Det første fjernsyn av Hjørundfjordstinderne gjennom Bondalen er i høieste grad overraskende... ... Det er et fullendt alpelandskap, overraskende som det kom over oss, med sin møreblå farvetone, og til dels belyst av den dalende sol, står det for mig som det skjønneste jeg så i Søndmøre. ... (fra NTÅ 1876 - artikkel av Emmanuel Mohn) |
Den opne dalen med sidedaler har truleg gjort sitt til at Bondalen har ein lavare vintertemperatur enn ellers langs fjorden. I klarvér kan det vere skille på 5-10 grader under, så frostrøyken driv bortetter Sæbøvika.
På Sæbø har det vore fleire møbelverksemder opp gjennom åra. Hjørundfjordingane og Bondalingane har tradisjon for å delta på vinterfiske og fangst. Her var mange dugandes bygningsarbeidarar, anleggsfolk og vegarbeidarar. I Bondalen har det vore oppdrett av rev og mink. Fleire kjende hestehandlarar var frå bygda.
I dag er enno gardsbruka viktige i Bondalen, men no oftast i kombinasjon med anna yrkesinntekt. Siste no er utbygging av fellesfjøsdrift. To store er under oppføring i 2008. Truleg den største satsninga nokonsinne i Hjørundfjorden.
Her ligg også eit godt synleg grus- og sandtak på Holen, som gir arbeid til flere frå dalen og grendende kring.
Turisme er viktig knytta til blant anna hotelldrift, utleiegehytter, restaurant og camping.
Dei lokale servicefunksjonane er samla på Sæbø, men det er mange som pendlar ut av Bondalen til arbeide i kommunesentra i Ørsta og Volda. Fleire gjeng turnus innan maritim og marin sektor eller knytta til oljeutvinning i Nordsjøen.
Bondalselva
Det
rett store fiskeeventyret var på slutten av 60-tallet og et stykke ut
på 70-tallet. Etter et heller laber fiske har det siste åra teke seg godt
opp att.
I 2005 vart det fiska 4.242 sjøaure og 3.294 laks med en snittvekt på 3,1 kilo på laksen og 1,1, kilo for auren.
Bondalselva er delt i fleire soner og sesongen varer vanlegvis frå 15. juni til 31. august.
Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp! Kjelde: I hovudsak
Hjørundfjord sogelag
sine bøker
& Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!