Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Spania" som stikkord

Arve Kvistad

30.03.2012

Topptur på Gran Canaria

Hjørundfjorden og Gran Canaria har kanskje ikkje akkurat det same klimaet, men likevel litt til felles. Fjell og snø. Er en hjørundfjording, blir en gjerne litt nyskjerrig på slikt. Langt frå strendene, bak hotella, opp dei gulbrune toppane ein ser i horisonten på Gran Canaria, ligg fjellområde som har fått namna sine frå det spanske ordet for snø, Nieves. Ja, det hender framleis at det er kvitt på toppane etter ei kald vinter natt. Men i dag smeltar sola det vekk straks ho er over horisonten. Under "den lille istid" som var på den norlige halvkule fram til 1800 talet var det kaldt nok her til at snøen vart liggande. Snøen vart faktisk samla i brønner og selt som ei luksusvare til dei velståande i Las Palmas.

Les heile

[2 kommentarar]

Sverre Måseidvåg

26.11.2009

Guajara - 2715 moh

Det vart ein fjelltur meir på Tenerife i november. Denne gongen til guanchane sitt heilage fjell Guajara som ligg i kanten på det største vulkankrateret i verda, Las Cañadas, over 40 km i omkrins. Normalvegen er på "baksida" av fjellet, 4 1/2 t. lang og grei. Eg valte snarvegen på framsida, som vi ser på biletet, den er også handterleg og litt meir variert. Men det mest spennande med turen er den fantastiske utviklingshistoria som knyter seg til dette eineståande landskapet - og utsikta frå toppen.

Les heile

[2 kommentarar]

Sverre Måseidvåg

02.11.2009

Montana Lemon - Sitronfjellet

I dag må det bli fjelltur. Siste turen var til Store Smørskredtind i slutten av august - så no er det på tide!
Sola skin frå skyfri himmel, og det har ho gjort sidan vi kom til vinterkvarteret her på Tenerife. Det blir nok ein annleis tur utan svad, tindar og taggar, men høgt blir det og mykje interessant å sjå.

Les heile

[2 kommentarar]