lida
eidet
Utsikt frå Tvergrova mot Bureisaren og Lied.
 Utsikt frå Tvergrova mot Eide og kommunegrensa
mot Bjørdal og Ørsta kommune.

Lida og Eidet er gardane høgst oppe på sørsida av Bondalen.  Dei ligg på cirka 275  m.o.h. og busettinga kan vere frå mellomalderen. Sola er ikkje vekk meir enn 4 veker på vinteren. Snømengdene kan vere store. Frost på hausten og snø som låg lenge på våren var det dei frykta aller mest. Så seint som i 1955  var det ikkje fritt for snø på bøen i meir enn 5 månedar.  


Bureisaren

I dei harde 30-åra her i landet, vart dei udyrka viddene på sørsida av elva fremst i Bondalen sett på som interessante. Både Rekkedal, Lida og Eidet hadde jord dei kunne selje for å styrkje eigen økonomi.I 1934 kunne Møre Landbruksselskap gi rom for fleire bureisarar her. Innflyttarane kom frå Skredestranda i Sande, Volda, Nordfjordeid, Langevåg og frå Bolsøya i Romsdal. Veistrekninga frå Lida til Eidet vert den i dag i dag kalla for “Bureisaren”. Dei fleste som etablerte seg på Bureisaren braut og bygde på kort tid imponerande gardsbruk av ingenting.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!