Ivar Svein Mo
20.02.2018
Vi minnast Riseulukka 50 år etter.
Ei høgtideleg og ei gripande stund vart det ved minnesteinen på gamle Rise, måndag 19.februar 2018. Mykje av familiane på Rise var samla ilag med venner og kjentfolk. Det vart fortalt om Risetunet før raset, og korleis det var på rasdagen og om oppattbygginga. Ragna Rise er den eldste som er att av dei naboane som var råka, og hadde ein fin forteljing om den gode tida på Riise.