Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Trimgruppa 15" som stikkord

Bodil Skare

31.12.2015

Klar til ny sesong?

Dette "eldre" bildet av spreke damer, vil minne deg på at vi allereide mandag 4 jan startar opp att sesongen.
Gamle og nye er velkomne til Trimgruppa sine aktivitetar.
Husk, du angrar aldri på det du trimmar, alltid på det du ikkje gadd!

Les heile

Bodil Skare

02.11.2015

Sirkeltrening ?

No når haustmørket er komt sigande er det ikkje berre å legge turskona på hylla, nei.
Trimgruppa har aktivitetar i gymsalen som du kan vere med på, eller ta deg ein tur i skogen på tur med haudelykt.
Kansje begge deler?
No vil vi starte oppatt med sirkeltrening måndagane frå klokka 2015, vel møtt.

Les heile

Bodil Skare

14.10.2015

Måndagsturavsluttning.

Mange er no spent på kven som er vinnarar av årets Fjellbingo, måndag vert det avslørt.
Vi kan friste med ei triveleg samlingstund på klubbhuset der vi skal kose oss med bilder og litt å bite i,der du er velkomen.

Les heile

Bodil Skare

12.10.2015

Siste måndagsturen på Elverampa.

Siste måndagsturen denne sesongen gjekk langs Elverampa fram til Kvistad bru.
Neste måndag vert det avsluttning på Klubbhuset, følg med på aktivitetskalenderen for nermare tid.
Der får du vete kven som har vunne på fjellbingoen, ta deg ein tur då vel.

Les heile

Bodil Skare

05.10.2015

Hausttur til Frølandsetra.

Den siste måndagsturen til fjells gjekk til fagre Frølandsdalen.
I dei gyldne fargane med sola som brann i fjella vart det ein vakker tur for oss i dette fantastiske haustvèret.

Les heile

Bodil Skare

01.10.2015

Innlevering av Fjellbingo?

No er det tid for innlevering av Fjellbingoarka.
Fortvil ikkje! Vi har utsett fristen til å levere inn til den 12 oktober, slik kan dei som har haustferie ta siste innspurt NO.

Les heile

Bodil Skare

28.09.2015

Premiere på ny rås.

Ei gammal rås som var merkt og rydda for omlag tjue år sidan, har no fått ei lita oppjustering.
Mykje står att før den er tydelig nok og klar, men måndagstur vart det og vi fann fram.

Les heile

Bodil Skare

16.09.2015

Turmarsj i strålande vèr.

I strålande sol hadde vi eit rekordstort oppmøte til turmarsjen.
Sidan det var opning på Saksaråsa trudde vi kansje alle reiste dit, men det var mange som helder tok turen framover Elverampa i det fine vèret.

Les heile

Bodil Skare

14.09.2015

Vårt val- Olavshola.

På sjøvaste valgdagen velgde vi å feire borgarplikta vår på tur til Olavshola.
Med mild fønvind og uten regn, fekk vi ein flott tur.

Les heile

Bodil Skare

08.09.2015

Gunnar-råsa med Åseråsa.

Varmt og flott turvèr vart det då vi starta på gode velkjende Gunnar-råsa denne måndagen.
Fin tur med varierte vegar.

Les heile

Bodil Skare

02.09.2015

Turmarsj på Elverampa.

Yrande folkeliv, flotte premiar, gode svele og trim på kjøpet.
Jau det er Turmarsjen på Elverampa.
Eit samarbeid mellom Trimgruppa og Bondalen Helselag, der inntekta går uavkorta til vedlikehald og utstyr til Elverampa.
Sett av laurdagen 12 september.

Les heile

Bodil Skare

03.09.2015

Zumba startar opp att!

No startar vi innesesongen.
Bevegelse og styrketrening til svingande rytmer, dette gjer bra for kropp og sjel.

Les heile

Bodil Skare

31.08.2015

Vasstøylen og Langhorndalen.

Tre snertne fjelltrimmarar fekk oppleve Kvistaddalen i seinsommarlys, fin tempratur, og turen opp i Langhorndalen vart ein triveleg tur.

Les heile

Bodil Skare

27.08.2015

Overgongstur frå Standal til Sæbø.

Laurdag vil Trimgruppa invitere deg med til å ta turen frå Standal til Sæbø i lag med oss.
Vi startar med medbrakt frukost på fergeturen frå Sæbø til Standal.

Les heile

Bodil Skare

18.08.2015

Stokkesetra, Klokkura og Tryvatna.

Dirrande varme og strålande sol.
Dette vart verkeleg ein av dissa kveldane- som ein seint vil gløyme.
Måndagsturen gjekk langt, men so altfor fort, rett var skulle ein vore til fjells til sola gjekk ned.

Les heile

Bodil Skare

10.08.2015

Glitrande tur til Grøthaugen.

Sjeldan er det so folksamt oppetter ryggen mot Grøthaugen som i dag, heile tjuetre sprekingar og to endå sprekare hundar.
Varmt og flott turvèr, og alle var i godt turhumør.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

06.08.2015

Flott tur til Bondalsbakken.

Blide turgåarar fann vegen til Bondalsbakken denne torsdagen.
Vi var heldige med vèret, men vi lurte på om det var vår, haust, eller sommar på Bondalsbakken.

Les heile

Bodil Skare

04.08.2015

Boks på plass i Bjørndalen.

På 895 meter over havet vart boksa montert øvst i Bjørndalen.
Herifrå kan du sjå råsa like opp til Grøtdalstindane og du får ein formidabel utsikt utover Bjørndalen.
Dette får vi håpe vert eit mykje brukt turmål, også på veg mot Grøtdalstindane.

Les heile

Bodil Skare

30.07.2015

Pølsefest på Holesetra.

Liten men kjekk gjeng vart med på familieturen til Holesetra.
Thereseråsa baud på mykje artigt å finne, og pølsene smakte utruleg godt.

Les heile

Bodil Skare

29.07.2015

Fullt brett i Fjellbingoen!

Fyrst til å levere fullt brett var Torine.
Med stor iver har Torine gått alle seksten turane på Fjellbingobrettet.
Gratulerer frå oss i trimgruppa, vi er imponerte.
Iponerte er vi også over dei tre som tok alle seksten turane på ein dag!

Les heile

Bodil Skare

20.07.2015

Tua på Hustadneset.

Turen til Tua på Hustadneset er den fyrste av fire turar som Trimgruppa har i samband med Naturfestivalen 2015.
Godt oppmøte og ein svært så tiveleg gjeng, men den sprekaste i dag var denne jenta, Torine som snart har fyllt fjellbingobrettet sitt.

Les heile

Bodil Skare

16.07.2015

Langhorndalen, ein juvèl.

Etter ei veke med skodde og regn var det godt med opphaldsvèr og solgløtt.
Med so mykje snøv i fjella kjenner vi haustgufsen frå toppane. Seks grader var det i Langhorndalen i kveld men sola ho varma godt.

Les heile

Bodil Skare

13.07.2015

Vassrikt på Vasstøylen.

Mykje skodde og skodderegn gjorde at vi fann det mest forsvarlig å kutte på turen denne måndagen.
Vasstøylen vart målet og dit er det aldri feil å gå.

Les heile

Bodil Skare

09.07.2015

Vakkert på Stokkehornet.

So vakker utsikt som du får frå Stokkehornet på ein finevêrsdag må du leite lenge etter.
Sjølv om det var både regn og skodde i lufta, opna det seg for oss så vi fekk fint vêr og skoddefritt utsyn på toppen.

Les heile

Hilde Sæbønes

03.07.2015

Tua på Sæbøneset spesial

Heile 24 stk møtte opp til den første torsdagsturen denne sommaren. Ekstra stort oppmøte sidan dette var eit fellesarrangement mellom trimgruppa og Rune Sæbønes. Rune har invitert gjennom Facebook til denne turen som ein innsamlingsaksjon til kirkens nødhjelp. Kjekt var det også at værgudane velsigna oss med fint vær og nesten 30 grader.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

08.06.2015

Gunnar-råsa og Storenakken .

Med regnbyger som trua i fjelldalane rundt oss var det store sjangsar for nedbør på måndagsturen.
Vi merka knapt nokre dråpar, og rundturen Gunnar-råsa vidare til Storenakken vart ein flott tur med vakker utsikt og kjekke folk.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

01.06.2015

Vått og vakkert på Holesetra.

Store nedbørsmengder var "styr og orm " sin dom over vëret denne måndagen.
Likevel vart vi en bra gjeng som optimistisk trossa regnet og la i veg opp Thereseråsa til Holesetra.

Les heile

Bodil Skare

25.05.2015

Tur til Kvanndalen.

Vêret var på vår side då vi tok turen til Kvanndalen.
Bygene stod i dalføra her og der men vi gjekk for det meste klar.

Les heile

Bodil Skare

18.05.2015

Gamlevegen i flott vårstemning.

Varmt og solrikt, flott vårstemning langs Gamlevegen i dag.
Kvitveisa lyste og vi kunne nesten fornemme at graset voks og blada spratt på treda.
Ein fin og humørfyllt gjeng i godt tempo.

Les heile

Bodil Skare

14.05.2015

Tur til Emblemsfjellet.

Fred hadde virkelig mykje flotte turløyper å vise oss på Emblemsfjellet.
Kven hadde trudd det var slike vidder og toppar midt i byyyn....?

Les heile

Bodil Skare

11.05.2015

Sprekingar på Laua.

Sjølv om det vart ei våt oppleving, hadde vi ein flott tur til Laua.
Utsikta var upåklagelig og spesialgaiding av tre dyktige "innfødde" var spesiellt kjekt.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

10.05.2015

Vil du spele Fjellbingo?

Trimgruppa vil denne sesongen invitere alle, uansett alder, til å spele Fjellbingo.
Du kan kjøpe bingoarka på Joker og Bellingen frå 18 mai.
Innlevering er seinast 6 oktober.

Les heile

Bodil Skare

05.05.2015

Skorgeura, starten på sesongen.

Ein frisk gjeng møtte opp til å bestige Skorgeura.
Vi var spente på om det var mykje snøv i dalen, eller om vi kom oss inn til Skorgesetra.

Les heile

Bodil Skare

03.05.2015

Tog for freden frå Tvergrova til Sæbø.

Fredag 8 mai vil det gå tog frå Tvergrova til Sæbø.
Toget startar kl 1700 og dei sprekaste kan vere med heile vegen, medan dei som vil vere med deler av vegen kan gå på toget der dei ynskjer.
Frå Holebrua vil Generasjonskorpset spele siste biten ned gamlevegen til Kyrkja.

Les heile

Bodil Skare

29.04.2015

No startar trimgruppa opp sesongen!

Tradisjonen tru så startar vi opp med tre turar utanfor Bondalen.
I år vert desse turane til Skorgeura, Laua og til sist ein tur til Emblemsfjellet slik vi får prøve fjellturen til Fred og sjå litt av det han har fått til der.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

28.04.2015

Opning av info-tavlene.

Torsdag 30/4 vert det høgtideleg opning av infotavlene som Trimgruppa og Grendalaget sette opp i fjor.
Vi oppmodar folk som har anledning og lyst til å kome til tavla ved fergekaia kl 1400.

Les heile

Bodil Skare

15.01.2015

Zumba og Pilates.

No vil Therese Øye starte opp med Zumba og Pilates i gymsalen på Sæbø.
Er du intressert? ta kontakt, det må vere 10 pr gruppe for å starte opp.

Les heile