Hjørundfjordportalen » Lokalt

Attende til hovudsida

Artiklar med "Nilsbuda" som stikkord

Kari Stokke

13.05.2019

Sommarlaurdag på Sæbø

Laurdag 1. juni opnar Nilsbuda på Sæbø og det vert plantedag med sal av sommarplanter utafor Sæbø bedehus. Inne på bedehuset kan du kjøpe smørbrød og kaker. Galleri Taklo opnar i 2. etasje i Sæbø Damskipsekspedisjon.

Les heile

Kari Stokke

23.08.2017

Nilsbuda stengjer for i år

Det går mot slutten av august månad og Nilsbuda førebur seg på å stengje for denne gong.
Vi har hatt ein heilt fantastisk sesong og takkar alle som har vore innom oss.
Om du ikkje har tatt turen tidlegare i sommar har vi framleis mykje fint i butikken og held ope laurdag 26. og søndag 27. august kl. 11.00 - 16.00.
Og svelerøra, den vert sjølvsagt klar!

Det vert ellers mykje aktivitet på Sæbø fredag og laurdag, då eigarane av Sæbø Dampskipsekspedisjon (Dampen) arrangerer Hjørundfjord fiskefestival 2017.

Les heile

Kari Stokke

12.05.2017

Sommar på Sæbø

Laurdag 27. mai ønskjer vi sommaren velkomen til Sæbø.

Denne dagen vert det mykje aktivitet på Sæbø og vi har som vanleg tinga både sol og varme.

Les heile

Kari Stokke

07.04.2017

Nilsbuda opnar 27. mai

Det er vår og damene på Nilsbuda er godt i gang med planlegging av sommarsesongen.
27. mai vert det opning og då skal butikken vere fylt til randen av eit fantastisk utval lokalprodusert handarbeid og kunsthandverk.
Denne dagen vert det og plantedag ved Sæbø bedehus.

Les heile

Kari Stokke

24.08.2016

Nilsbuda stengjer for i år

Då er vi der igjen...
August går mot slutten og Nilsbuda førebur seg på å stengje for denne gong.
Vi har hatt ein fantastisk sesong og takkar alle som har vore innom oss.
Om du ikkje har tatt turen tidlegare i sommar har vi framleis mykje fint i butikken og held ope laurdag 27. og søndag 28. august kl. 11.00 - 16.00.
Og svelerøra vert klar!

Les heile

Kari Stokke

03.06.2016

Nilsbuda opnar laurdag 4. juni

Laurdag 4. juni kan vi igjen ønskje velkomne til Nilsbuda.
Butikken på kaia i Sæbø sentrum bugner no av flott handverk.
Her er både lokale leverandører, nye leverandører og nokre med litt lenger reisetid representert.
Ute står bord med parasoll og nye stoler og venter på kjekke, sveleglade gjester.

Les heile

Kari Stokke

29.08.2014

Nilsbuda takkar for i år

Sommaren er på hell og etter ein flott sesong vert dette siste helga Nilsbuda held ope for denne gong.
Vermeldingane er gode, svelerøra vert klar, nytrekt kaffi kan nytast til utsikta mot verdas vakraste Hjørundfjord og inne på Nilsbuda kan du framleis kjøpe mykje flott handarbeid.

Les heile

Kari Stokke

15.06.2014

Nilsbuda har opna for sommaren

Laurdag 31. mai opna Nilsbuda for sommaren for femte år på rad.
Som tidlegare held dei ope laurdagar og søndagar i juni og august og kvar dag i juli.
Plasseringa på kaia på Sæbø dannar ei unik ramme rundt butikken og inne finn du eit fantastisk utval av lokalprosusert handarbeid og kunsthandverk.

Les heile

Bodil Skare

30.05.2014

Fantastisk flotte turstavar.

Laurdag 31 mai opnar Nilsbuda, og skal sjølvsagt halde ope også i sommar.Fred har laga turstavar som du kan kjøpe på Nilsbuda, ta deg ein tur å sjå kor flotte dei er, kan hende du berre MÅ ha ein?

Les heile

Kari Stokke

23.08.2013

Nilsbuda takkar for denne gong

Sommaren er på hell og etter ein kjekk sesong vert dette siste helga Nilsbuda held ope for denne gong.
Vermeldingane er gode, svelerøra vert klar, nytrekt kaffi kan nytast til utsikta mot verdas vakraste Hjørundfjord og inne på Nilsbuda kan du kjøpe mykje flott handarbeid.

Les heile

Kari Stokke

03.08.2013

Nilsbuda

Vi har så vidt starta på sommarens siste månad, men på Nilsbuda er damene framleis på plass med svelerøre og flott handverk.

Les heile

Kari Stokke

17.07.2013

Det gode liv på Sæbø

Drøymer du om late feriedagar, eller ein dag då du kan slentre rundt og gjere så lite som mogleg? Gå ein liten tur, sjå laksen sprette i ei elv, kjøpe deg ein is eller ferske bakervarer, slå av ein prat med trivelege menneske du ikkje kjenner, ligge på ei badestrand og la humla suse...

På Sæbø kan du gjere dette. Ein tur hit er som balsam for sjela...

Les heile

[4 kommentarar]

Kari Stokke

24.05.2013

Nilsbuda opnar laurdag

For fjerde år på rad vert det sommarbutikk i dei trivelege lokala til den gamle Årseth-butikken på kaia på Sæbø.

Og når Nilsbuda opnar veit vi at sommaren er like rundt hjørnet.

Les heile

Kari Stokke

23.08.2012

Nilsbuda takker for i år

Nilsbuda har hatt ein fantastisk sesong med kjekke kundar frå nær og fjern, men no er det slutt for i år.
Laurdag og søndag vert dei to siste dagane her er ope denne sommaren.

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

04.08.2012

Legg søndagsturen til Sæbø

Kalenderen viser at vi har kome nokre dagar ut i august. For nokon er ferien over, andre har mange late feriedagar igjen.
På Sæbø kan ein finne ferie- og helgeroa om det er regn eller sol.

Les heile

[1 kommentar]

Kari Stokke

06.07.2012

Sommar på Sæbø

Sommar, Sommarferie, Sol, Småregn, Styrtregn, Skulebollar, Solo, Sjø, Strand, Storlaks, Solkrem, Smålaks, Skrubbsår, Sykkeltur, Spasertur, Shopping på Nilsbuda...Sæbø har mykje å by på.
Og no er vi midt inne i den tida av året då det verkeleg er triveleg å ta seg ein tur til Sæbø.

Les heile