Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Sæbø Grendalag" som stikkord

Hilde Muren

08.05.2013

Minner om grillfest i Kapteinkvia laurdag 11. mai

Sæbø grendalag byr inn til opningsfest av grindaløda i Kapteinkvia laurdag 11. mai. Bygdefolk frå heile Hjørundfjorden er velkomen til fest frå kl. 20:00.

Dette blir ein spleisefest der grendalaget stiller med potetsalat og grønn salat og varme grillar. Du som kjem, tar med grillmat og drikke som du vil ha attåt - samt glas, fat og bestikk.


Vel møtt.

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

26.04.2013

Ryddeaksjon våren 2013

Retura Søre Sunnmøre, i samarbeid med Ørsta Kommune og Volda Ørsta Reinhaldsverk, inviterer med dette Bondalen og Sæbø til ryddeaksjon 2013.

Les heile

Hilde Muren

20.02.2013

Årsmøte Sæbø Grendalag

Sæbø grendalag byr inn til ÅRSMØTE torsdag 14. mars kl 19:30 på Klubbhuset.

• Vanlege årsmøtesaker

Debatt:
• Bustadareal Sæbø
• Kva skjer med Prestegarden?
• Bålplass på Kapteinkvia.

Saker til årsmøtet må meldast til styret ved Øyvind Taklo innan torsdag 7. Mars.

Vel møtt

Les heile

Hilde Muren

26.09.2012

Taktekkjardugnad laurdag 29. september

På laurdag skal grendaløda på Kapteinkvia tekkjast med torv. Vi treng 10-15 arbeidsvillege personar: ungdomar, vaksne, kvinner og menn. Du er like velkomen om du er frå Sæbø, Bondalen, Urke, Øye eller ein annan av våre vakre fjordbygder. Dugnaden startar kl 10:00 med oppmøte ved hovudvegen nedom heimen til Håvard Aklestad. Kan du først møte kl 11 eller 12 eller seinare bør du måte i Kapteinkvia.

Kl 13 byr grendalaget på varm trøndersodd.

Les heile

Hilde Muren

26.08.2012

Snart tett, lyst og lett.

10-15 av bygdafolket samla seg til dugnad i laurdag. Dei yngste rundt tre år, dei eldste noko eldre. Dei fleste fant noko å gjere som dei fant lystbetont å gjere og mykje vart gjort.

Les heile

Hilde Muren

23.08.2012

Tak søkjer torv.

Har du ei mark du skal brakke eller torv å gi bort?

Grendalaget treng torv til omlag 150m2 tak på grindaløda.

Vi kan stille med med maskiner og dugnadsfolk som tar av og kjører bort torva. Torva får då forlenga livstida si som tak på Hjørundfjorden sitt nye festbygg i Kapteinkvia.

Ta kontakt med Øyvind Taklo, tlf 477 59 789

Les heile

Hilde Muren

22.08.2012

Dugnad på Kapteinkvia laurdag 25.08 kl 10.00

Grindaløda er snart ferdig bygd og ein siste innsats (eller to) er naudsynt før hausten kjem. Laurdag er der oppgåver for både store og små, for dei som liker seg i høgda og dei som liker seg betre på bakkenivå.

Les heile

Hilde Muren

13.06.2012

Kven eig denne?

På badestranda (Sæbø) har det dukka opp ei ny flåte. Vi håper at eigaren, eller andre som veit kvar den kjem ifrå, kjenner den att og hentar den heim att snarast råd . Viss ikkje blir den fjerna.

Ta evnt kontakt med grendalagsleiar Øyvind Taklo.

Les heile

[2 kommentarar]

Hilde Muren

12.06.2012

Kapteinløda reiser seg

Med intens dugnadsinnsats laurdag og mandag vart grindaløda delvis reist på Kapteinkvia. Mange dugnadstimar er lagt ned, og fleire må det bli. Men no står grinda der - delvis ferdig. Mykje står framleis att, men no lar deg seg gjere å danne seg eit bilde av praktverket det skal bli.

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

07.06.2012

No skal grindaløda OPP!

Laurdag blir den store dagen for endringane på Kapteinkvia. Delane til grindaløda ligg klar i Stormøllen og er klar til setjast saman til ei ny storstove for bygda. Vi treng mykje folk til å hjelpe oss. Møt opp frå kl 10:00

Les heile

Hilde Muren

08.05.2012

Dugnad Sæbø sentrum 12. mai kl 12:00

Vi ryddar og gjer sentrum klar til 17. mai, Hjørundfjorddagar og ein god sentrumsommar for oss alle.

Benkar, bord og sommarblomar skal fram, ugrass og anna skal vekk.

Ta med arbeidslyst, arbeidshanskar, trillebør, hakkegrev m.m. og mot opp til ei sosial arbeidsøkt.
Grendalaget stiller med kaffe/drikke og noko å ete attpå.
Ingen aldersgrense, dette er for både store og små.

Vel møtt!

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

25.05.2012

Siste innspurt på Kapteinløda!

Tysdag 29.mai kl 17:00 kjem grindahusekspert Kåre Løvoll for å rettleie vidare på arbeidet med grindaløda.

Grendalagsleiar Øyvind Taklo rapporterer om stor arbeidsinnsats frå bygdefolket og meiner at med like god innsats ein to-tre-fire kveldar til, så klarer vi kanskje å røyse grindahuset til Jonsok.

Dei som har kika inn på byggverket som ligg i Stormøllen er storleg imponert over kva vi klarer her på Sæbø. Også "ørstingar" har sagt seg samde i dette.

Les heile

Hilde Muren

10.04.2012

Dugnad torsdag 12.april i Risebakkane.

Komande torsdag blir det dugnad med oppmøte i Risebakkane kl 17:00. Det skal kappast sperrer til grindaløda og vi treng ca seks kvinner / menn med motorsag.

Send ei melding til Øyvind Taklo, tlf. 477 59 789, om du kjem.

Les heile

Hilde Muren

11.03.2012

No bygg vi "Kapteinløda"

Motivert av byggeaktivitet som har resultert i ny gymsal, ferjekai og “nytt” hotell skal det no reisast ei grindaløda til Kapteinkvia, vi kallar henne “Kapteinløda”.

Sæbø grendalag byd inn til kurs tysdag 13. Mars kl. 18:00 og håper at mange av bygdas kvinner og menn møter. Påmelding til Øyvind Taklo, epost: taklo73@hotmail.com

Les heile