Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "trimgruppa 13" som stikkord

Bodil Skare

25.10.2013

Zumba og Aerobic

Komande veke byttar instruktørane på dagane i gymsalen.
Klokkeslettet vert som før, men det vert Aerobic på mandag og Zumba på torsdag.

Les heile

Bodil Skare

16.10.2013

Måndagsturavsluttning

Siste tida har vi vore velsigna med eit fantastisk haustvêr, og mange har fått ulyste seg i dei flotte fjella vi har rundt oss.
Teikna på at vinteren er i kjømda har vorte klarare, og vi i trimgruppa har feira tursesongen 2013 med bilder, mimring og god mat på klubbhuset.
Her kjem lista over vinnarane frå årets trekking...

Les heile

Hilde Sæbønes

07.10.2013

FRISK TUR PÅ GAMLEVEGEN.

Det vart ein frisk og rask tur denne mandagen.
6 stk møtte i eit pøsande regnvær,men etterpå var alle samde om at det var ein gilde tur.

Les heile

Hilde Sæbønes

30.09.2013

Frølandsetra.

Det vart ein sjelden vakker kveld på frølandsetra denne mandagen.Etter kvart som tida gjekk fekk vi oppleve eit fantastisk flott lys-spel på himmelen.

Les heile

Bodil Skare

21.09.2013

Tid for trim!

No er det på tide å starte innesesongen i gymsalen.
Trimgruppa har eit tilbod med instruktørar to kveldar i veka, kom å bli med!
Vi har eit særs godt tilbod til ungdomskule, vidaregåande og studentar.

Les heile

Bodil Skare

20.09.2013

Haust i Olavsdalen.

Godt kledde for regn møtte vi opp til ein hausttur i Olavsdalen.
Turen vart finare enn vi forventa,og regnet stoppa, og litt etter litt letta skodda også.

Les heile

Bodil Skare

12.09.2013

Turmarsj på elverampa

Iver var den heldige vinner av ei kolonialkorg på turmarsjen i fjor.
Kansje det vert du som vinn dette året?
Mange flotte premiar og gevinstar kan vi friste med.
Du kan og kose deg med mat og kaffi på klubbhuset etter turen.

Les heile

Bodil Skare

03.09.2013

Høgenausa.

Seks livlege tause tok turen til Høgenausa denne måndagen.
Vêret var på vår side, og utsikta var som vanleg fantastisk.

Les heile

Bodil Skare

22.08.2013

Haustsmak på Høgereset.

Det er fantastisk i fjella denne tida, klar luft, lav sol og ennå grønt og frodigt.
Vi som var med på den siste torsdagsturen denne sesongen fekk "smake" på litt av kvart.

Les heile

Bodil Skare

15.08.2013

Gunnar-råsa og Storenakken

Det er stort sett mykje folk når vi skal gå tur i Gunnar-råsa.
Denne gongen var ikkje noke unntak, atten sprekinga stillte opp.
Vêret var fantastisk,og utsikta likeså.

Les heile

Bodil Skare

12.08.2013

Våt tur til Vasstøylen.

Sjeldan har vi vore berre to på tur ein måndag, det har hendt før.
Kan det vere at folk er leide av regnet, eller?
Dei to seigaste møtte, og vi hadde det triveleg.

Les heile

Bodil Skare

08.08.2013

Gromt på Grøthaugen.

Grøthaugen viste seg frå si beste side, varmt, tørt og frodigt.
Vi kosa oss med flott tur, og fabelaktig utsikt.

Les heile

Hilde Sæbønes

05.08.2013

Tur på Sæbønestua i flott turvær.

Heile 15 stk møtte opp klar for tur, sjølv om det var litt tvilsam værmelding.Men med berre litt regn på veg opp... fin temp og skoddefritt blei det berre velstand.

Les heile

Bodil Skare

03.08.2013

Toppen av ekstremsport.

Famileturen på Stokkesetra vart ei oppleving med mykje kjekke folk, aktive born, og ekstremt nedbør.
Alle som deltok skulle hatt premie for positiv og aktiv innsats i det utrulege regnet.

Les heile

Hilde Sæbønes

01.08.2013

Olavsdalen

Ein fjellmann gjer kva han vil.
Her i fjellet høyrer han til og fjellets sus er hans sang og spill....

(Andreas Hustad)

Les heile

Bodil Skare

31.07.2013

Ein flott overgangstur.

Med vêrmeldingar om store nedbørsmengder, herska det ein viss skepsis om morgonen på om turen vår skulle avlysast eller ei.
Vi satsa på tur, og vi angra slett ikkje på det .

Les heile

Bodil Skare

30.07.2013

Tua på Hustadneset vått og vakkert.

Måndagsturen,som er en del av programmet til Naturfestivalen denne veka, gjekk til Tua på Hustadneset.
Ein svært triveleg gjeng, med godt humør, trass i at regnet hølja ned.

Les heile

Bodil Skare

17.07.2013

Soria-moria

Måndagsturen vart ei oppleving.
Ikkje berre var turen flott, men ei triveleg overrasking venta oss på Høgenausa.

Les heile

Hilde Sæbønes

27.06.2013

Torsdagstur på Sæbønestua

Heile 16 stk møtte opp på trimgruppas første torsdagstur :) Frå sjølve toppen har ein ei fantstisk utsikt ned på Sæbø city.

Les heile

Bodil Skare

24.06.2013

Grøthaugen med ny start på råsa.

Det har vorte merka ein ny start på råsa til Grøthaugen, skilt står eit stykke nedom gardane på Moane.
No skal vi flytte trimgruppa sitt skilt, så slepp vi å trakke ned voksterleg gras på vår veg.
Denne råsa var forresten godt merka, og fin å gå.

Les heile

Bodil Skare

10.06.2013

Gunnar-råsa og Storenakken på sitt vakraste.

Strålande sol etter ei helg med mykje regn, var det beste me kunne håpe på.
Fint og tørt i råsa, grønt og lunt i skogen, mykje fuglekvitter, og nitten spreke turglade trimmarar i råsa, snakk om velstand.

Les heile

Bodil Skare

20.05.2013

Måndagstur på gamlevegen.

Femten friske, spreke friluftsenusiastar fekk ein varm og flott tur frametter gamlevegen frå Villane til Bondalseidet.
Mykje å sjå på vår veg, somt nytt og somt gammalt.

Les heile

Bodil Skare

13.05.2013

Melssetra utan regn.

Sidan snøven låg så lenge på Hestehornet, sette vi kursen mot Melssetra denne gongen.
Vi hadde budd oss på ein regnvåt tur, ikkje ein dråpe kom, men vi kjende at det var kjøligt i høgda.
Til og med sola kika fram til oss.

Les heile

Bodil Skare

09.05.2013

Panorama på Leknesnakken.

Fem damer fekk ein varm og fantastisk flott tur på Leknesnakken.
Vakrare panoramautsikt på ein ettermiddagstur skal du leite lenge etter.
Ikkje nok med det, litt ekstra og sjå på vart det også til slutt.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

06.05.2013

Lidaveten.

I vanleg måndagsturvêr fekk vi ein fugtig men flott tur på Lidaveten.
Ja, sjølv om det regna var utsikta utruleg flott.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

01.05.2013

Tur til Lidaveten.

No er det på tide med turar i skog og fjell. Våren er komen og trimgruppa inviterar deg med på tre turar som er "utanbygds" som tradisjonen siste åra har vore.
Fyrste turen går komande måndag til Lidaveten.
Her eit bilde frå nabofjellet Helgehornet, vi håpar på finevêr slik at du får nyte utsikta.

Les heile