Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "trefot-Jo" som stikkord

Yngve Frøland

10.10.2013

Mannen og steinen

Mannen er svett. Han har ei lys ulltrøye, gule høyrselvern, Sixpence og ei slita brok. Hendene er furete og værbitte, nett som landskapet rundt oss. Han helsar trollet som ligg der, takkar for sist og ladar våpenet. Dang, dang, dang, dang, dang, dang, dang! Trollet sprekk.

Les heile

Jarle Walseth

26.07.2009

I fotefara etter Trefot-Jo

I lokalsoga har forteljingar om gjætaren Trefot-Jo levd til denne dag. Både på Skår, Hustadneset og Hustad finst det tradisjonsstoff om denne spesielle mannen. Bakteppet er ei tid med rovdyrplager. Særleg bjørnen, men også ulven kunne gjere tyn på buskapen. I området frå Lisjeskåradalen til Saudedalen er det i kultursoga for Hjørundfjord fortalt om nettopp slike større rovdyråtak. I Saudedalselva var det ei tid ein vasshammar som slo og laga lyd for å skræme bort udyra. Om dette var før eller etter Trefot-Jo si tid, veit vi ikkje, men det veit vi at i ein periode var det Trefot-Jo som gjætte Hustadbuskapen i området. Onsdag 22.juli var ein liten ekspedisjon klar for ein hyggetur/oppdagingsferd i Trefot-Jo sitt "kongerike".

Les heile

[4 kommentarar]