Hjørundfjordportalen Administrator
14.01.2009
Ny borgar på Valset i Bondalen
Ein av dei kjekkaste oppgåvene vi har her på portalen er å melde ifrå at vi har fått nye fødde til bygda. Til jul kom ei jente til Sollida på Valset i Bondalen...
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Hjørundfjordportalen Administrator
14.01.2009
Ein av dei kjekkaste oppgåvene vi har her på portalen er å melde ifrå at vi har fått nye fødde til bygda. Til jul kom ei jente til Sollida på Valset i Bondalen...
Linda Stokke
25.08.2008
Ein ny verdsborgar er tilkomen til bygda vår. Ho heiter Solveig og bur på Tryset i lag sine stolte nybakte foreldre.
Hjørundfjordportalen Administrator
20.05.2008
Dersom folk trur at portalens medarbeidarar har oversikt over fødslar i bygda, og ventar at vi skal skrive om det av eige iniativ, ja då kan einkvan verte gløymde! Her får vi opplysningar i etterkant om at vi er inne i eit svært så godt år med nye fødde born. På Villane i Bondalen har dei fått seg ein gut no i mai, og her kan du få sjå bilete av den nye Hjørundfjordingen.
Hjørundfjordportalen Administrator
18.05.2008
Hjørundfjordportalen er alle tider glade når vi får opplysningar frå stolte nybakte foreldre. Brukarane må hjelpe til slik at vi ikkje gløymer nokon. På sjølvaste morgonen 17.mai fekk fam. Midtflå seg ei ny prinsesse, som dei sjølve utrykker det.
Bilete t.h. er det fyrste bilete av 17.mai babyen frå Valset i Bondalen.
Ivar Svein Mo
24.04.2008
Den 22.4.08 fekk vi ein ny borgar til bygda. Det var Lavin og Per Ove Flatnes som fekk seg ein velskapt gut og dette set vi alle i lag med familien stor pris på. På Portalen kan vi vise fram stolte foreldre og besteforeldre...
Bilete t.h. Halvard Flatnes (privat foto)
Knut Hustad
02.01.2008
Den 1.1.08 klokka 1521 kom han til verda - prinsen til Wenche Strand og Vidar Stokke. Dermed vart han nyttårsbarnet til sjukehuset i Volda...
Hjørundfjord bygdemobilisering
28.07.2007
Vi har fått melding om ein ny hjørundfjording er fødd...