Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Trimgruppa 10" som stikkord

Bodil Skare

14.10.2010

Elvarampa med noko attåt!

På laurdag vil vi oppmode ALLE til å delta i turmarsjen på elvarampa.
Det vert truleg godt vêr, og du kan gå så kort eller langt du vil.
Etterpå vil vi kose oss i lag med kaffi og mat, lodd, og trekking av premiane på trimpostbøkene våre.
VEL MØTT!

Les heile

Bodil Skare

28.09.2010

Rekkedalsetra.

På sesongens nest siste måndagstur var det friskt og sol i fjella.
Godt tempo og vakre fargar heldt varmen i oss sjolv om det var kaldt i lufta.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

21.09.2010

Haust i Frølandsdalen.

Måndagsturen til Frølandsetra vart ei frisk reise mellom haustfargar. Eit kjølegare drag i lufta, som minner oss om at no er hausten komen.

Les heile

Bodil Skare

13.09.2010

Grøthaugen ein gløymd skatt!

God rås, mykje sopp, varmt i vëret, og ein panoramautsikt over Bondalen.
Alt dette har Grøthaugen å by på, men nesten ingen har skreve seg i boka frå sist det var måndagstur hit.

Les heile

Bodil Skare

30.08.2010

Langhorndalen

Vi fekk ein tur i skiftande haustvër, frå solsteik til regn og blåst.
Fyrst til Vasstøylen so vidare til Langhorndalen.

Les heile

Bodil Skare

24.08.2010

Klokkura og Tryvatna.

Du Frølandsdal, med Tryvatn blanke blå.
Ein venleg tanke opp me senda må.
og ville Klokkurdalen finn me der,
gå varleg sjølve huldra ho bur her.

Les heile

[1 kommentar]

Bodil Skare

16.08.2010

Den fagre rundturen.

Ei flottare rame rundt måndagsturen kunne vi ikkje tenke oss. Turen gjekk opp Valsetheida via Eitrefjellet og nedatt Nakkeløypa.

Les heile

Bodil Skare

06.08.2010

Naturfestival i Olavsdalen!

Tjuetre vart med til eventyrlege Olavsdalen/ Olavshola på familietur.
Vi fekk sjølvsagt regn, men det var topp stemning og bålkos for store og små.

Les heile

Bodil Skare

02.08.2010

Naturfestival på Stokkehornet.

Trass i at vêrgudane ikkje var heilt på vår side, var det tjuefem spreke fjelltrimmarar som gjekk til topps på Stokkehornet denne måndagen, som ein del av Narurfestivalen.

Les heile

Bodil Skare

05.07.2010

Grøthaugen!

Ein lettbeint gjeng traska seg oppover ryggen langsmed Moagjølet, til eit utsyn som berre ligg der og ventar på DEG!

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

29.06.2010

Årskogstøylen og Høgereset.

Varmt og nesten litt "lummert", var det då vi møttest ved Holen for å gå på måndagstur.
vi var femten i starten, nokre gjekk heilt på Høgereset, og andre snudde ved Årskogstøylen.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

07.06.2010

Kjende og kjære Olavshola

Årets fyrste måndagstur til Olavshola eller Olavsdalen som den og vert kalla.
Etter Hjørundfjordagane var det mange som var trøtte i kroppen, men tretten møtte opp, og vi fekk oss ein flott tur.

Les heile

Bodil Skare

25.05.2010

Snerten gjeng på Gamlevegen.

Vi var berre fire som starta frå Villane denne mandagen, men vi vart fem då vi runda Tvergrova.
Vi gjekk nesten i Bjørdalen før vi snudde, og veret var på vår side.
Her finn du også lista over alle måndagsturane denne sesongen.

Les heile

Bodil Skare

03.05.2010

Hovdeåsen.

Kvitt av nysnøv og solgløtt i neste minutt, turen til Hovdeåsen baud på variasjonar både i terreng og vêr.

Les heile

Bodil Skare

30.04.2010

Klar for tur?

No er det sesongstart for turar i skog og mark.
Trimgruppa har plan om tre "utanbygdes" turar før måndagsturane startar for alvor.
Mykje snøv ligg endå i fjella, så vi har leita litt etter snøfrie turmål før vi no har planen klar.

Les heile

[2 kommentarar]

Bodil Skare

10.03.2010

Ein gammal sti sluttar å vere sti om ingen går den!

Trimgruppa i Sæbø Idrettslag arbeider for å stimulere og motivere til friluftsliv. Vi har på det grunnlaget sett igong eit prosjekt som går ut på å finne tilbake til og merke gamle reser og stiar og å ta vare på enkle kulturminner i naturen.
Det er mange stiar og reser i bygda som er i ferd med å gro att, desse har vore brukt frå gammal tid av bygdefolket og av bønder som har sett etter dyra sine.

Les heile

[1 kommentar]