Hildegunn Mork
10.07.2014
Topptur til Hornindalsrokken 12. juli
Fint landemerke og grensefjell for Hornindal, Ørsta
og Stranda kommune og for to fylke. Rokken, eller Rokkjen som vi seier har ei stupbratt vestside rett i Tyssevatnet.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Hildegunn Mork
10.07.2014
Fint landemerke og grensefjell for Hornindal, Ørsta
og Stranda kommune og for to fylke. Rokken, eller Rokkjen som vi seier har ei stupbratt vestside rett i Tyssevatnet.
Fred Ingar Somby
17.04.2012
En meget fotogen topp. Bratt og lekker er den også..
Knut Hustad
15.04.2010
I påska nådde DNT-sjef Kristin Krohn Devold målet sitt - det 1420 m høge fjellet Blæja. I går var det tid for oss til å trakke i spora hennar...
Til høgre ser vi Olav (Haugen) på denne fine skitoppen i Norangdalen. I bakgrunnen ser(?) vi ut den vakre Hjørundfjorden.
Knut Hustad
08.03.2010
Etter påske er fjellturen til Eidskyrkja frå Austefjorden og Skinnviksetra ein av dei mest populære, men har du prøvd rundturen Grøndalen - Eidskyrkja - Skinnviksetra - rv. 651?
Knut Hustad
19.02.2010
For oss som bur litt lengre inne i fjordane, men likevel likar utsikt mot hav og øyar, er dette nest mest staselege fjellet på Vartdal ein topp vi absolutt må ha med oss...
Jakob Hustad på foto til høgre.
Knut Hustad
17.02.2010
Køyrer du etter fylkesvegen frå Vatne i Ørsta kjem du etter kvart opp i Aldalen og Hjartåsetra. Og opp til høgre ligg Koppefjellet - ei skifjell du absolutt må ha med på lista...
Yngve Frøland
30.11.2009
Fjella i Hjørundfjorden har hatt ei lokkande effekt på mennesker i lange tider. På slutten av 1800-talet kom folk langvegs frå for å oppleve dei kvasse tindane. I seinare tid har også dei fastbuande funne verdi i fjella utover det å gi føde til folk og fe. Nokre går i fjella for rekreasjon, andre for naturoppleving og nokre for å søke spenning. Vi nærmer oss høgsesong for ski- og toppturar og det ser ut til at skiturar, spesiellt i bratt terreng, vert meir og meir populært. For dei som planlegg å ta turen i vinterfjellet kan det være ei billig forsikring å sette seg litt inn i dei kreftene som ligg lagra i dei kvitkledde fjella.
Hilde Sæbønes
01.08.2009
Dei fleste skulle på Saudehornet rett opp
men vi ville finne ein annan topp.
Det måtte bli eit fjell i Hjørundfjord
- der du finn den beste utsikta på jord!
Jogeir Halland
20.04.2009
Topptur til Slogen.
Slogen tek seg like bra ut frå alle vinklar og aller årstider. Dette biletet er ikkje frå påska. Leknes hadde litt mindre snø i år. Fotograf: Jogeir Halland
Knut Hustad
16.04.2009
Nokre vil vel hevde at vi har alder til å verte kalla "To gretne gubber" eller "To rustne herrer", men for all del - vi kom oss likevel opp på den vakre Kjerringa og attpåtil fekk vi med oss "ei lita perle av ei nedkøyring" som det står i boka...
Knut Hustad
17.03.2009
- Dette lille fjell bør man merke seg bedre enn hitil, skriv Kristoffer Randers.
Lite eller stort - eit fantastisk skifjell er i alle høve Dalegubben, også kalla Miendalstinden. Men så er det dette med skorpe på leverposteia, då...
Knut Hustad
31.05.2008
Ikkje var det dei beste snøforholda, ikkje rann vi ned frå den høgste tinden, ikkje var det den lengste nedkøyringa, men likevel - dette var nok den artigaste fjellturen på ski eg nokon gong har hatt i mitt 49-årige liv...(Foto t.h.: Knut Hustad på veg ned "Giganten-renna)
Stig Helset
13.05.2008
Etter mykje hardkøyr i fjellet denne våren, var eg eigentleg berre ute etter litt lett restitusjonstrening, og hadde blinka meg ut Kyrkjefjellet som morgontur. Men når eg kom opp på Skinnviksetra, la eg merke til ei uimotståeleg linje i Nordveggen på Lissje Eidskyrkja. Dermed endra eg litt på planane og kursen.
(Etter spørsmål frå Johan Hustadnes har eg no lagt inn nokre kommentarar og bilete for dei som er interesserte i rennekøyring).
Ronny Opsahl Haugen
07.05.2008
I snart to år har eg og Fred Ingar prata om Mohns Topp. Mohns Topp. Namnet smakar litt framandt på tunga. Det er nesten noko magisk over det. No har vi gjort oss til vens med dette makelause fjellet. Men magien kjem aldri til å sleppe taket.
Fred Ingar Somby
29.04.2008
En liten frekkis med kort adkomst og tøff nedkjøring. Lillebror Eidskyrkja banker storebror..
Knut Hustad
07.04.2008
Ser du furua til høgre, er du truleg på rett veg - i alle høve om du skal på det høgste fjellet i Volda...
Fred Ingar Somby
07.03.2008
Aldalen-sørvestryggen: En kort "rett på sak" topptur. Nedkjøringen er helt ypperlig og siste sving tas nede på parkeringsplassen. For de som liker å få mye for lite er denne toppen et glimrende alternativ..
OveRune Søvik
11.12.2007
Flott portal dette og mange fine artikler her inne,og mange flotte fjellturer og bilder.Her er ein tur eg vil dele med fleire toppturkompiser,som anbefales ved gode snøtilhøve.Ikkje i Hjørundfjorden denne turen,men på Snøhornet og i renna i midten i Aldalen.Ei fantastisk nedkjøring.
Rune Sæbønes
01.04.2007
Det var før det heitte ekstremsport. Det var før ein kunne velje skitype og bindingstype. Likevel gjekk folk til topps på ski også då. Slik ein kameratgjeng gjorde i 1939 - til Dalagubben øvst i Skondalen.
Fred Ingar Somby
26.02.2007
Skal ikke du ta deg en tur til fjells, Fred? Ja, kanskje det, men klokka er jo ett allerede. Ja, og du må være tilbake til fem. Etter litt kjapp hoderegning der 2+2 ofte er lik 3 falt valget på Sylvkallen..
Knut Riise
14.02.2007
I går kveld fekk eg melding frå Arve Rødvik. Skal du på ski i morgon?
Eg hadde tenkt litt rekneskapføring attmed omnen, og svarte at eg ikkje hadde slike planar.
Då eg fekk høyre om at han hadde planar om tur til Grøttdalstinden, kjende eg freistinga sige på. Det rare er at ein tenkjer tilbake til då ein var i kjempeform. Det er vanskeleg å innsjå at tida går, og kroppen forfell. Det kom eg først på i dag tidleg i fjøsen. Men då var det for så vidt forseint--.
Fred Ingar Somby
21.06.2006
Det sies at Dalegubben gir den beste utsikten over Hjørundfjorden. Når nedkjøringen i tillegg ser ut som klippet ut av et eventyr, er toppen et naturlig valg en solskinnsdag...