EDELLAUVSKOG | |
Edellauvskog - det vil seie skog med vesentlige innslag av hassel, alm og
svartor og/eller ask, eik og lind er det mykje av i den solrike sørsida av Hjørundfjorden. | |
| Barlind (Taxus baccata) er Noregs sjeldnaste bartre og er vanlegvis eit lite tre eller ein busk. På Barlindneset i Hjørundfjord veks Europas nordlegaste førekomsten av arten. Enkelte er opp til 9 meter høge med omkrins på opp til 1,6 meter. Barlinda her vart påvist alt i 1918 av Ove Dahl. Barlinda veks også lenger ute og inn langs den sørvendte sida av fjorden. Vanlegvis held barlind til i fuktige kyst- og fjordstrøk i Sør-Norge. Så langt som nord til Hjørundfjorden er spesielt! |
Lind. Linderemen utanfor Maradalen er mellom dei nordlegaste stadane i verda det fins viltveksande lind. Trea er opp til 10-12 meter høge. Bestanden har vore kjent sidan 1882 og har fått verdi A (særs viktig). | |
Hassel (Corylus avellana) - I utmarka til Rønningen (Trandal) har vi den største og best utvikla hasselskogen i Hjørundfjorden. Denne har fått verdi A (svært viktig) og det er stort potensiale for at det er er sjeldsynte og raudlista soppar i skogbotnen. Men terrenget er ikkje godt undersøkt enno. Aktuelle arter kan vere gullkremle, marsipankremple, grå trompetsopp og rustkjuke. | |
Vill eik veks i lia ved Leknes og under eikeskogen ei rekkje sjeldne planter og soppartar. | |
BARTRE | |
Olivinfuruskog/kystfuruskog - furuskog på olivin/serpentin er viktig skog å ta vare på. På Leknesnakken ligg ein av få uberørte lokalitetar i verda med furu på olivinfjell. Olivinområda har ein særprega flora og vegetasjon, med einskilde særleg tilpassa artar. Dette gjeld spesielt sopp, mose og lyng. | |
rel="ekstern" |
Kvit skogfrue ((Cephalanthera longifolia) er totalfreda (raudliste art). Dette er en plante i marihandfamilien (orkidéfamilien) du kan finne lang fjorden i hasselskogen. | |
Andre sepnnande arter som ein finn langs Hjørundfjorden: Solblom, aurikkelsvæve, beitesvæve, heiblåfjør, hårsvæve, klokkelyng, kystgrisøyre, kystmaure, lundgrønaks, hengeaks, breiflangre, kranskonvall, svarterteknapp, vivendel, fuglereir, jordnøtt, myske, ramslauk, sanikel, skogfredlaus, skogsvinerot, sumphaukeskjegg, trollurt, kystrustkjuke, lungenever, lakrismjelt (regionalt sjeldan), ramslauk, kusymre, brunrot, krossved, fagerperikum, gullkremle og hasselskrubb, grønburkne, blankburkne, svartburkne, liljekonvall, fagerperikum, kranskonvall, brunrot, fingerstorr, myskegras, storfrytle og krattlodnegras, jordnøtt, krossved, lundgrønaks, skogfaks, blåklokke, blåknapp, blåtopp, fingerstorr, jåblom og storklokke. | |
I fjellet kan ein nemne aurikkelsvæve, blåkoll, fjellaugnetrøst, harerug, heiblåfjør, heisiv, heistorr, kystmaure, revebjelle og skoggråurt. |
Aktuelle lenker:
Sjå også www.orsta.kommune.no/getfile.aspx/document/epcx_id/987/epdd_id/530