Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Sæbø barnehage" som stikkord

Hilde Muren

05.07.2010

Matematikk i barnehagen

I barnehagen skjer mykje læring, og eitt av læringsområda er matematikk. Eller "antal, rom og form" som rammeplanen seier. Læringa skjer ikkje gjennom tradisjonell undervisning slik vi kjenner det frå skulen, men gjennom mange kvardagsaktivitetar.

Les heile

Hilde Muren

05.06.2010

Å lære seg å snikre

Barn elskar å gjere som dei vaksne, iallfall når det ikkje er å rydde. Å spikre, sage og bore er døme på slike aktivitetar som samlar små og store til aktivitet i lang tid. Det er spanande med verkty og å få gjere som dei vaksne. Dei sansemotoriske utfordringane er allsidige: rørsle, motstand og lyd. Heldige er dei som har tilgang til ei snikkarbod.

Les heile

Hilde Muren

12.06.2010

Gamle barnehagebilde del 2

Her kjem nye foto som eg treng hjelp av lesarane til portalen til kvalitetssikring av. Som før både årstall og namn. Nokre av dei avbilda lurer på om nokon veit kvar bilda er tatt. Bruk kommentarfeltet eller epost til sabobanrehage@tussa.com. Takk for hjelpa på dei førre bilda eg la ut, det er kjekt å få historikken rett.

Les heile

[4 kommentarar]

Hilde Muren

14.06.2010

Gamle barnehagebilde

Sæbø barnehage har ein lang tradisjon med årlege fellesbilde. Arkiva er no rydda, og bilda samla i eigen perm. Men her er fleire bilde der vi manglar årstal og namn på barna. Personalet har leita i sine små grå og mange namn er på plass, men vi ønskjer ein ekstra kvalitetssjekk av dykk. Når er bilda tatt, og kven er avbilda. Vi startar med desse to bilda:

Les heile

[5 kommentarar]

Hilde Muren

12.04.2010

Vår i barnehagen

Før påska låg snøen meterdjup i barnehagen i Sandvika. No er det meste borte, og vi finn nye vårteikn kvar dag.

Les heile

Hilde Muren

23.02.2010

Formiddagssol i Sandvika

I dag ser vi formiddagssola i Sandvika. Herleg, herleg. No ventar vi berre på at ho skal stige over Lisjehornet og Storhornet med.

Les heile

Hilde Muren

20.02.2010

Barna i barnehagen lærer om fonner

”Eg vakna av vinden som ulte og huset som rista. Eg rakk å tenkje at no tek Korsen oss, samtidig som eg heldt hendene kring hovudet. Då traff fonnbreden huset med eit brak.
Eg vart liggande på golvet i restane av senga, og det var kolmørkt og uhyggeleg stille.”

Les heile

Hilde Muren

08.05.2009

Når lamba kjem på Sæbøneset

Rett etter påske fekk barnehagen vite at der var full aktivitet med lambing på Sæbøneset. I år som i fjor måtte vi sjølvsagt på på besøk. Den første dagen gjekk fire- og femåringane (gr gul og raud) saman med Terese, Reidun og Mikkel utover. Alle var spente, tru om der var komne mange lamb i år?

Les heile

Hilde Muren

20.04.2009

Barnehage til sjøs

Tre og fireåringane arbeider for tida med boka "Bæ og Bø til sjøs" Vi les, fortel og dramatiserer forteljinga med dokker. Onsdag 15. april fekk barna sjølve prøve seg til sjøs i færingen til Ollen.

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

27.03.2009

Årets første hestehov

Liten og lubben og lysande gul stod den der i tørt gras frå i fjor. Årets første hestehov. Den fekk ikkje stå i fred, vi berre måtte plukke han.

Helsing Sæbø barnehage

Les heile

Hilde Muren

16.02.2009

Barnehageopptak 2009/2010

Sæbø barnehage får mange ledige plassar frå 1. august. Frist for å søkje er 1. mars, og nye søkjarar nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn på heimesidene til Ørsta kommune. Det gjeld og barn som ønskjer å auke plass-storleiken sin eller som ønskjar overføring til annan barnehage.

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

05.12.2008

Julebakst i barnehagen

Julekaker liker dei fleste, også barna i barnehagen. I år (som i fjor) lagar vi pepperkakekalender, og pepperkakene bakar og pyntar vi sjølve. No heng 24 pepperkakehjerter i lysnettet under taket og berre ventar på dagens heldige.

Les heile

Hilde Muren

06.11.2008

Vi vil ha snø!

Etter ein fin vår, varm og solrik sommar og ein flott høst er barna i barnehagen heilt sikre: No vil dei ha vinter med snø, masse snø. Medan dei ventar, gjer dei nytte av nattefrosten og øver inn tamer i aking i akebakken.

Les heile