Skaar-2
skaar
 Skår (Foto:E.A.Tvergrov)

x-Kart-ikonSkår er en strandgard, og er nok den som ligg mest einsamt til no i vår. Samstundes er busettinga her gamal, minst fra vikingtida. 

På Skår var det berre ein stad husa kunne stå trygt. Kvar rasa gjekk vart bokstaveleg tala banka inn i yngre slektsgreiner. Ein gong tok faren her gardsguten utpå snøbreen, og piska ham med bjørkeris som fonna hadde lagt igjen. Slik skulle han aldri gløyme kor farlig det var akkurat der...

I 1968 var det nærgåande snøras, men den store grusryggen ovanfor husa var til å stole på.
Den vendte fonnbreen oppover i dalen. Om ikkje ville det knapt vore buande her.

Prisen for å bo trygt, har gjort sitt til at talet på soltimar har vorte færre der husa i dag ligg.
Sola er vekk 14 veker og det er fyrst og fremst morgensola innbyggjarane her har glede av.

Skår har hatt store utmarksvidder, som dei har stor nytte av som beitemark.  I dag for geit, tidlegare også for kveg. Skår hadde kyr ute på øyane i byte mot kyr på for og stell frå øyane inne på Skårasetra sommarstid.

Garden vart kjøpt ut frå kyrkja av dei som budde her i 1879.

Sætredrifta var i gang heilt til 1958.

Skårafolket var kjende som dyktige havfiskarar og fangstfolk.

I dag er det berre to som er bufaste på staden.  Geit her hovedlevebrødet.

 

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!