Rune Sæbønes
17.07.2008
Bondalingar på Giro og Tour de France
Kurt Asle Arvesen vann onsdag sin første etappesiger i Tour de France. Hurra for han, og det var vel fortent for ein slitar i sykkelsporten. Vi er no midt i Tour de France, og om det ikkje er bondalingar som følgjer dette etapperittet, var det i alle fall tre som følgde Giro d`Italia i mai. Mellom dei Alf Ole Aarseth, som her nesten vert påkøyrd av ein ryttar frå nederlandske Rabobank.