Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Tradisjonar" som stikkord

Hjørundfjordportalen Administrator

07.11.2010

MATMINNER del 2 - flatbrød

Hjørundfjordportalen har fått tilsendt endå ein artikkel om mattradisjon frå Olaug Myrhol Hatlø. Olaug er yngste dotter til Betsy og Trygve Myrhol, utdanna faglærar i ernæring, helse og miljøfag. Ho jobber på Herøy vidaregåande skule, avd helse og sosialfag. Har ei spesiell interesse for tradisjonsmat, og eit ynskje om at vi må prøve å ivareta dei konserveringsmetodane folk har brukt i generasjonar før oss.

Vi takkar Olaug for bidraget og håper at fleire kan kome med liknande artiklar til oss framover..

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

24.10.2010

MATMINNER del 1 - Saudehaud

For mange av oss er tradisjonsmat viktig, ikkje minst når hausten kjem og førjulstida nærmer seg med stormskritt. Mange gamle konserveringsmetoder er i ferd med å gå i gløymeboka. Kansje kan nokon finne inspirasjon til å td lage saudehaud eller bake flatbrød ved å lese om desse prosessane som vart nedskrivne under eit studium teke ifjor haust. I så fall: Lykke til !

Del 2 flatbrød,kjem om 14 dagar.

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

23.12.2008

Ølbrygging på Ner-Saure

Saman med dei siste dråpane av ølgjæra, fer eit kraftig gaul frå Einar rett ned i ølgilen. Kaldgaulet skræmer ikkje Tom Erik, men underskrivne sitt fotoapparat heldt på å ende som ingrediens i juleølet i Knutegarden på Ner-Saure. – Så, no er prosessen i gang, smiler Einar...

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

04.12.2007

Syltaflesk

Syltaflesk høyrer naturleg heime på frukostbordet i jula. Dei fleste kjøper det i butikken, men Asbjørn(t.h.) og Åse Johanne lagar syltaflesket sjølve...

Les heile

[5 kommentarar]

Per Atle Røe

07.08.2007

Lokal mat frå Hjørundfjorden

I Hjørundfjorden finst det mange mulegheiter for lokal matproduksjon som i dag ligg unytta. Tilliks med annan norsk tradisjon sender vi i dag frå oss råvarene lite foredla. Dei store samrørslene som på ingen måte skal sjåast som negative, har fjerne merksemda frå lokal foredling, det skjer no sentralt. Det som no er etterspurd frå leverandørane er ofte mest muleg, billegast muleg. Utkantane er taparane i dette jaget og vi som bur der, må sjå etter andre vegar til marknaden, til kundar som etterspør særpreg og andre kvalitetar enn låg pris. Ei mulegheit er lokal matproduksjon med lokal overlevering

Les heile

Knut Hustad

05.12.2006

Åshild lefsebakar

Flatbrødbaking heime, lefsebaking på Hjørundfjordheimen, lefsebaking heime... Det er travle tider for Åshild - fagarbeidar på lefse som ho er.

Les heile

[1 kommentar]