Rise er fyrste gardstun på nordsida av Bondalen. Dette er ein av de aller eldste gardane i i Bondalen. Tidlegare låg Rise i eit klyngetun og her budde både prest og lensmann. Rise hadde snøfonnene tett på, men gjekk klar dei store ulykkene heilt fram til 1968. Då gjekk Korsen og raset sopte nesten heile klyngetunet med seg. Gardane vart frå 1968 flytta lenger fram i dalen og ned mot Bondalselva som no var tryggare å busette seg ved enn i tidelgare tider før dei "temde " den.
På Rise er det storproduksjon av egg og på markane mot Sæbø røyser ein fellesfjøs seg med namnet Sæbø Storfe. Dette er ein av to store fellesfjøsar (den andre på Rekkedal) som kjem opp i 2008. Mest sannsynleg dei største investeringane som nokon gong har vore i landbruket i Hjørundfjorden!
![]() |
Årskog (nordsida) er gardsbruket etter Rise, langs den gamle hovedvegen i dalen.
Holen er gardane oppe etter den fyrste stigninga frå fjorden. Dei "ligg" på ein tørr sandrygg. Ein god del av denne sandryggen er gjennom åra nytta ut til grus og støypesand. Grushola til Holen Sand og Grus AS viser godt i landskapet og har gjeve arbeid til mange frå Bondalen.
Opp frå Holen er det fint å gå opp via Lissjedalen til blant annet Nøvedalen, Sylvkallen og over til Store-Standal.
Riseulykka 1968
19. februar 1968 tidleg om morgonen kl 06.40 løsna raset “Korsen” frå Lissjedalshornet (1310 m.o.h.). Det var nesten 400 meter breidt då det nådde dalbotnen. 17 bygningar vart heilt eller delvis rasert. I dei fem Risetuna var det 20 mennesker tilstades. 11 vart gravd ned i dei store snømengdene. Eit eldre ektepar døydde og ein liten gut på 4 år.
Aktuelle lenker
![]() |
Riseulykka |
|
Fotoreportasje frå fellesfjøsen Sæbø Storfe |
![]() |
Turforslag ut frå Holen |
Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp! Kjelde: I hovudsak
Hjørundfjord sogelag
sine bøker
& Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!