Bodil Skare
25.10.2013
Zumba og Aerobic
Komande veke byttar instruktørane på dagane i gymsalen.
Klokkeslettet vert som før, men det vert Aerobic på mandag og Zumba på torsdag.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Bodil Skare
25.10.2013
Komande veke byttar instruktørane på dagane i gymsalen.
Klokkeslettet vert som før, men det vert Aerobic på mandag og Zumba på torsdag.
Bodil Skare
16.10.2013
Siste tida har vi vore velsigna med eit fantastisk haustvêr, og mange har fått ulyste seg i dei flotte fjella vi har rundt oss.
Teikna på at vinteren er i kjømda har vorte klarare, og vi i trimgruppa har feira tursesongen 2013 med bilder, mimring og god mat på klubbhuset.
Her kjem lista over vinnarane frå årets trekking...
Hilde Sæbønes
07.10.2013
Det vart ein frisk og rask tur denne mandagen.
6 stk møtte i eit pøsande regnvær,men etterpå var alle samde om at det var ein gilde tur.
Hilde Sæbønes
30.09.2013
Det vart ein sjelden vakker kveld på frølandsetra denne mandagen.Etter kvart som tida gjekk fekk vi oppleve eit fantastisk flott lys-spel på himmelen.
Bodil Skare
23.09.2013
Måndagsturen i kveld vart ei fargerik oppleving, hausten har sett farge på skog og lyng, og damene var og ein vakker fargeklatt på turen.
Bodil Skare
21.09.2013
No er det på tide å starte innesesongen i gymsalen.
Trimgruppa har eit tilbod med instruktørar to kveldar i veka, kom å bli med!
Vi har eit særs godt tilbod til ungdomskule, vidaregåande og studentar.
Bodil Skare
20.09.2013
Godt kledde for regn møtte vi opp til ein hausttur i Olavsdalen.
Turen vart finare enn vi forventa,og regnet stoppa, og litt etter litt letta skodda også.
Bodil Skare
12.09.2013
Iver var den heldige vinner av ei kolonialkorg på turmarsjen i fjor.
Kansje det vert du som vinn dette året?
Mange flotte premiar og gevinstar kan vi friste med.
Du kan og kose deg med mat og kaffi på klubbhuset etter turen.
Bodil Skare
09.09.2013
Fram dansar ein haugkall..........
Haustvakkert og trollsk i Klokkura.
Å hildrande du, med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu.
Bodil Skare
03.09.2013
Seks livlege tause tok turen til Høgenausa denne måndagen.
Vêret var på vår side, og utsikta var som vanleg fantastisk.
Haldis Fiskå Mo
27.08.2013
August og klar fin kveld, flottare kan det ikkje vere på ein måndagstur. Takk til alle dei sju som ville vere med!
Bodil Skare
22.08.2013
Det er fantastisk i fjella denne tida, klar luft, lav sol og ennå grønt og frodigt.
Vi som var med på den siste torsdagsturen denne sesongen fekk "smake" på litt av kvart.
Bodil Skare
20.08.2013
Vått og vakkert, ikkje mange vil gå på Bondalsbakken i regn, men for ei overrasking vi fekk når vi starta....
Bodil Skare
15.08.2013
Det er stort sett mykje folk når vi skal gå tur i Gunnar-råsa.
Denne gongen var ikkje noke unntak, atten sprekinga stillte opp.
Vêret var fantastisk,og utsikta likeså.
Bodil Skare
12.08.2013
Sjeldan har vi vore berre to på tur ein måndag, det har hendt før.
Kan det vere at folk er leide av regnet, eller?
Dei to seigaste møtte, og vi hadde det triveleg.
Bodil Skare
08.08.2013
Grøthaugen viste seg frå si beste side, varmt, tørt og frodigt.
Vi kosa oss med flott tur, og fabelaktig utsikt.
Hilde Sæbønes
05.08.2013
Heile 15 stk møtte opp klar for tur, sjølv om det var litt tvilsam værmelding.Men med berre litt regn på veg opp... fin temp og skoddefritt blei det berre velstand.
Bodil Skare
03.08.2013
Famileturen på Stokkesetra vart ei oppleving med mykje kjekke folk, aktive born, og ekstremt nedbør.
Alle som deltok skulle hatt premie for positiv og aktiv innsats i det utrulege regnet.
Hilde Sæbønes
01.08.2013
Ein fjellmann gjer kva han vil.
Her i fjellet høyrer han til og fjellets sus er hans sang og spill....
(Andreas Hustad)
Bodil Skare
31.07.2013
Med vêrmeldingar om store nedbørsmengder, herska det ein viss skepsis om morgonen på om turen vår skulle avlysast eller ei.
Vi satsa på tur, og vi angra slett ikkje på det .
Bodil Skare
30.07.2013
Måndagsturen,som er en del av programmet til Naturfestivalen denne veka, gjekk til Tua på Hustadneset.
Ein svært triveleg gjeng, med godt humør, trass i at regnet hølja ned.
Bodil Skare
23.07.2013
Endeleg kom sommaren, og for eit flott turvêr.
Vi som tok måndagsturen på Årsgogstøylen og Høgereset fekk ein flott fjelltur, og eit bad i Bjønnalauget måtte vi prøve.
Bodil Skare
17.07.2013
Måndagsturen vart ei oppleving.
Ikkje berre var turen flott, men ei triveleg overrasking venta oss på Høgenausa.
Monica Elise Follestad
12.07.2013
Vi var ti stk som møtte opp klar til tur denne torsdagen. Og det vart ein flott tur til Kvamsedalsreset og Vasstøylen.
Hilde Sæbønes
08.07.2013
Kom slå deg med,me tek ein liten tur
til setredalar,fjell og li og ur
ein sommardag med lufta klar og blå
den turen vil du aldri angre på.
(Laura Frøland)
Haldis Fiskå Mo
04.07.2013
Kjempeflott oppmøte på den andre torsdagsturen til trimgruppa, det er alltid spennande å sjå om der kjem nokon som vil bli med.
Haldis Fiskå Mo
01.07.2013
Aldri ein måndag uten trimtur, uansett kor det regnar...Når klokka var seks stod ein god gjeng klar, Sigrun stilte sporty opp som turleiar i dag.
Hilde Sæbønes
27.06.2013
Heile 16 stk møtte opp på trimgruppas første torsdagstur :) Frå sjølve toppen har ein ei fantstisk utsikt ned på Sæbø city.
Bodil Skare
24.06.2013
Det har vorte merka ein ny start på råsa til Grøthaugen, skilt står eit stykke nedom gardane på Moane.
No skal vi flytte trimgruppa sitt skilt, så slepp vi å trakke ned voksterleg gras på vår veg.
Denne råsa var forresten godt merka, og fin å gå.
Monica Elise Follestad
17.06.2013
Lave skydottar kom og fòr oppe i Olavsdalen, og vi var spente på om vi kom til å få sjå den flotte utsikta på kveldens tur.
Bodil Skare
10.06.2013
Strålande sol etter ei helg med mykje regn, var det beste me kunne håpe på.
Fint og tørt i råsa, grønt og lunt i skogen, mykje fuglekvitter, og nitten spreke turglade trimmarar i råsa, snakk om velstand.
Bodil Skare
03.06.2013
På setretur til Rekkedalsetra eller kvia, innom Risestøylen og nedatt Sledalen, ja det vart ein flott rundtur på oss denne måndagen.
Bodil Skare
27.05.2013
Frølandsdalen viste seg frå si fagraste forsommarside, då vi tok trimturen oppetter vegen frå Frøland denne måndagen.
Bodil Skare
20.05.2013
Femten friske, spreke friluftsenusiastar fekk ein varm og flott tur frametter gamlevegen frå Villane til Bondalseidet.
Mykje å sjå på vår veg, somt nytt og somt gammalt.
Bodil Skare
13.05.2013
Sidan snøven låg så lenge på Hestehornet, sette vi kursen mot Melssetra denne gongen.
Vi hadde budd oss på ein regnvåt tur, ikkje ein dråpe kom, men vi kjende at det var kjøligt i høgda.
Til og med sola kika fram til oss.
Bodil Skare
09.05.2013
Fem damer fekk ein varm og fantastisk flott tur på Leknesnakken.
Vakrare panoramautsikt på ein ettermiddagstur skal du leite lenge etter.
Ikkje nok med det, litt ekstra og sjå på vart det også til slutt.
Bodil Skare
06.05.2013
I vanleg måndagsturvêr fekk vi ein fugtig men flott tur på Lidaveten.
Ja, sjølv om det regna var utsikta utruleg flott.
Bodil Skare
01.05.2013
No er det på tide med turar i skog og fjell. Våren er komen og trimgruppa inviterar deg med på tre turar som er "utanbygds" som tradisjonen siste åra har vore.
Fyrste turen går komande måndag til Lidaveten.
Her eit bilde frå nabofjellet Helgehornet, vi håpar på finevêr slik at du får nyte utsikta.