Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "bedehuset" som stikkord

Kari Stokke

13.05.2019

Sommarlaurdag på Sæbø

Laurdag 1. juni opnar Nilsbuda på Sæbø og det vert plantedag med sal av sommarplanter utafor Sæbø bedehus. Inne på bedehuset kan du kjøpe smørbrød og kaker. Galleri Taklo opnar i 2. etasje i Sæbø Damskipsekspedisjon.

Les heile

Regine Aklestad

17.12.2017

Juletrefest på bedehuset

4. juledag (torsdag 28. desember) vert det juletrefest på Sæbø bedehus klokka 16.00. Ruth Eva Sollie skal halde andakt og Hjørundfjord mannskor og Torine Lillebø skal ha kulturelle innslag. Det vert også kollekt, nissebesøk og sjølvsagt gong rundt juletreet.

Etter programmet vert det mat og kaffi i kjellarstova.
Ta gjerne med mat på fat!

Velkomen!

Les heile

Kari Stokke

17.11.2015

Julemesse på Sæbø 22. november

Søndag 22. november er det igjen tid for julemesse på bedehuset på Sæbø.

I salane oppe vert det salg av kunst og handverk og nede i kjellarstova vert det kafé med salg av gode kaker og brennsnut.

Utstillerane gir kvar si sjølvlaga gåve til eit lotteri til inntekt for bedehuset. Lodd kan kjøpast ved inngongen til salane oppe.

Les heile

Kari Stokke

01.10.2015

Bedehusbasar

Laurdag 3. oktober kl. 15.00 er det igjen klart for den årlege basaren på bedehuset.
Flotte gevinstar, underhalding, tombola og god mat.

Les heile

Marie Austrheim Riise

11.09.2014

Til alle foreldre i Hj.fjord barnekor.

Barnekoret er godt i gang og det er kjekt å sjå så mange strålande ansikt i koret! Det blir ein flott haust med mange kjekke øvingar. Vi har fortsatt plass til fleire dersom nokon har lyst å byrje i Hj.fjord barnekor.Koret er frå 1.klasse og oppover. De er hjarteleg velkomne!

Dirigent for barnekoret, Marie Austrheim Riise, vil gjerne ha kontaktinfo for alle borna som no går i koret. Gjer vel å send meg ein epost med navn på barnet, navn på foreldre, samt tlf.nr og epostadr. til foreldre. Det er også fint å ha tlf.nr viss det skulle vere noko. På epost vil de få nyttig informasjon om øvingane gjennom hausten og viktige datoar som de må setje av. Send kontaktinfo til :

marie.austrheim@orsta.kyrkja.no

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg anten på epost eller på tlf: 45235996.

Mvh,

Marie Austrheim Riise
Dirigent.

Les heile