Bodil Skare
19.11.2018
Sesongavsluttning for måndagsturane
Kjekke folk og god mat, vi hadde ei triveleg stund på Klubbhuset der vinnarane av Fjellbingoen vart premierte.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Bodil Skare
19.11.2018
Kjekke folk og god mat, vi hadde ei triveleg stund på Klubbhuset der vinnarane av Fjellbingoen vart premierte.
Bodil Skare
07.11.2018
Torsdag 15 November kl 1800 må du kome innom Klubbhuset.
Då vert vinnarane av fjellbingoen premierte, litt å bite i og ei runde med lodd kan vi også ta.
Bodil Skare
10.10.2018
No er det siste sjangs for å fylle ut dei turane du manglar på fjellbingoen
Husk å levere innan 15 oktober.
Bodil Skare
01.10.2018
Hausten er godt etablert, med nysnøv i toppane kan vi no fyre i omnen å kose oss i kalde kveldar.Trimgruppa derimot går ikkje i hi! Vi har starta innesesongen for lenge sidan. Husk på, ut på tur kan du gå heile året.
Bodil Skare
24.09.2018
Nysnøv langt nedi fjella, gule og grøne blad med raudfargar på, mykje vakkert å sjå på under mandagsturen i Frølandsdalen.
Bodil Skare
17.09.2018
Hausten er komen og vi har fått mykje vatn frå oven, etter ein fantastisk sommar må vil vel tole det.
Fargane er fine og vi ventar på sommar i september.
Bodil Skare
10.09.2018
Flott hausttur med varm vind og trivelege folk. Det vart ein rundtur opp Gunnarråsa , via Åseråsa til Hjellen, kan anbefalast.
Bodil Skare
06.09.2018
Søndag 23 september vert det turmarsj på Elverampa med start frå klubbhuset frå kl 1400.
Ta trimrunda her denne dagen, kos deg med kaffi på Klubbhuset etterpå.
Bodil Skare
03.09.2018
Når vi no skulle opp på Tua på Sæbøneset og verkeleg nyte haustfargane og utsikta, ja, då måtte det vere regn og skodde.
Det betyr at vi må opp ein anna gong også, fin tur vart det uansett
Bodil Skare
01.09.2018
Vi startar opp med Dansaerobic og Høgpuls innetrening i veke 37, frå 10 september.
Vi har eit fantastisk tilbod til deg som betalar før 30 september.
Monica Elise Follestad
27.08.2018
Litt regn skremer ikkje spreke, turglade tauser. Og ein flott rundtur Årskogstøylen - Holekonevatnet - Thereseråsa fekk vi oss!
Bodil Skare
20.08.2018
Sist vi hadde tur til Klokkura var det så tørt i råsa det knasa, no var det så vått det plaska.
Regn er ikkje noke hinder for ein flott tur, vi kosa oss.
Bodil Skare
13.08.2018
Vakker utsikt og sol , premien var klar når vi kom til topps på Grøthaugen denne måndagen.
Bodil Skare
06.08.2018
Mykje folk vart vi denne måndagen, og vi fekk ein fin tur til Lønndalsmannen sjølv om regnet måtte kome på siste del av turen.
Bodil Skare
30.07.2018
I eit nydelig turvèr, fekk vi ein flott tur til dalens snertnaste fjelltopp.
Ein tur på Stokkehornet er sjeldan feil.
Bodil Skare
23.07.2018
Ein flott rundtur vart det, då vi gjekk opp Nakkeløypa rundt Storevatnet og Korsvatnet med ein stopp ved hytta på Valsetheida. Nedatt bratthenget vart avsluttninga, med regn utruleg nok.
Bodil Skare
16.07.2018
Atter ein fantastisk dag, med denne gjengen hadde vi ein flott måndags ettermiddag.
Det vart både Vasstøylen og Langhorndalen på oss.
Bodil Skare
09.07.2018
Tua på Sæbøneset i strålande vër, finare kan vi ikkje ha det på ein måndags ettermiddag.
For eit turfylje- berre kjekkinga
Bodil Skare
02.07.2018
Fjorten flotte sprekingar sette kurs mot tua på Hustadneset.
Denne turen er speiellt fin i finevèr, og det fekk vi sjølvsagt.
Bodil Skare
25.06.2018
Frølandsdalen viste seg frå si finaste side når ein flokk på 27 tok turen denne måndagen.
Sola skein til vi var nedattekomne og vi rakk mykje på vår veg.
Bodil Skare
18.06.2018
Ja, no er sommaren over og våren er komen og vi er tilbake til "normaltempraturen" att.
Vi fekk eit bra turvèr i starten og minst stiv kuling på Høgereset denne måndagen.
Bodil Skare
11.06.2018
Ein stor flokk tok turen til Olavshola i det flotte vêret.
Den yngste som nokon gong har vore med på Måndagstur var vesle Mathea som berre er 6 veker, ho fekk sitte på med mora Anette med syskena Mathias og Mariell like ved.
Bodil Skare
04.06.2018
Ein sprek gjeng tok heile runda i dag på måndagstur.
Flott turvèr har visst vorte ein vane no.
Bodil Skare
28.05.2018
I ein fantastisk Maisommar starta vi sesongen med ein tur til Holesetra opp Thereseråsa.
To spreke turjenter leda oss opp til furua, og vart dei fyrste til å skrive seg i boka.
Bodil Skare
21.05.2018
I eit fantastisk turvèr var det ikkje feil å bruke ettermiddagen på måndagstur.
Dette vart verkeleg ein du ikkje gløymer.
Bodil Skare
10.05.2018
No er det tid for Fjellbingo!
Mandag 14 Mai kan du kjøpe brett i butikkane på Sæbø, men du har heile sommaren på å gå turane.
Bodil Skare
07.05.2018
I lettskya vêr med trivelege folk, fekk vi ein flott tur "ut mot Havet"..
Roppehornet var målet og vi var einige om at det var ein god start på måndagsturane.
Bodil Skare
28.04.2018
No startar trimgruppa tursesongen
Vi har, som vi brukar ,tre utanbygdes turar fyrst.Dette er flotte turar med utsikt, så kom gjerne å ver med oss.
Bodil Skare
29.12.2017
Vi startar opp med Dansaerobic og Høgpuls innetrening i veke 37, frå 10 september.
Vi har eit fantastisk tilbod til deg som betalar før 30 september.
Bodil Skare
25.09.2017
I strålande haustvêr gjek den siste måndagsturen denne sesongen til Frølandsetra.
Sola brann i fjella og det var ein lett og fin tur med ein triveleg flokk.
Bodil Skare
18.09.2017
I dag var det ein flott dag å gå runda frå Fonnvernet, opp Gunnarråsa vidare over Skonndalen til Storenakken,så nedatt.
Vi merkar at det mørknar fort men vi hadde god tid .
Bodil Skare
11.09.2017
I nydelig hauststemning vart det ein flott tur på Tua på Sæbøneset
Vi rakk akkurat heim så vi slapp regnet og mørket.
Bodil Skare
04.09.2017
I kveld vart det heile runda frå Årskostøylen, via Høgereset nedatt om Holekonevatnet og Svarthammarråsa ned til Holesetra, og Thereseråsa nedatt til Holen.
Bodil Skare
29.08.2017
Søndag 10 september vert det turmarsj på Elverampa med start frå klubbhuset frå kl 1400.
Ta trimrunda her denne dagen, kos deg med kaffi på Klubbhuset etterpå.
Bodil Skare
28.08.2017
Tre tøffe kjelle, sette kursen inni regnbyga mot Bondalsbakken.
Det bles og vart noke vått men friskt DET var det og vi var like blide.
Bodil Skare
22.08.2017
Vi satsar på at folk er klar for å halde seg i form med trening i gymsalen utover hausten. I år har vi enda fleire ulike treningstilbod, men vi må ha bra oppmøte for å få det til. Hugs å set av tid i kalendaren:)
Bodil Skare
22.08.2017
Etter ei regnfull helg vart der finevèr på måndagsturen vår.
Råsa var nok blaut somme stader men turen vart fin den.
Bodil Skare
14.08.2017
Grøthaugen viste seg frå si beste side då vi tok turen opp i dag.
Ein lettbeint og lystig flokk fekk ein triveleg tur i godt vèr.
Bodil Skare
07.08.2017
Lønndalsmannen var turmålet vårt denne måndagen.
Ein fin tur med godt oppmøte men skodda kom og tok frå oss utsikta.regn kom det også rikeleg av, som var meldt.
Likevel hadde vi ein fin tur.
Bodil Skare
31.07.2017
Etter ein dag med relativt mykje regn, letta det og vart eit perfekt turvèr.
Flaks for oss som tok turen til Bjønndalen denne måndagen.
Bodil Skare
24.07.2017
Perfekt turvèr fekk vi på den flotte runda på Bondalseidet denne måndagen.
Ein sprek gjeng vart med heile vegen.
Bodil Skare
17.07.2017
Med nysnøv i fjelltoppane og rikeleg med regn vart det kun dei mest hardføre som tok turen til Vasstøylen denne måndagen.
Sjølv om ein med fordel kunne hatt flytevest angra ein aldri på ein tur.
Bodil Skare
10.07.2017
Endelig ein måndagstur med sol og sommarvèr.
I dei flottaste ovgjevnadane du kan tenke deg, vart det ein triveleg tur til topps på Tua på Sæbøneset.
Bodil Skare
03.07.2017
Bratt og sleipt, men vi hadde ein fin tur både opp og ned. Livevel, mellom bygene var det rett fint.
Bodil Skare
26.06.2017
"Styr og orm" melde opphald frå kl 1800, men regn og våtsamt kunne dei helder meldt, på turen til Tua på Hustadneset.
Litt solglytt og ophald vart det og ein angrar aldri på ein tur.
Bodil Skare
19.06.2017
I dag var det ein av dissa aller våtaste måndagsturane, alt var vått; råsa, kleda, skona og Theo, men vi var like glade.
Bodil Skare
12.06.2017
Ein flott tur i eit variert terreng, med tur på både Årskogstøylen, Høgereset og Holekonevatnet.
Ikkje regna det og varmt var det, vi sikra oss to bingokryss.
Bodil Skare
05.06.2017
Flott turfylje opp i Olavshola denne måndagen.
Nokre dropar med regn når klokka nerma seg seks kom dettande, men det vart ikkje noke ta det heldigvis.
Bodil Skare
29.05.2017
Fin tempratur var det då ein triveleg gjeng tok turen til Gunnarråsa og vidare Åseråsa , det vart ein fin rundtur med mykje artige glimt.
Bodil Skare
24.05.2017
Fredbua har no fått si "offisielle" opning med kake og festbrus i godt lag.
Vi fikk sette litt pris på Fred og Gunnar som er to sterke støttespelarar for trimgruppa.
Tusen takk til dei.
Bodil Skare
22.05.2017
Lettskya og god tempratur, dette vart eit perfekt turvèr.
Thereseråsa er ein mjuk start på sesongen, og bingokryss vart det på alle som vil vere med.
Bodil Skare
15.05.2017
Med sol heile vegen fram og tilbake vart det ein flott tur i lett terreng.
Åmnipa kunne by på flott utsikt og ein blid gjeng kosa seg i det flotte vêret.
Bodil Skare
08.05.2017
Denne måndagen var det Vatnebergvegen vi skulle teste, ein fin tur med mykje flott å sjå.
Bodil Skare
01.05.2017
Ein perledag fekk vi på Rjåneskamben.
På sjølvaste 1 mai i strålande sol, gjekk starten på tursesongen.
Bodil Skare
29.04.2017
No er det tid for Fjellbingo, 2 mai kan du kjøpe det i butikkane på Sæbø- Bellingen og Joker
Nytt av året er at dei som er 12 år og under kan kjøpe Barnefjellbingo.
Hjørundfjordheimen Sæbø
20.05.2017
Fjellbingoen startar 2 mai, nytt av året er at vi har laga eit eige brett til born der den midtre rekkja er svært enkel
I tillegg er det litt nytt på det for vaksne og, mellom anna tur til Lønndalsmannen i Villadalen
Hjørundfjordheimen Sæbø
27.04.2017
Med gode lovnader om fine dagar framover kan vi glede oss over at tursesongen er komen.
Vi startar måndag 1 mai med tur til Rjåneskamben.
Denne trauste varden og ei fantastisk utsikt kan de sjå frå dette turmålet.
Bodil Skare
10.01.2015
Vi i trimgruppa har ikkje lukkast å finne vikar til zumbatimane utover vårsesongen.
Vår kjære Janne som er fast instruktør har oprerert foten, og kjem sterkt tilbake til haustsesongen.
Men vi har framleis nokre gode tilbod til deg.....
Bodil Skare
06.03.2013
AVLYST TORSDAG 7 MARS GRUNNA SJUKDOM!
Ja no har du sjangsen til å prøve det hottaste og nyaste innan trimfronten.
Møt opp torsdag i gymsalen for å trimme til raske rytmer.
Åse Lill vil gje oss ei prøve i sha bam.
Bodil Skare
03.01.2013
Godt nyttår, kyr er kyr, og skal vere litt "store" i kroppen.
Kjenner du deg litt stinn av julematen?
Då gjer det godt å få starte opp med Zumba att.
Eg gler meg til mandag, då vil Janne få oss til å riste av oss julekiloa til smektande toner i gymsalen.
Bodil Skare
12.10.2012
Det er fremdeles ikkje for seint å starte på Zumba.
Mandag frå kl 1900, er det fart og fengande rytmer i gymsalen på Sæbø, vi har ennå ledig plass til dei som vil.
God og allsidig trim for alle!
Bodil Skare
16.09.2012
Trass i rikeleg med nedbør, var det god oppsluttning på turmarsjen langs elverampa.
Mange flotte premiar og gevinstar gjorde dagen enda betre for dei fleste.
AnnHelene Wille
07.08.2012
Vi var ein god gjeng på 21 stk. som møtte opp til mandagsturen på Sæbønestua.
Bodil Skare
13.07.2012
Ein stor GRATULASJON og honnør til han som har lagt til rette for at mange skal verte kjende med, og glade i den fantastisk fine turen opp i Olavsdalen.
Bodil Skare
09.07.2012
Det var mange som møtte opp til tur denne måndagen.
Vakkert ver, sjølv om skodda låg i toppane og lurte.
Vi fekk ein varm og sommarsleg tur i fantastisk natur.
AnnHelene Wille
08.08.2011
Regnet kunne ikkje stoppe mandagsturen ... åtte møtte og godt kledde.
Bodil Skare
02.05.2011
Trimgruppa har starta sesongen,og vi har planar om tre organiserte turar, før vi for alvor sett i gong med måndagsturane.
Sett av datoane og bli med....
Haldis Fiskå Mo
08.07.2009
Eller kvar har vi vore: Olensdalen. Olavsdalen eller St. Olavsstolen?
Haldis Fiskå Mo
10.10.2008
... og trimgruppa takkar for godt oppmøte. Vi håper og trur at trimturane har vore ein møteplass, og i tillegg har gitt oss god mosjon og fine naturopplevingar.
Knut Hustad
03.08.2007
I kvinne i 50-åra vart i ettermiddag frakta velberga ned med helikopter frå Olavsdalen v/Hustad. Ho hadde tidlegare på dagen bedt om hjelp frå AMK-sentralen då ho hadde gått seg fast...