Bodil Skare
27.10.2008
Vinnarane er trekte!
Med dette vakre haustglimtet framover dalen , frå Korsabrua, seier trimgruppa TUSEN TAKK til alle som har vore med på tursesongen i år.
Vinnarane er no trekte.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Bodil Skare
27.10.2008
Med dette vakre haustglimtet framover dalen , frå Korsabrua, seier trimgruppa TUSEN TAKK til alle som har vore med på tursesongen i år.
Vinnarane er no trekte.
Bodil Skare
17.09.2008
Fem spreke "jenter" på Eitrefjellet gjekk,
Lette på foten, og uten sekk.
Fargane viste at no var det haust,
sola ho varma og praten sat laust.
Bodil Skare
19.09.2008
Sett av ettermiddagen laurdag 20. september.
I samband med den offisielle åpninga av Elvarampa Tursti, har Hjørundfjord bygdemobilisering og trimgruppa i Sæbø idrettslag gått ilag om å arrangere ein turmarsj.
Bodil Skare
09.09.2008
I skikkeleg sommarvarme gjekk mandagsturen denne gongen raskt og lett.
Bodil Skare
03.09.2008
To siste mandagane har Trimgruppa vore på Høgereset og Høgenausa.
To flotte høgder i varmt og fint vêr.
Bodil Skare
02.09.2008
Etter ein skoddetung og våt laurdag, var det vel ikkje mange som trudde søndagen skulle bli fin.
Det vart ein flott søndag og jubileumsturen vart perfekt.
Bodil Skare
27.08.2008
Trimgruppa i Sæbø i.l. vil invitere alle med på familietur Søndag 31 august.
For å feire at Sæbø idrettslag er 75 år i år, slår vi til med båttur frå sæbø til Finnes, tur gjennom Bakkedalen via Bondalsbakken og til Rognestøylen, skyss derifrå tilbake til Sæbø.
Alt dette for kr 150,- for vaksne og 50,- for barn.
Avreise frå Skyssbåtkaia kl 10.00.
Vi håper på godt turvêr, og at mange vil vere med.
Bodil Skare
20.08.2008
Måndagsturen denne gongen gjekk til Grøthaugen.
Vi vart tipsa av Ivar Svein at dette var ein tur vi burde gå.
Vi er alle einige, dette var vert strevet, flott tur !
Bodil Skare
08.08.2008
Forrige mandag var vi på Tryvatna ,og gongen før på Kvamsedalsreset, godt oppmøte i flotte forhold!
Bodil Skare
22.07.2008
Tolv trufaste trimmarar tok turen!
Jonny var stifinnar, opp til Sæbønestuva det bar, med raudmåling og litt "kluss", er no stien merka.
Bodil Skare
15.07.2008
Måndag var vi åtte stykker som tok vegen fyrst til Årskogstøylen, og vidare til Høgereset.
Vêret var skiftande, solgløtt på veg opp, men litt våtare på veg ned.
Bodil Skare
08.07.2008
Denne måndagen hadde trimgruppa Gunnar-råsa som turmål.
Vi møtte opp i fonnvernet til høgtideleg åpning med cider og jordbær, og hovudpersonen sjølv klippte snora.
Bodil Skare
04.07.2008
Måndagstrimmen tek turen til Gunnar-råsa 7/7.
Vi møtast oppe i fonnvernet kl 1800 og går runda om Storenakken nedatt Risebakkane.
No legg vi ut lista over måndagsturane fram til hausten.
Bodil Skare
03.07.2008
Det starta å regne på ettermiddagen, så turen til Hustadnestuva var våt!
Leknesnakken var fanga av to regnbogar, og utsikta var som vanleg fantastisk.
Bodil Skare
23.06.2008
Etter fleire dagar med spillevatten, såg det dystert ut for familieturen vår til Stokkehornet.
Søndagen kom med flott fjellvêr, og elleve deltakarar vart med!
Bodil Skare
22.06.2008
Etter ei kollossal regnbyge var skepsisen stor for oppmøte til mandagtrimmen denne veka, men vi var seks som gjekk , med oss hadde vi den fyrste av dei nye boksane som trimgruppa har kjøpt inn, og veirgudane var på vår side.
Bodil Skare
14.06.2008
Vi i Trimgruppa har lenge tenkt at vi skulle ha ein trimpost oppe i råsa som Gunnar Stokke har rydda, oppover frå fonnvernet til Skonndalen, over til Storenakken.No er dette i boks! Gunnar stillte villig opp på ei visning og oppmontering av ny trimpost.
Bodil Skare
10.06.2008
I ekte sunnmørsk regn gjekk turen denne måndagen til olavshola. Vi var til saman ti som stilte opp, og tenk denne gongen var det med ein mann, no er alle menn oppfordra til å vere med på neste tur!
Bodil Skare
30.05.2008
Søndag 1 juni arrangerer trimgruppa i S.I.L. familietur til Helgahornet.
Vi møtast ved skytebana i solidalen kl 11.
Bodil Skare
21.05.2008
No har vi i trimgruppa vore på to torsdagsturar, før vi hadde årets fyrste måndagstur no den 19.
Sjølv om vi ser ut som drukna katta er humøret på topp!
Bodil Skare
14.05.2008
No når det tørkar opp i skog og mark startar vi med måndagsturar!Vi startar med dei lettaste turane fyrst, slik at du får opparbeide deg litt "kondis" til dei meir krevande turane .
Bodil Skare
07.05.2008
Vi i Trimgruppa har tidlegare sett opp to torsdagsturar , der vi hadde tenkt oss å gå Skålavegen og ein tur til Brekkeheida.
No viser det seg at Skålavegen er ikkje heilt klar, så vi snur på det og tek Brekkeheida fyrst.
Bodil Skare
13.04.2008
Boka i fonnvernet er allereide på plass, vi oppmodar folk til å skrive seg i boka.
Det vårast i skog og mark, og 24/4 vert siste dametrimmen denne våren, men vi kan friste med andre tilbod....