Bodil Skare
04.09.2017
Ei flott runde i Holedalen
I kveld vart det heile runda frå Årskostøylen, via Høgereset nedatt om Holekonevatnet og Svarthammarråsa ned til Holesetra, og Thereseråsa nedatt til Holen.
Hjørundfjordportalen » Lokalt
Bodil Skare
04.09.2017
I kveld vart det heile runda frå Årskostøylen, via Høgereset nedatt om Holekonevatnet og Svarthammarråsa ned til Holesetra, og Thereseråsa nedatt til Holen.
Bodil Skare
28.08.2017
Tre tøffe kjelle, sette kursen inni regnbyga mot Bondalsbakken.
Det bles og vart noke vått men friskt DET var det og vi var like blide.
Bodil Skare
22.08.2017
Etter ei regnfull helg vart der finevèr på måndagsturen vår.
Råsa var nok blaut somme stader men turen vart fin den.
Bodil Skare
14.08.2017
Grøthaugen viste seg frå si beste side då vi tok turen opp i dag.
Ein lettbeint og lystig flokk fekk ein triveleg tur i godt vèr.
Bodil Skare
07.08.2017
Lønndalsmannen var turmålet vårt denne måndagen.
Ein fin tur med godt oppmøte men skodda kom og tok frå oss utsikta.regn kom det også rikeleg av, som var meldt.
Likevel hadde vi ein fin tur.
Bodil Skare
31.07.2017
Etter ein dag med relativt mykje regn, letta det og vart eit perfekt turvèr.
Flaks for oss som tok turen til Bjønndalen denne måndagen.
Bodil Skare
24.07.2017
Perfekt turvèr fekk vi på den flotte runda på Bondalseidet denne måndagen.
Ein sprek gjeng vart med heile vegen.
Bodil Skare
17.07.2017
Med nysnøv i fjelltoppane og rikeleg med regn vart det kun dei mest hardføre som tok turen til Vasstøylen denne måndagen.
Sjølv om ein med fordel kunne hatt flytevest angra ein aldri på ein tur.
Bodil Skare
10.07.2017
Endelig ein måndagstur med sol og sommarvèr.
I dei flottaste ovgjevnadane du kan tenke deg, vart det ein triveleg tur til topps på Tua på Sæbøneset.
Bodil Skare
03.07.2017
Bratt og sleipt, men vi hadde ein fin tur både opp og ned. Livevel, mellom bygene var det rett fint.
Bodil Skare
26.06.2017
"Styr og orm" melde opphald frå kl 1800, men regn og våtsamt kunne dei helder meldt, på turen til Tua på Hustadneset.
Litt solglytt og ophald vart det og ein angrar aldri på ein tur.
Bodil Skare
19.06.2017
I dag var det ein av dissa aller våtaste måndagsturane, alt var vått; råsa, kleda, skona og Theo, men vi var like glade.
Bodil Skare
12.06.2017
Ein flott tur i eit variert terreng, med tur på både Årskogstøylen, Høgereset og Holekonevatnet.
Ikkje regna det og varmt var det, vi sikra oss to bingokryss.
Bodil Skare
05.06.2017
Flott turfylje opp i Olavshola denne måndagen.
Nokre dropar med regn når klokka nerma seg seks kom dettande, men det vart ikkje noke ta det heldigvis.
Bodil Skare
29.05.2017
Fin tempratur var det då ein triveleg gjeng tok turen til Gunnarråsa og vidare Åseråsa , det vart ein fin rundtur med mykje artige glimt.
Bodil Skare
22.05.2017
Lettskya og god tempratur, dette vart eit perfekt turvèr.
Thereseråsa er ein mjuk start på sesongen, og bingokryss vart det på alle som vil vere med.
Bodil Skare
08.05.2017
Denne måndagen var det Vatnebergvegen vi skulle teste, ein fin tur med mykje flott å sjå.