Bodil Skare
04.06.2018
Gunnarråsa og Storenakken.
Ein sprek gjeng tok heile runda i dag på måndagstur.
Flott turvèr har visst vorte ein vane no.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Bodil Skare
04.06.2018
Ein sprek gjeng tok heile runda i dag på måndagstur.
Flott turvèr har visst vorte ein vane no.
Bodil Skare
18.09.2017
I dag var det ein flott dag å gå runda frå Fonnvernet, opp Gunnarråsa vidare over Skonndalen til Storenakken,så nedatt.
Vi merkar at det mørknar fort men vi hadde god tid .
Bodil Skare
08.06.2015
Med regnbyger som trua i fjelldalane rundt oss var det store sjangsar for nedbør på måndagsturen.
Vi merka knapt nokre dråpar, og rundturen Gunnar-råsa vidare til Storenakken vart ein flott tur med vakker utsikt og kjekke folk.
Bodil Skare
01.09.2014
Nydlege fargar og god tempratur, dette er fordelane med haustturane.
Skondalen var vakker og vi hadde ein flott rundtur.
Bodil Skare
09.06.2014
Varmt og strålande sol, flottare enn ditte kan du neppe få det.
Ikkje alle var heilt utsletne etter Hjørundfjorddagane, så tur i Gunnar-råsa og Storenakken vart det.
Bodil Skare
15.08.2013
Det er stort sett mykje folk når vi skal gå tur i Gunnar-råsa.
Denne gongen var ikkje noke unntak, atten sprekinga stillte opp.
Vêret var fantastisk,og utsikta likeså.
Bodil Skare
10.06.2013
Strålande sol etter ei helg med mykje regn, var det beste me kunne håpe på.
Fint og tørt i råsa, grønt og lunt i skogen, mykje fuglekvitter, og nitten spreke turglade trimmarar i råsa, snakk om velstand.
Bodil Skare
04.06.2012
Hjørundfjorddagane er over for denne gong, men folk var ikkje for slitne til å gå på tur, ein flokk på tilsaman 22 tok turen til Gunnar-råsa.
Fine forhold i råsa, og oppe ved steinen hadde bålet full fyr og venta på oss.
Bodil Skare
18.08.2011
To gode naboar "tok te vet", og lasta sekken med greinsaks, sag og niste,no skal det verte orden på råsa til Storenakken.
Ta deg ein tur og test om du får olbogerom, sessen på toppen ventar på deg.
Bodil Skare
15.08.2011
Varmt og vått, ja vi har vorte vande med væten no, Gunnar-råsa er alltid ei god oppleving uansett vêr.
Litt ulike vegar nedatt gir variasjon og mangfald.
Bodil Skare
13.06.2011
Gunnar-råsa og Storenakken var turmålet denne måndagen, men det vart litt anna også, og ein kviss attpå.
Bodil Skare
01.06.2010
Femten lettkledde turgåarar fekk ein fantastisk tur i Gunnar-råsa på måndag.
Nokre gjekk runda om Storenakken og andre fann att gamle minner på ei anna rås.
Bodil Skare
09.09.2008
I skikkeleg sommarvarme gjekk mandagsturen denne gongen raskt og lett.
Bodil Skare
11.09.2007
Måndag var vi tre damer som møtte opp på tur!
Det var vått i marka regnbygene var rundt oss, men det var stort sett opplett og det vart varmt og flott og gå!
Bodil Skare
25.07.2007
Her er eit samandrag frå nokre av måndagsturane vi har hatt på forsommaren!