikre best moglege kast før naboane rakk i. | |
| Sei og lyr er her heile året, medan storseien kjem spesielt i april og mai. Notlaga gjekk ut etter sei og lyr på ettersommaren. | |
| Uer I Hjørundfjorden kjent som "Klokkar" om dei minste av dette slaget. | |
| Makrell kjem helst i august og
september. Så var det tid for silda. | |
| Knorr Auskjærrjåt - ut frå lyden .... | |
| Kveite til jul var svært viktig - for det var kveite som skulle være på bordet julekvelden langs fjorden. | |
| Havål, størje og brugde kan bite. | |
| Laks Pjakk (ungdommeleg laks) | |
| Ørret - lokalt Kræde. |
|
Alke og lundefugl kjem inn frå kysten om det er godt innsig av fisk. | |
| Skarv - toppskarv er vanleg. Skarveskiten på Molaupshammaren vart brukt som lokkemiddel for laksen. Det var kjent at den gjekk mot kvite merke (blik) i fjellet. Derfor malte også fleire av notlaga slike i fjellsida for å få laksen til å gå mot desse og inn i nota. | |
| Kongeørn og havørn er dei flottaste fiskarane i fjorden. De har begge tilhaldsstader her inne i fjellhamrane. | |
| Ugler: Hubro, kattugle..... | |
| Diverse: Songvaner, toppand, saman med blant anna dvergfalk, sivsporv, buskskvett, toppmeis og raudstjert. | |
| Spettefamilien Gråspett og dvergspett har tilhald lang fjorden. I deler av heile gamle Hjørundfjord kommune er spettmeis og kvitryggspetten observert. Hakkespett har i Hjørundfjord også eit eige namn: "Treklopp". | |
| Fossekall kan du finne fleire stader opp langs elvane våre. Ikkje rart når Hellesylt, ei av nabobygdene våre, er kjent for å ha ein av dei største lokasjonane. I Norgangsdalen nytta dei for øvrig namnet "Elvaprest" om denne vesle flotte fuglen. |


