Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "kapteinkvia" som stikkord

Kari Stokke

14.06.2017

Jonsokfeiring i Kapteinkvia

Fredag 23. juni inviterer Sæbø grendelag til Jonsokfeiring i Kapteinkvia.

Det vert Lurvetog kl. 18.00 og ikkje noko er kjekkare for borna enn at også dei vaksne kler seg ut...

Ta med grillmat og godt humør.

Ta og gjerne med bord og stolar, då det ikkje er nok sitjeplassar til alle i Kapteinkvia.

Bedehuset sel rømmegraut og vafler.

Les heile

Marit Riise Olsen

09.01.2015

Friluftlivets år 2015

Tirsdag 13 januar kl. 2000 fyrer Sæbø Grendalag opp i grillen, og lager bål på Kapteinkvia. Dette i samband med at Ordførar og Kommunestyret kjem på overnatting, og skal ligg ute på Kapteinkvia. 2015 er Friluftlivets år.

Les heile

Hilde Muren

24.06.2013

Ei ny tid for jonsokbålet på Kapteinkvia

Kapteinkvia på Sæbø står etter kvart fram som ein fantastisk vakker samlingsplass for bygdefolk og turistar. Dessverre er det ein "liten" ting som skjemmer plassen: bålet, eller rettare sagt, skrotplassen. Dette ønskjer styret i Sæbø grendalag å endre.

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

17.06.2013

Jonsokfeiring i Kapteinkvia

Sæbø grendalag byd inn til jonsokfeiring i Kapteinkvia, søndag 23. juni frå kl. 18:00.

Det blir lurvetog frå ca kl 18:00, då tenner vi og på grillane. Bålet tennast kl 20:00.

Sal av rømmegraut til inntekter for Bedehuset. Ta elles med eigen grillmat og drikke.

Vel møtt!

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

08.05.2013

Minner om grillfest i Kapteinkvia laurdag 11. mai

Sæbø grendalag byr inn til opningsfest av grindaløda i Kapteinkvia laurdag 11. mai. Bygdefolk frå heile Hjørundfjorden er velkomen til fest frå kl. 20:00.

Dette blir ein spleisefest der grendalaget stiller med potetsalat og grønn salat og varme grillar. Du som kjem, tar med grillmat og drikke som du vil ha attåt - samt glas, fat og bestikk.


Vel møtt.

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

26.09.2012

Taktekkjardugnad laurdag 29. september

På laurdag skal grendaløda på Kapteinkvia tekkjast med torv. Vi treng 10-15 arbeidsvillege personar: ungdomar, vaksne, kvinner og menn. Du er like velkomen om du er frå Sæbø, Bondalen, Urke, Øye eller ein annan av våre vakre fjordbygder. Dugnaden startar kl 10:00 med oppmøte ved hovudvegen nedom heimen til Håvard Aklestad. Kan du først møte kl 11 eller 12 eller seinare bør du måte i Kapteinkvia.

Kl 13 byr grendalaget på varm trøndersodd.

Les heile

Hilde Muren

26.08.2012

Snart tett, lyst og lett.

10-15 av bygdafolket samla seg til dugnad i laurdag. Dei yngste rundt tre år, dei eldste noko eldre. Dei fleste fant noko å gjere som dei fant lystbetont å gjere og mykje vart gjort.

Les heile

Hilde Muren

23.08.2012

Tak søkjer torv.

Har du ei mark du skal brakke eller torv å gi bort?

Grendalaget treng torv til omlag 150m2 tak på grindaløda.

Vi kan stille med med maskiner og dugnadsfolk som tar av og kjører bort torva. Torva får då forlenga livstida si som tak på Hjørundfjorden sitt nye festbygg i Kapteinkvia.

Ta kontakt med Øyvind Taklo, tlf 477 59 789

Les heile

Hilde Muren

22.08.2012

Dugnad på Kapteinkvia laurdag 25.08 kl 10.00

Grindaløda er snart ferdig bygd og ein siste innsats (eller to) er naudsynt før hausten kjem. Laurdag er der oppgåver for både store og små, for dei som liker seg i høgda og dei som liker seg betre på bakkenivå.

Les heile

Hilde Muren

12.06.2012

Kapteinløda reiser seg

Med intens dugnadsinnsats laurdag og mandag vart grindaløda delvis reist på Kapteinkvia. Mange dugnadstimar er lagt ned, og fleire må det bli. Men no står grinda der - delvis ferdig. Mykje står framleis att, men no lar deg seg gjere å danne seg eit bilde av praktverket det skal bli.

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

07.06.2012

No skal grindaløda OPP!

Laurdag blir den store dagen for endringane på Kapteinkvia. Delane til grindaløda ligg klar i Stormøllen og er klar til setjast saman til ei ny storstove for bygda. Vi treng mykje folk til å hjelpe oss. Møt opp frå kl 10:00

Les heile

Hilde Muren

25.05.2012

Siste innspurt på Kapteinløda!

Tysdag 29.mai kl 17:00 kjem grindahusekspert Kåre Løvoll for å rettleie vidare på arbeidet med grindaløda.

Grendalagsleiar Øyvind Taklo rapporterer om stor arbeidsinnsats frå bygdefolket og meiner at med like god innsats ein to-tre-fire kveldar til, så klarer vi kanskje å røyse grindahuset til Jonsok.

Dei som har kika inn på byggverket som ligg i Stormøllen er storleg imponert over kva vi klarer her på Sæbø. Også "ørstingar" har sagt seg samde i dette.

Les heile

Hilde Muren

10.04.2012

Dugnad torsdag 12.april i Risebakkane.

Komande torsdag blir det dugnad med oppmøte i Risebakkane kl 17:00. Det skal kappast sperrer til grindaløda og vi treng ca seks kvinner / menn med motorsag.

Send ei melding til Øyvind Taklo, tlf. 477 59 789, om du kjem.

Les heile

Hilde Muren

11.03.2012

No bygg vi "Kapteinløda"

Motivert av byggeaktivitet som har resultert i ny gymsal, ferjekai og “nytt” hotell skal det no reisast ei grindaløda til Kapteinkvia, vi kallar henne “Kapteinløda”.

Sæbø grendalag byd inn til kurs tysdag 13. Mars kl. 18:00 og håper at mange av bygdas kvinner og menn møter. Påmelding til Øyvind Taklo, epost: taklo73@hotmail.com

Les heile