Knut Riise
16.01.2009
Maradalen 1969
Sommaren 1969 var ein kjempesommar. Forresten den 2.på rad.
På Rise var vi inne i ei hektisk periode med gjenreisinga av dei nye tuna, så fineveret hadde vi god bruk for. Men for 40 år sia var det ikkje vanleg å arbeide på søndagane. Då var det oftast å kome seg til fjells.
Ein dag fekk eg greie på at det skulle setjast ut fisk i Maradalen.Ikkje veit eg kven som fann på det. Men eg trur det måtte vere Ola Sæbønes og Arne, bror min. Dei opererte mykje i lag den tida.
Per Blekken, Jon Frøland og eg vart med på turen. Ingen andre av oss enn Ola hadde vore i Maradalen før, men han var godt kjend etter mange jaktturar.