![]() | ![]() |
Sæbø vinter og sommar |
Temperatur
- Middeltemperatur i juli har fram til no vore på ca. +14-14,5 grader.
- I januar er middeltemperaturen vanlegvis 0 til 1 plussgrad.
- Men det kan være ned mot - 30.
- Det kan vere opp til 5 grader kaldare oppover i dalane i forhold til sjølve fjorden.
Vind og stille - sol og regn
- Fallvind er vanleg her inne. Den kjem når luftmassane er ustabile og då strøymer denne lufta oppefrå og ned mot bakken i stor fart. Då er det riskikabelt å segle på fjorden, eller være i open båt. Det kjem brått på!
- Kaldt vatn frå dei mange elvane som strøymer ut i fjordane kan føre til at det vert skodde. Dett skjer særleg på vinteren, når dette legg seg over det salte og varmare fjordvatnet og frys til (sjå bildet over).
- Fenomenet skjer ikkje så ofte no etter kraftutbygga innst ved Bjørke.
Det har ført til varmare vatn i fjorden.
- Er det havskodde ved kysten, kan det vere strålende sol inne i fjorden.
- Ser du fjella i raud sol på kveld held fineveret fram.
- Samlar skodda seg langs tindane varsler dette dårleg vær.
Sjå også Hjørundfjordsoga - Kultursoga I