Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Sæbø bedehus" som stikkord

Kari Stokke

17.02.2019

Bedehuset på Sæbø - eit flott grendehus i Sæbø sentrum

Sæbø bedehus er eit staseleg og godt vedlikehalde bygg.
Styret i Sæbø bedehus har som oppgåve å drifte og halde ved like det flotte bygget som ikkje lenger er knytt til nokon organisasjon.
Huset er mykje brukt, men styret håper at endå fleire vil bruke huset til ymse aktivitetar og arrangement.
Har du gode idéar, eller vil hjelpe til med ymse arrangement, er det fint om du vil kome på årsmøtet vårt kl. 19.00 6. mars. Du risikerer ikkje å verte vald inn i styret, men om du vil ha ein plass der er det fint.
Det viktigaste for oss er gode og nye støttespelerar.

Les heile

Kari Stokke

06.10.2018

Julemesse søndag 25. november

Søndag 25. november kl. 13.00 - 17.00 vert det julemesse på Sæbø bedehus.
Avtale er gjort med mange flinke utstillerar, så her vert det gode høve til å kjøpe flotte julegåver.
I kjellarstova vert det kafé med brennsnut og gode kaker.

Les heile

Kari Stokke

15.03.2018

Påskekafé

Skjærtorsdag inviterer Sæbø bedehus til påskekafé.
Det har vorte ein tradisjon at styret for bedehuset arrangerer kafé i kjellarstova skjærtorsdag.
Her kan du treffe kjende og kjære til ein triveleg prat over god mat.

Les heile

Lars Vatne Nielsen

13.02.2018

Årsmelding for Sæbø bedehus 2017

Vi i styret for bedehuset ser tilbake på eit år med mykje god aktivitet som vi vonar er med på å styrkje samhaldet i Hjørundfjorden, og at folk kjenner at her er det godt å vere. I tillegg har vi gjennom utleige og inntekter på matsal fått inn ein god slump pengar slik at vi kan få halde huset ved like slik at det framleis vil framstå som eit moderne hus.
Vi vil nytte anledninga til å takke alle som har hjelpt til i 2017.

Les heile

Kari Stokke

21.11.2017

Julemesse på Sæbø 26. november

Søndag 26. november, kl. 13.00 - 17.00, er det igjen tid for julemesse på bedehuset på Sæbø.


I salane oppe vert det eit variert utval flott handverk og nede i kjellarstova finn du kafé med salg av karbonadesmørbrød, gode kaker og kaffi.

Utstillerane gir kvar si sjølvlaga gåve til eit lotteri til inntekt for bedehuset. Lodd kan kjøpast ved inngongen til salane oppe.

Les heile

Kari Stokke

12.05.2017

Sommar på Sæbø

Laurdag 27. mai ønskjer vi sommaren velkomen til Sæbø.

Denne dagen vert det mykje aktivitet på Sæbø og vi har som vanleg tinga både sol og varme.

Les heile

Kari Stokke

10.04.2017

Påskekafé på bedehuset

Skjærtorsdag 13. april vert det påskekafé i kjellarstova på Sæbø bedehus.

På menyen står ball (også glutenfri) med tilbehør, kaffi og kaker.

Les heile

Kari Stokke

19.11.2016

Julemesse på Sæbø 20. november

Søndag 20. november, kl. 13.00 - 17.00, er det igjen tid for julemesse på bedehuset på Sæbø.

I salane oppe vert det eit variert utval flott handverk og nede i kjellarstova finn du kafé med salg av rømmegraut, karbonadesmørbrød, gode kaker og kaffi.

Utstillerane gir kvar si sjølvlaga gåve til eit lotteri til inntekt for bedehuset. Lodd kan kjøpast ved inngongen til salane oppe.

Les heile

Kari Stokke

23.09.2016

Klar for loppemarknad i helga!

Då er vi klar for loppemarknaden laurdag og søndag.
Vi har fått fantastisk mange lopper og dugnadsgjengen har vore på plass kvar kveld denne veka for å pakke ut alle kassene som har vorte avlevert.
Ta turen då vel, her er mykje spennande å finne!

Les heile

Kari Stokke

11.08.2016

Loppemarknad på Sæbø

Laurdag 24. og søndag 25. september er det igjen klart for loppemarknad på Sæbø.
Det dårlege sommarvéret vi har no er perfekt til å rydde litt ut av skuffer og skap.

Les heile

Kari Stokke

23.05.2016

Plantedag på Sæbø

Laurdag 28. mai kl. 09.00 - 15.00 vert det plantedag på Sæbø.
Borgar Berg og Oddvar Årsetøy kjem med flotte sommarplanter og Hovden Gravferdsbyrå vil gi råd om stell og kjøp av gravsteinar.

Les heile

Kari Stokke

02.05.2016

Kreativ kveld på bedehuset

Fredag 13. mai kl. 20.00 inviterer tre kreative damer til kreativ kveld på bedehuset på Sæbø.
Denne kvelden kan du lære å pynte ein krans, lage ein vårbukett av blomster, eller lage eit klatrestativ til blomsterkrukker.

Les heile

Kari Stokke

29.03.2016

Klebyttedag

Søndag 17. april er det igjen klart for klebyttedag på Sæbø bedehus.
Har du dameklede eller barneklede som er i god stand er det
no tid for å rydde ut av skuffer og skap.
Også sko, sjal og smykker.

Les heile

Kari Stokke

10.09.2013

Julemesse på Sæbø

Søndag 24. november vert det julemesse på Sæbø bedehus.
Hald av dagen allereie no, her vil du finne mykje flott å nytte som julegåver til kjende og kjære.

Les heile

Kari Stokke

26.11.2012

Vellukka julemesse

Det er spennande å prøve seg på nye arrangement.
Ekstra spennande vert det når det samtidig pågår cup-finale i Oslo med finalist frå nabokommunen, balletskulen har ei stor framsyning og det skal spelast handballkampar i aldersbestemte klassar heile dagen.
Men folk strøymde til Julemessa på bedehuset på Sæbø og salet starta allereie før vi offisielt hadde opna.

Les heile