Valset (nordsida) er frå vikingtida. På fyrste teigane til gardane på Valset ligg det flere gravrøyser frå den tid og her har dei funn både hestebissel, vikingsverd, øks og spyd. Valset låg tidligare sør for Fjellselva. Men i 1679, samstundes som snøraset på Skylstad i Norangsdalen gjekk, omkom 27 mennesker etter eit snøras (eller vassglåp). Husa på dei 4 bruka vart raserte. Det vart gjort stor skade på innmarka og mange husdyr strauk også med. Derfor vart gardene flytta til ei klynge nord for elva og etter utskiftinga i 1843 spreidd på rekke framover.
Tvergrov (nordsida) er gardane øvst på nordsida av Bondalen. Husa ligg på cirka 250 m.o.h. Sola er her året rundt, og dei store snømengdene (gjerne opptil to-tre meter utanfor husa) smeltar heldigvis raskt unna i sørvendte bakkar.
Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp! Kjelde: I hovudsak
Hjørundfjord sogelag
sine bøker
& Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!