rekkedal-heimste rekkedal-fremste
Haugen oppe t.v.I framgrunnen Ivergarden med
skimt av Simagarden og Berngarden oppe t.h.
(foto Jan Arve Rekkedal)

Fremst skimtar ein hustaket på Rekkedal skule,
så fylgjer Monsgarden, Toregarden, og Magnusgarden.
Dalen opp og bak er Sledalen.

(foto Jan Arve Rekkedal)

 

Haugen saman med Rekkedal tel seks - åtte gårdsbruk.

Rekkedal er dei einaste gardene i Bondalen som strekk seg på tvers av dalbotnen. Frå gamalt av var det fire jamnstore gardsbruk her. Namnet har samanheng med elva Reka (den drivande). Det er navnet på Bondalselva her oppe, før den møter sidelva fra Sledalen.

I ei dobbelgrav har dei funne ei vevskei og perler saman med smie-reiskap, våpen og gårdsreiskap datert til 600-800 e. Kr. Alderen på gardsbruka strekkjer seg dermed i alle høve attende til yngre jarnalder.

Rekkedal ligg 180 m.o.h. og sola er vekk 7 veker på vinteren.

Bøndene har ofte levd i spenning på våren om når snøen ville reise av bøane. Til seinare, til større fare var det for at det ville verte mangel på mat for dyra. På hausten var det på ny frykt for at frosten skulle kome tidleg og øydelegge avlingane. Bork frå rogna var då eit viktig tilskot.

I Heimste Tveradalen har det vore gjort skjerp ein stad på 1880-talet, truleg etter felstpat. Men dalen ligg høgt og der fell mykje snø, så det vart berre med planane å få dette i fullverdig drift.

På Rekkedal kom det fyrste kraftverket i Hjørundfjorden i 1918, og i 1923 vart det etablert ysteri for å nytte krafta i dei økonomisk harde mellomkrigsåra. Dette var i drift i 20 år og kraftverket i 27 år. Rekkedal hadde eigen samvirkefilial (lagt ned 1971) og felles fryseri (også til ut på 70-talet).

I 1895 skipa dei Rekkedal skule, den vart erstatta med en ny bygning i 1955. Skulen vart nedlagt i 2002. Alle born i dalen gjer frå seg grunnskulen, 1. - 10 steg, på Sæbø skule.


Slik vart Rekkedal (Ville og Tryset ) til

Segna seier at ein mann på Rise hadde sju søner som ikkje hadde eiga jord. Han sa til sønene at dei skulle gå framom Tverelvene og rydde seg gard der dei ville. Som sagt så gjort. En bygde på Ville, En på Tryggeset og den tredje på Rekkedal. Han som bygde på Ville la under seg alt på vestre side av elva like fram til grensa mot Ørsta. Han som bygde på Tryset tilegna seg heile bersida på østre side av SToreleva til Bondalbakken mot Bjørke. Han som fekk Rekkedal la under seg alt på vestre side av Storeelva like til Bondalsbakken mot Bjørke, og fram på søndre side langs Videtjørn-elva til grensa mot Ørsta. 


 

Rekkedal Gjestehus

116-Tryggestad

 

Rekkedal Gjestehus vart etablert i 1993 og i 2006 mottok dei to som driv anlegget Bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Norge i Møre og Romsdal.

Det starta med renoveringa av tømmerstova, “Iverstova” på garden (frå 1870). Der etter fulgte løa. Fleire bygg har kome til etter kvart. For dette omfattande restaureringsarbeidet har dei også motteke  “Godt vern” pris.

Iverstova vert nytta som eit mindre selskapslokale, grindløa fra 1880 som er sett opp kan ta mot 50 gjester på langbord/småbord.

 

 

 

 


Aktelle lenker og namn:


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!