Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Skred" som stikkord

Monika Riise

20.01.2019

Fonndokumentasjonssenter på Sæbø

Hjørundfjord kulturvernlag er i startfasa med planlegging av eit fonndokumentasjonssenter i Dampskipsekspidisjonen på Sæbø. Her vil vi prøve å bygge opp ei utstilling med bilete, modellar, og digitale presentasjonar. Målgruppa er både turistar og lokalbefolkning. I denne samanheng ber styret i Kulturvernlaget om innspel. Har du tips om tema, eller hending vi bør ha med, så gi oss ei tilbakemelding. Har du spektakulære bileter eller filmar, historier eller spesielle naturmerker knytt til skred, så vil vi gjerne høyre om dei.

Les heile

Yngve Frøland

30.11.2009

Skred og skredfare i vinterfjellet

Fjella i Hjørundfjorden har hatt ei lokkande effekt på mennesker i lange tider. På slutten av 1800-talet kom folk langvegs frå for å oppleve dei kvasse tindane. I seinare tid har også dei fastbuande funne verdi i fjella utover det å gi føde til folk og fe. Nokre går i fjella for rekreasjon, andre for naturoppleving og nokre for å søke spenning. Vi nærmer oss høgsesong for ski- og toppturar og det ser ut til at skiturar, spesiellt i bratt terreng, vert meir og meir populært. For dei som planlegg å ta turen i vinterfjellet kan det være ei billig forsikring å sette seg litt inn i dei kreftene som ligg lagra i dei kvitkledde fjella.

Les heile

[1 kommentar]