web010605kvistad2
 Foto frå Kvistadsida ned mot Sæbø henta frå www.voldaveiret.no,
der det ligg mange andre flotte foto frå Hjørundfjorden.

På Mo (sørsida) gjekk det eit stort jordras i oktober 1845 der flere hus vart øydelagde. Ein eldre mann og kona hans vart trukke halvdøde ut av ruinane. Tre familier stod uten hus og hadde mista mange av dyrea sine. Mykje av den beste åkerjorda var tapt. Husa måtte flyttast lenger fram på eigendomen. I dalen vart det organisert innsamlingsaksjon for dei naudstillte.

Kvistad (sørsida) ligg midt i Bondalen, og her har det vore trygt for ras. Det er blant anna funne fleire båtgraver her og gardane er frå vikingtida og helst endå eldre. Kvistad var opprinneleg eit klyngetun. Fyrst etter utskiftinga i 1920 vart bruka spreidd. Gardbrukarane har vonde erfaringar med brann i klyngetun. To av gardane brann ned i 1743. Kvelvingsbrua over Bondalselva kom opp i 1891. Den vart dessverre reven og i staden heilt erstatta av brua som står der i dag frå og med 1954.


 

rasmusgarden
 Rasmusgarden på Kvistad F.v ser vi gamleløda der hest, gris og sau
heldt til. Bygget vedsida av er kufjøsen, deretter vedhuset. Bak vedhuset
ser vi stabburet og hovudhuset. Det vesle huset ved bjørka, er tørkarhuset,
der dei hadde korntørke. Bilete er teke våren 1955 mot Frølandsdalen.
Nyløda var under bygging til høgre for huset, så gamletunet er delvis borte.
(Fotograf: Jørgine Kvistad, 1955.) Henta frå elevoppgave Sæbø skule.


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!